5
« Nyeste innlegg av Milou på I dag kl. 05:38:34 »
Du har mange gode poeng Dennis men det er ein faktafeil i første setninga. Viss 14 klubbar stemmer for forslaget så er det ein bindande regelendring for PL.
Sjøl om eg har sympati for mange av argumenta dine, er eg ueinig i konklusjonen. Som du påpeikar har feildømming blitt betydeleg redusert etter VAR blei innført, sjøl om det fortsatt blir gjort feil, også etter VAR-gjennomgang. Det aller sterkaste argumentet for å behalde VAR er imidlertid at VAR har langt på veg gjort slutt på filming og tjuvtriks, som etter mi meining var i ferd med å øydeleggje mykje av fotballen.
VAR bør behaldast, men bør også justerast slik at kun opplagte feil blir retta. Eg vil ha slutt på at kampdommar skal bort å sjå på skjermen. Viss ikkje det er opplagt for VAR-dommar at det er gjort ein feil, så bør opprinneleg avgjersle stå utan meir sjekk.
Hadde vi forresten ikkje ein VAR-tråd der denne diskusjonen passar betre?
Sent from my SM-S906U using Tapatalk