Bielsa er unik, og kva er problemet med å prøve å få med seg treningene til lag du skal møte? Slik eg forstår det var denne observatøren frå Leeds utanfor gjerdet på treningsfeltet, og det kan ikkje vera ulovleg.
Ser at fleire skriv at Andres Boas Villas gjorde det same då han var under Mourino i Chelsea. AVB seier faktisk til The Telegraph (trur eg) at han gjorde det inkognito fleire gonger. Kunne det vera på den tida Lampard spela i Chelsea?
Det hadde vore noko anna om ein hadde teke seg ulovleg inn på treningsfeltet.
Eg er ganske sikker på at det er fleire lag i UK som gjer dette, men me er Leeds ...
No blir det spennande å sjå om FA held fram med å lage eigne reglar for Leeds, eller om dei er samde med Tottenham-sjef Pochettini om at dette er heilt innafor. Fryktar det fyrste, men i så fall er det vel ei bot til Bielsa sidan han tok på seg alt ansvar. Men så var det dette med Leeds og FA då ...
Lampard var tydeleg sur under kampen i går, og smilet til Bielsa då dei takka for kampen etterpå var ubetalelig
MOT