LUSCOS

LUSCOS Forum => Off-Topic => Topic started by: Per-Stian on August 30, 2008, 23:57:40

Title: Nicaragua?
Post by: Per-Stian on August 30, 2008, 23:57:40
I november reiser eg til Nicaragua og byen Chinendega i nord-vest. Vi skal også innom hovudstaden Managua og byen Leon. Eg veit ikkje meir om landet enn det som står på Wikipedia og er nyfiken. Er det nokon som har vore der nede, og har opplevingar dei ønskjer å dele med meg?
Title: Sv: Nicaragua?
Post by: Tom S on September 07, 2008, 19:52:36
Liten respons der, PS...

Er kanskje ikkje så mange som reiser via Nicaragua på vei til Mekka ?
Title: Sv: Nicaragua?
Post by: Per-Stian on September 07, 2008, 21:42:09
Tydeleg at det er få som har dreve bistandsarbeid eller studert internasjonal politikk i dette landet som ikkje har vorte omtala i norske medier sidan Ortegas forrige presidentperiode. Hadde nok sjølv aldri reist dit viss det ikkje hadde vore for fruens familietilknytning til det mellom-amerikanske landet.

Eg får støtte meg til Wikipedia og ulike reiseprogram i fjernsynet, og håpe dei gir oss naudsynt info.
Title: Sv: Nicaragua?
Post by: Per-Stian on November 04, 2008, 02:21:12
No har vi vore i Nicaragua i to dagar, og inntrykket er veldig annaleis enn det eg hadde forestilt meg foer avreise. Foerste stogg er Leon vest i landet, nord for hovudstaden Managua. Imaara gaar turen nordover til grensa mot Esteli, sidan vestover til Chinandega.
Title: Sv: Nicaragua?
Post by: Per-Stian on November 04, 2008, 02:21:44
Off-topic? Ja, veldig :D
Title: Sv: Nicaragua?
Post by: auren on November 04, 2008, 19:53:38
Quote from: Per-Stian on November 04, 2008, 02:21:12
No har vi vore i Nicaragua i to dagar, og inntrykket er veldig annaleis enn det eg hadde forestilt meg foer avreise. Foerste stogg er Leon vest i landet, nord for hovudstaden Managua. Imaara gaar turen nordover til grensa mot Esteli, sidan vestover til Chinandega.


Sikker på at du ikke mener Estil her? ;)

Fortsett med reisebrev PS. Moro å lese. Hvor lenge blir du forresten? Noen Leedsfans i bushen?

auren
Title: Sv: Nicaragua?
Post by: MrK on November 04, 2008, 20:40:20
Pass deg for Contras, ikke nevn Førde - og ta vare på deg selv!
Title: Sv: Nicaragua?
Post by: Per-Stian on November 09, 2008, 00:46:15
Tek det meste i stikkordsform:
- Varmt
- Klamt
- Utruleg billig
- Jalla og nipsete
- Lausbikkjer og gekkoar over alt
- Vakker regnskog m/broelapar som kan skremme lusa av einkvar
- Sveitte- og urinlukt
- Nydelege strender
- Doede slangar og iguanar langs vegane
- Edderkoppar store som kaffekoppar (men heilt ufarlege visstnok)

Nett komen att fraa to dagars tur til Isla de Ometepe i Nicaraguasjoen. Meget interessant og litt ekkel oppleving. Krypdyr over alt!

Og hadde forresten paa meg Leeds-troeye for to dagar sidan. Diverre ingen kommentarar, trur knapt folk veit kva (engelsk) fotball er her nede. Har dog sett FC Barca-drakter hos kjoepmannen paa hjoernet.


Title: Sv: Nicaragua?
Post by: Per-Stian on November 09, 2008, 00:50:11
Quote from: MrK on November 04, 2008, 20:40:20
Pass deg for Contras, ikke nevn Førde - og ta vare på deg selv!

Det er faktisk depertementsvalg, tilsvarande kommune- eller fylkesval, her imaara (soendag). Dei raudsvarte Sentidas (sosialdemo) leiar valdagsmaalinga, og vi er raada til aa halde oss langt unna byane etter kl. 1500 imaara. Kan lett bli valdeleg mellom dei to sterkaste partia. Allereie fleire som er blitt skadd i opptoyer. Vi roemmer ut til Stillehavskysten med nokre flasker billig cubansk rom.
Title: Sv: Nicaragua?
Post by: Per-Stian on November 19, 2008, 19:17:26
Tilbake frå Latin-Amerika. Meget imponert over Nicaragua, men så skal det også seiast at eg visste fint lite om landet før avreise. Tildels flotte bilvegar, amerikanske bussar og mat av høg og god kvalitet. Relativt få andre turistar i sjå forutan ein del amerikanske surfarar, men absolutt ein nasjon med stort potensiale.

På heimvegen, like utanfor hovudstaden Managua, fekk vi eit ublidt møte med Contras-styrkane og Sanidistane (Ortegas parti). Dei lagde vegsperringar og kasta stein og anna materiell på forbipasserande bilar og bussar, i protest mot påstått valfusk. Det var på hengande håret at vi ikkje vart truffen, og turen gjekk usedvanleg treigt. Men vi rakk flyet med minst mogleg margin.
Title: Sv: Nicaragua?
Post by: Tom S on November 19, 2008, 22:07:49
Velkomen heim att, Per Stian!

Kjekt å lese at du hadde ein fin tur.
Title: Sv: Nicaragua?
Post by: lojosang on November 20, 2008, 09:36:45
Hvordan er de forspent med Leedsfans der borte, forresten?
Title: Sv: Nicaragua?
Post by: Per-Stian on November 20, 2008, 18:49:31
Quote from: lojosang on November 20, 2008, 09:36:45
Hvordan er de forspent med Leedsfans der borte, forresten?

Fotball er ein ung idrett i Nicaragua. Baseball er tingen. Det var særs få internasjonale fotballdrakter å sjå forutan nokre få frå Barca og Real Madrid. Gav bort ei Leeds t-skjorte til donasjon før eg reiste heim. Håpar den vert kopiert på den svartne marknaden sjølv om klubben ikkje direkte vil tene noko pengar på det ;)