Har irritert meg over Leeds- fansen sin "syndebukk-syndrom" i fleire år.
I år har bl.a. Wood fått mykje pepper. Fått rykte på seg å ikkje vinne noko på hovudet og ironisk jubel på stadion når han vinn duellar.
Såg kampen mot QPR i reprise i går og noterte ned involveringar i duellspelet.
Hovudduellar, vinn: 7
Hovudduellar, tap: 3
Først på duellen, men heada ballen ut av spel: 1
Hovudduellar, uavgjort: 1
Dårlege oppspel: 6
Kroppsduell, vinn: 6
Kroppsduell, tap: 4
No er dette berre frå ein kamp, men det styrka meg i det eg har sett i heile år. Han er betre i lufta enn det han får kreditt for. Han er avhengig av gode oppspel for å kunne bruke fysikkens sin, for han er for lite mobil til å skulle flytte seg raskt før duellen.
Får han sjølvtillit og betre ferdigheter i avslutningane, kan dette bli bra!