Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Emner - Another_Roger

Sider: [1]
1
Ordet er fritt / 2 sider om Leeds i lokalavisa Firda
« på: Desember 05, 2010, 11:09:21 »
Fekk beskjed av ein bekjent som er Leeds-supporter å informere om ein artikkel som stod i laurdagsutgåva av lokalavisa Firda. Det handla om ein 9-åring (og faren) som var ballgutt på ein Leedskamp i år. 2 heile sider med fargar blei spandert på Leeds. For spesielt interesserte kan jo dette være litt artig.



2
Ordet er fritt / Tranmere Rovers - Leeds United
« på: Februar 11, 2010, 19:37:01 »
Litt tidlig kamptråd dette her. Grunnen er at Tranmere allerede har solgt ut svingen til Leeds United. Eg såg nettopp no at fansen vil at Tranmere skal gjere fleire billettar til Leeds tilgjengelige. Tranmere trenger alle pengane dei kan få blir det sagt. Heile greia kan vel ende opp med at det blir fleire Leedsskjorter på PP enn Tranmere. Bra at begge lag har kvite drakter om ikkje anna. :)

Noke kommentarar:

LewisTRFC: "Leeds have allready sold out the cowshed, think we could give them more tickets and make abit more money maybe :/ ?"

IAMGoodison: "Give them as much as they'll pay for, we need the fookin money!"

Mungall: "If there's a way of flogging an extra 1000 seats to them, we have to do it. No chance of doing it next season....."

3
Ordet er fritt / KAMP: vs TRANMERE 22/8
« på: August 21, 2009, 18:48:07 »
Eg såg til min forskrekkelse at ingen hadde laga tråd til kampen, så difor tok eg like godt og laga ein sjølv. Kanskje litt bråkjekt på eit leedsforum, men den sjansen er eg villig til å ta!

Eg gidd ikkje skrive masse fakta og statistikk frå tidlegare møter, men i fjor vann begge lag sine heimekampar. Men dette var før Tranmere ansette John Barnes som er like naiv som ein 3-åring når det gjeld taktikk og spelestil. Angrep angrep angrep. Langs bakken, langs bakken!! Men så kastar ein et blikk på spelarstallen og ser at kvaliteten ikkje borgar for finslepen fotball ala Brasil. Kan ikkje Barnes berre få seg en jobb på ein fabrikk eller noko? Det bør i alle fall ikkje vere for vanskeleg arbeid. Helst å putte ei fjøl inn i ei maskin heile dagen.

 Tranmere kjem til å tape 90% av bortekampane i år, og morgonsdagen kamp er intet unntak. Eg gruar meg faktisk til å følgje kampen då eg veit det kjem til å bli smertefullt. Eg tørr knapt streife inn om tanken på kva Beckford kan utrette mot vårt ikkje eksisterande forsvar.

Kva føler Leedsfansen om kampen? Eg er ikkje så opptatt av historie og statistikk, så det får andre eventuelt føye til. Snakkes....

4
Ordet er fritt / Leeds-Tranmere (takk for kampen)
« på: April 19, 2009, 00:41:25 »
Eg fulgte kampen i lag med "Tobb" frå Leedsforumet. Han er ein knakandes god Leedssupporter ( det skal du tross alt ha). Gjennom heile kampen sang han med på alle Leeds sine supportersanger som strømmet ut av radioen. Dette til tross for at Leeds kanskje ikkje spelte sin beste kamp. Tranmere spelte faktisk en av sine beste bortekampar i går og kom heim med 1-3. Fotball er ***** av og til. Eg var skuffa og til dels forbanna over at Leeds scora på dei få sjansane dei hadde. Men eg var meget fornøgd med måten Tranmere spelte på, vi gjorde det bra. Leeds var dessverre beire foran kassa.

Rykker Leeds opp skal eg ikkje skrive meir på forumet, men..... Utfallet kan bli annleis. Eg trur vi kan møtast igjen før sommarferien. You gotta wonder... :)

Sider: [1]