LUSCOS Forum > Off-Topic

Dylanskulen

(1/59) > >>

Asbjørn:
I FOLKEOPPLYSNINGENS navn...

Her vil det følge et undervisningsopplegg om Bob Dylan (laget i forbindelse med at Bob'ern skulle besøke Bergen i 2001).

Og, nei, jeg har ikke laget det selv (er vel for lat...).
Opplegget er ikke 100% korrekt (skal vi si 97%), men er iallefall en tanke morsomt

BOLK I

Namnet

Det seiest at mannen eigentleg heiter
Robert Allen Zimmermann. Det er berre noko
forbanna tull. Dylan, heiter han. Bob Dylan.
Og ein uttalar det slik: Dilln. Båbb Dilln.

Om ein ikkje er fødd og oppvaksen på Austlandet då.
Der heiter han Dyllen. Endå Dailen er det nokre
som seier der. I enkelte strok (td. på Majorstova)
seier dei jamvel Dailend.

Men, elles i verda altså: Dilln.


Ungdomskule-Bob

Time is a jet plane. It moves too fast

Asbjørn:
...og for å komme i siget, kommer andre del allerede nå...





BOLK II

Mora og faren

Faren, Abraham, var kjøpmann og eldste
son til Gamle-Zimmerman som hadde utvandra
frå Georgia ein dag traktoren ikkje ville starta.

Han var altso ikkje frå Jostedalen, slik mange
vil ha det til. Abraham var kjøpmann og budde
i ein liten by i Minnesota - der det rett nok
budde mange jostedøler.

Abraham dreiv forretning der han selde
elektriske artiklar. Ein dag kom Beatty inn i
butikken hans og skulle ha ein elektrisk artikkel.
Desse to vart etter kvart mora og faren til Bob.


Abraham og Betty har hatt rollar i fleire av songane til Bob, mellom andre Highway 61 Revisited, ("God said to Abraham, kill me a son...") og Mama, you been on my mind. Ein god gut!


Huset til Beatty og Abraham



Time is a jet plane. It moves too fast

Asbjørn:

BOLK III

Elston Gunn i ungdomshuset

Bob var fødd musikalsk. Berre ei veke gamal
nynna han jødiske folkeviser. Han vaks opp mellom
miksmasterar og rabbinarar og la etter kvart av seg
nynninga og byrja å spele piano. Idolet var
Little Richard som på den tida såg berre litt yngre
ut enn han gjer i dag.

Innimellom vart han sendt ut som pengeinnkrevar
til forretninga. Det seiest at det var slik han
lærte litt om fattigdom, som han kom ein del innpå
i sine tidlegaste tekster.

Seinhaustes i 1958, då Bob var 17 år gamal, stifta
han eit band med det fantastiske namnet
Elston Gunn and the Rock Boppers.
Dei spelte til dans på ungdomshuset. Long Tall Sally
og slikt. Dei røykte og drakk Pepsi Cola til langt på natt.
Bygde-schmertz på høgt plan.


Rabbinarane likte ikkje dette. Dei likte ikkje musikken
og dei likte ikkje PepsiCola.
Ein dag sa Den Eldste: - Kom deg til helvete avgårde
med den gitaren!  Greitt, tenkte Bob. Og fór.


Bob ventar på bussen austover.



Time is a jet plane. It moves too fast

Jon R:
Er tiden moden for et eget Dylan forum snart, Asbjørn? [:)]

Jon R.

Asbjørn:
quote:Er tiden moden for et eget Dylan forum snart, Asbjørn? [:)]

[:D] ER da ingen som tvinger deg til å lese alle postene, er det det da [}:)]



BOLK IV

New York


Etter den verste påska han kunne hugse
starta han på vegen ut i verda. "Verda", sett
frå bygda i Minnesota, var som andre stader
austover.
Han stakk først innom butikken til faren og tok
med seg ein kassettspelar. Mono.
Utan Dolby.

Det var då han stod og venta på bussen at han
tenkte, - Om dette no skal verte noko av so
trur eg nok at "Bob Dylan" (kortversjonen er at
dette stammar frå den walisiske poeten Dylan
Thomas) er eit betre namn
enn "Elston Gunn".

Her skal det seiast, og det burde vel ha vore
sagt før, at den traktoren som ikkje ville starte
i bolk 1 var av litauisk fabrikat og bar namnet
"Dylan".

Det seier seg sjølv at desse er vanskelege å oppdrive i dag.


No vel. Turen til New York tok tid. Han fekk
mellom anna tid til å studere litt ved eit universitet
i Minneapolis før bussen om sider svinga ned på bryggja
i New York ein sur tysdag føremiddag i slutten av januar 1961.


Bob etter den lange
bussturen



Navigering

[0] Oversikt

[#] Neste side

Skift til full visning