Eg... lat oss kalle meg, Einar Ã…l, vart fan av Leeds i 1989 (eller deromkring) då eg fulgte opprykksstriden på tekst-tv, då Leeds kjempa ein innbitt kamp mot Sheffield United med fleire, og då dei lyktest i å rykke opp, for så å gjere det godt i ligaen, ikkje minst i det salige året 1991/92, var det ingen veg attende for mi skuld, eg var dømd til å verte Leeds-supportar - og eg har sidan ikkje svikta, men fulgt mitt kjære Leeds frå tv-krakken, som dømevis i semifinalane mot Valencia i champignons league, og eg minnest korleis eg kjende meg på toppen av verda, ei lukke som skulle vise seg å bli eit stort verkande sår i mitt minne, som eg knapt har hatt mot til å tenke på, etter at hovmod og økonomisk vanstyre gjorde mitt liv som supportar til eit hundeliv, som har vore særs ille, bortimot uuthaldeleg, dei siste par sesongane, med absolutte bunnpunkt i dei to håplause forsøkene på å trenge seg opp frå league one via play-off-spel, skuff på skuff har det vore, ein sanndrøymt mareritt, som nær gjentok seg i fjor i kampen mot Bristol Rovers, då Gradel etter å ha fått raudt kort sekunder etter at Leeds fekk leiarmålet annulert, og som om det ikkje var gale nok oppførte han seg som ein smørbukk ved å nekte å forlate banen og jamvel risikere å pådra ytterligare Leeds-spelarar kort ved at dei nær måtte slå han ned og bere han av banen for å få han ut, ja, då var eg på randen av samanbrot, og ærleg tala vart eg merksam på at Leeds hadde ein del felles kjenneteikn med ein barnevernsinstitusjon, kor stress fort fører til særs udisiplinert, aggressiv og lite sivilsert atferd, - eit samanbrot som vart avlyst då Leeds snudde kampen og sikra seg opprykk - til Champignon-ship, divisjon nr. 2, - ja, kven skulle tru at det skulle bli ei slik heftig lukke? - og kven skulle tru at det for tida kjennest som ein vedunderleg draum at Leeds kjempar om opprykk til Premier League? Slik er det i alle høve, og eg vonar dykk alle, som heiar på riktig lag, at det beste laget måtte vinne, og i og med at Leeds i stunda leier 3-1 mot Portsmouth samstundes som Cardiff ligg under, så kan eg ikkje anna enn å håpe på at eit hundeliv går mot slutten, i tydinga at det går mot betre tider... men ettersom det brått står 3-2 kjenner eg meg ikkje direkte overtydd, og vil med dette just konkludere at eg, høyrer til mellom dei i Noreg som heiar på Leeds! ...akk ja, så måtte det vel gå slik, 3-3, etter to sjølvmål, kor det siste kom tre minutt på overtid, og eg har ikkje anna å seie, enn at det framleis er eit hundeliv å halde med Leeds. God tysdag.