LUSCOS

LUSCOS Forum => Off-Topic => Topic started by: Asbjørn on October 25, 2008, 22:53:06

Title: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: Asbjørn on October 25, 2008, 22:53:06
Den gang 'kjelvi' og jeg var unge, leste vi i lokalavisa første gangen om denne sprekken i fjellet...


Då Per Ã...kernes var ung, greidde han å presse knyttneven ned i rivna i fjellet. 60 år seinare er sprekken tre-fire meter brei.
(http://www.bt.no/multimedia/archive/00480/Remna_jpg_480658a.jpg)
KLØFT: Det som ein gong var ein liten sprekk er blitt ei tre-fire meter brei kløft.

(http://www.bt.no/multimedia/archive/00480/Per-1_jpg_480657e.jpg)
PÃ... GAMLE TOMTER: Per Ã...kernes sa tidleg på 80-talet frå om utviklinga i fjellet over garden der han vaks opp. Den gongen blei han prøvd dyssa ned.

MED STØ HAND på spaken manøvrerer piloten helikopteret inn på Ørnereiret. Lett på foten hoppar 77 år gamle Per Ã...kernes ut kabindøra.

Han er tilbake på barndoms trakter. Her gjekk han etter geitene når mjølketida nærma seg. Her jakta han rype og hare, og seinare hjort då den inntok fjordlandskapet for fullt. Her slo alarm då han kom tilbake etter 30 år, og såg korleis ein liten sprekk var blitt ei kløft.

900 METER UNDER OSS ligg fjorden. Ein stad i skyene over oss strekkjer Flosteinsnibba seg 1502 meter over havet. Vi står på kanten av stupet. I dobbel forstand.

- Dei skal vite kvar dei set foten. Det er ikkje ufarleg arbeid dei driv på med, seier Per Ã...kernes. Blikket følgjer karane som på kanten av stupet driv vedlikehaldsarbeid på avansert teknisk utstyr i fjellsida. Apparat som registrerer kvart sukk frå berget det blå.

- Det var vel ikkje mindre farleg då du gjekk her som unge?

- Nei, men vi visste kvar vi skulle gå. Og vi fekk veldig klart fortalt kvar vi hadde lov å gå, og kvar det var forbode. Det er som med borna som i dag veks opp ved sterkt trafikkerte vegar, dei blir vane med det.

Han vaks opp med foreldre, 12 sysken, tante, onkel og deira fem born på Yste Ã...kerneset, ein av tre gardar ved fjorden. På det meste var dei 20 menneske på det vesle bruket.

- Vi hadde berre nokre jordlappar. Eg skjønar ikkje korleis vi greidde oss.

Det var sjølvberging. Ungane måtte ta del i arbeidet. Slik lærte dei området å kjenne. Kvar ein fiskeplass i fjorden, kvart eit sva i fjellsida, kvar ei myr på høgfjellet.

Per hugsar at dei som ungar la små heller over rivnene. Nokre år seinare var steinane vekke, dei hadde falle nedi.

- Renna har vore her alltid. Som ungar var det slik at vi kunne stikke handa nedi, kanskje knyttneven på breiaste plassane, fortel Per Ã...kernes.

PÃ... 50-TALET FLYTTA PER heimanfrå. Etter kvart blei alle bruka ved fjorden fråflytta. Det skulle gå nær 30 år før han kom tilbake til fjella der han henta geitene i barndommen. Det han då såg, kom som eit sjokk. Sprekken var enkelte stader eit par meter brei.

- Då eg såg kva som hadde skjedd, gjorde eg anskrik.

- Korleis blei det motteke?

- Det skulle dyssast ned. Grunnen var omsynet til turisttrafikken. Fleire av ordførarane i Stranda var med på det. Først då Frank Sve blei ordførar, tok kommunen det på alvor. Men framleis er det omstridd. Ein kamerat av meg seier at inne på Hellesylt er det skotpremie på meg, fordi eg sa frå, ler Per.

Ã...knesrenna tek til som ei ur øvst oppe. Grå og nakne ligg digre kampesteinar, som om eit troll av ei elv har lagt dei frå seg i yttersving. Fleire år etter at han hadde sagt frå, fungerte Per som kjentmann og tok dei første geologane inn i det rasfarlege området.

- Ura var så laus at vi kjende det var liv i ho då vi steig på steinane.

I AUST HAR TURISTFERJA frå Hellesylt lagt frå kai. Rett under oss rundar cruiseskipet M/S «Europa» neset. Begge har kurs mot Geiranger. To lystyachtar kjem andre vegen, den eine går så fort at kjølvatnet deler seg som stripene frå eit jetfly på klår himmel. Turistane på fjorden veit lite om lause fjellet over seg.

- Det er blitt mykje brattare sidan vi vaks opp her.

Vi har følgt ei smal rås nedetter. No står Per nok ein gong på ein av stadene der han kunne pressa knyttneven nedi som unge. Fleire mannshøgder nede i renna ligg ei diger helle. I mange år fungerte ho som bru.

- Vi gjekk over ho. No har ho falle nedi, slår han fast.

På 90-talet monterte kommunen eit stag på staden for å sjå om det verkeleg var rørsle i fjellet.

- Sidan har renna utvida seg 60 centimeter, fortel Per.

PÃ... KANTEN LIGG ein laus stein og vippar. Om eit døgn, kanskje ein månad, eller kan hende først om eit år sig fjellet nett millimeteren som skal til for at tyngda skal bli størst på den delen av steinen som vender mot kløfta. Så går det med denne slik det gjorde med småhellene Per og dei andre ungane på Ã...kerneset mora seg med å leggje over rivna i barneåra. Eller den store hella dei brukte til bru. Til slutt er det også berre ein liten millimeter som lagar det store raset.

- Ein gong losnar det, men når veit ingen. Og det er vel lukka? Vi får håpe det kan kome ned litt etter litt. Det geologane er mest redde for, er at eit jordskjelv kan løyse ut skredet.

- Kor mykje opptek dette folk?

- Somme er veldig interesserte, andre bryr ikkje seg. På Hellesylt meiner nokre at fjellsida aldri vil kome. Så er det og dei som seier at dei ikkje søv så godt om nettene lenger. Det er nok dei som engstar seg.

Piloten lyfter helikopteret frå Ørnereiret og ut i lause lufta, følgjer det lange såret, markert og breitt lengst oppe, så smalnar det av før det er heilt vekke i berget 500 meter lenger nede. Det er i slike stunder det er lett å skjøne at naturfenomen blei forklart med trollet.





Title: Sv: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: Asbjørn on October 25, 2008, 22:58:16

Det er ikkje eit spørsmål om denne fjellsida vil rase. Spørsmålet er når.(http://www.bt.no/multimedia/archive/00480/side_1-2_jpg_480662c.jpg)
STARTER ØVING: Måndag startar ei av dei største øvingane som har vore i landet. I tre dagar skal folket i Storfjorden trene på å berge seg frå farleg fjell.


(http://www.bt.no/multimedia/archive/00480/b_lgen_480670a.jpg)
Her vil flodbølgen treffe Hellesylt

(http://www.bt.no/multimedia/archive/00480/Ny-snitt-grafikk_jp_480655c.jpg)


På dataskjermar i Stranda vaktar dei Ã...kneset, det største rasfarlege fjellpartiet i landet. I møbelbygda på Sunnmøre byggjer dei opp eit av verdas mest avanserte system for å passe på fjell.

- VÃ...R VIKTIGASTE OPPGÃ...VE er å berge menneskeliv, seier Kjell Jogerud, leiar for Ã...knes-/Tafjordprosjektet. Fire år etter at Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) stempla Ã...kneset som høgrisikoområde, trur Jogerud dei skal greie nettopp det: Ã... berge liv.

I Stranda ligg Beredskapssenteret som skal varsle sunnmøringane og styre evakueringa når alarmen går. Senteret er lagt høgt i bygda slik at flodbølgja ikkje skal kunne ta det.

24 timar i døgnet formidlar PC-ar resultata frå utplasserte måleinstrument i dei rasfarlege områda i Ã...kneset og Hegguraksla i Tafjorden ut i det store operasjonsrommet. På mobiltelefonar kan dei fire fast tilsette lese av same resultata. Skjer det ei uføresett endring i fjellet, blir dei straks varsla.

RØRSLENE I FJELLET er konstante. Sakte, men sikkert, blir Ã...knesrenna breiare og djupare. Enkelte stader opptil ti centimeter i året, andre to-tre.

- Det er slik at du kan sjå skilnaden. Når snøen forsvinn, ser vi at nye groper er komne til, seier Lars Harald Blikra, geologen frå Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) som har granska fjellsida. Blikra blei rundt tusenårsskiftet engasjert i prosjektet som skulle kartleggje faren for store fjellskred i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Troms, dei tre mest rasutsette fylka i landet.

- Ã...kneset er i dag største ustabile fjellområdet vi kjenner i landet, seier han.

Overslaga på kor store mengder som kan gli ut, varierer. Det er rørsler på store djup, truleg godt over 100 meter nede. Tidlegare overslag om ei rasmengde på 30-40 millionar kubikk er auka til 40-60. Forskarane er også samde om at forholda i fjorden gjer at flodbølgja vil vere relativt lite påverka av storleiken på raset. Skadane vil vere mykje dei same om det kjem 30 eller 60 millionar kubikk.

I DAG TRUR EKSPERTANE at eit stort flakskred vil kome innan 300 år. Før det har gått 700 år vil heile fjellsida ha kome. Men dette er ikkje nokon eksakt vitskap. Og bak all planlegginga lurer tanken på at noko uføresett skal skje.

- Eit stort jordskjelv er spøkjelset i bakgrunnen. Skal det ha innverknad, må skjelvet ha ein styrke på kring seks, og episenter ganske nær. Då kan ting skje raskare enn vi ser føre oss i dag. Slike skjelv er svært sjeldne på våre kantar. Men vi kan aldri vere sikre, vi klarer aldri å fjerne all risiko, seier Lars Harald Blikra.

Raset er alt i gang. Men før massane losnar, vil mønsteret endre seg. Første signalet vil vere ei større opning i bakkant oppe i fjellet. Etterpå vil utglidingane akselerere. Til slutt losnar fjellet, truleg nokre månader etter at måleinstrumenta har registrert raskare endringar.

- Vi trur i alle fall vi minst vil ha nokre veker på oss, seier Kjell Jogerud.

- Kor sikker er du?

- I Ã...kneset er det slik at vi nærast kan utelukke at raset vil kome heilt uventa. Erfaringar frå skred i Sveits og Italia tilseier at det ikkje vil skje over natta. I Tafjorden er det noko annleis. Der heng blokker som kan dette ut direkte.

NGU-RAPPORTEN om tilstanden gjorde at kommunane Stranda og Norddal slo seg saman. Politisk press gav gjennomslag for statlege løyvingar, og deretter etableringa av Beredskapssenteret. I dag har Stordal, Ørskog, Sykkylven, Ã...lesund og Møre og Romsdal fylke slutta seg til.

- Liknande tiltak er sett i verk i Sveits, Italia, Canada og Japan. Vi har brukt det beste av det vi har sett ute. Eg trur vi ligg langt framme, seier Blikra.

Overvaking er ikkje einaste oppgåva for Beredskapssenteret på Stranda. Alle, frå dei største bedriftene til den enkelte husstand, må lage planar for kva dei skal gjere når alarmen går. Sjukeheimar og skular må ha reservelokale trygt for flodbølgja dit dei kan evakuere pasientar og elevar. Kvar heim bør ha planar om raset likevel skulle kome brått og uventa. Slik tenking må gjennomsyre bygdelaga.

- Vi driv samfunnsplanlegging på høgt nivå, seier prosjektleiar Jogerud.

MÃ...NDAG STARTAR den tre dagar lange øvinga «Tyr». Då skal beredskapen for varsling og evakuering i bygdene langs Storfjorden testast. Scenariet er ein situasjon der utvidinga av Ã...knesrenna skyt fart, men der det framleis er tid til å flytte. Heile 50 organisasjonar, verksemder og offentlege etatar skal ta del.

- Aldri tidlegare har så mange ulike aktørar vore med på ei øving her i landet, seier inspektør Bård Olsen i Politidirektoratet, som leiar planlegginga.


Title: Sv: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: Asbjørn on October 25, 2008, 23:05:40
Når raset går, vil flodbølgja nå denne bygda på kring fem minutt. Båra vil slå minst 30 meter opp, omtrent til der kyrkja står.

(http://www.bt.no/multimedia/archive/00480/Siste-Hellesylt_468_480660c.jpg)

(http://www.bt.no/multimedia/archive/00480/Nytt-b_lgekart_jpg_480656c.jpg)

- Det farlegaste for Hellesylt i dag er ikkje rasfaren, men at det ikkje skjer det skapte grann, seier handelsmann Svein Sporstøl.

REGNET AUSAR NED. Nysnø ligg på toppane. Skodda sleikjer fjordbotnen. Turistbussane står oppstilte. Sommarferja til Geiranger lyftar lemmen. Legg i veg på timelange turen inn fjorden.

- Det er trasig når folk kjem like frå Korea for å oppleve Geirangerfjorden, og så får ein slik dag, seier Sporstøl.

Last ned stor versjon av bildet her

DET ER EIN av dei sjeldne styggevêrsdagane vestlandssommaren 2008. Under paraplyar står hutrande turistar og fotograferer Hellesyltfossen. Dei får i alle fall oppleve han på sitt mektigaste, i skikkeleg kvit drakt.

- Det er lagt planar om å lyssetje fossen, fortel handelsmannen. - Det vil bli ein stor attraksjon.

Tsunamien frå Ã...kneset vil nå Hellesylt først, det vil gå ca. fem minutt. Til Geiranger vil flodbølgja bruke dobbelt så lang tid. Men i smale Geirangerfjorden kan tsunamien bli pressa endå høgare, opp mot 45 meter. I begge bygdene vil første bølgja nå omtrent opp til kyrkjene. Deretter vil bårene vaske fram og tilbake mellom fjellsidene, stadig mindre, til sjøen legg seg til ro etter ein times tid.

Om bølgjene når høgast inne i fjordane og bustadhus og næringsbygg på flatene i fjordbotnane blir raserte, kan skadane likevel bli størst av tsunamien som slår andre vegen. I tettare folkesette område nærare kysten kan sjølv ei bølgje på ein til to meter skape veldige materielle øydeleggingar.

DET ER EIN STILLE MORGON på Spar-butikken i sentrum av sunnmørsbygda. Svein Sporstøl har starta dagen med å ta mot nye forsyningar av varer, etterpå er det tid for kaffi og ein blås.

- Kvardagen vår er noko heilt anna enn å vere oppteken av rasfaren. Folk tenkjer ikkje på det til dagen. Dei som har gjort det, må i så fall ha flytta herifrå.

Folk utanfrå er langt meir opptekne av rasfaren. Sporstøl kjem sjølv frå Ørsta, og legg ikkje skjul på at det plagar han når sjølv folk i heimbygda lurer på kor lenge han «torer bu der inne».

- Det er nesten så dei trur fjellet står og vippar.

Ifølgje Sporstøl er uroa folk føler tufta på at rasfaren legg ein dempar på all utvikling. Storfjorden har byggjeforbod. Bygdene er strypte.

- Vi får ikkje sett i gang det vi vil, alt blir stoppa.

FRP-ORDFØRAR FRANK SVE i Stranda trugar no med å trasse byggjeforbodet som er innført på grunn av rasfaren frå Ã...kneset. Forbodet gjeld i realiteten bygging i standsonen i alle dei ti kommunane langs Storfjorden, også Ã...lesund.

- Dei samfunnsmessige konsekvensane av å seie nei til all utbygging er større enn å gje løyve til bygging, seier Sve.

Han er sterkt kritisk til at departementet ikkje har oppheva forbodet for lenge sidan, men vil likevel vente på avgjerda før han gjer alvor av trugsmåla.

Både Hellesylt og Stranda er avhengige av turisttrafikken. I begge bygdene er det lagt planar for å byggje cruisebåtkaier. I Hellesylt står det gamle hotellet til nedfalls. Flakkgruppen i Ã...lesund, som eig Devold og er store på reiseliv på Sunnmøre, vil byggje nytt. Det er snakk om investeringar på nær 100 millionar. Bygginga skulle teke til i fjor.

- Det er ei umogleg pedagogisk oppgåve å forklare at vi ikkje skal få byggje kaier og hotell når det kvar einaste dag heile sommarhalvåret ligg digre flytande hotell på fjorden, seier ordføraren.


OG I HELLESYLT SUKKAR
handelsmannen over det same:

- Vi får ikkje lov til å byggje ny kai og nytt hotell, men skulen kan liggje midt i bygda, seier Svein Sporstøl og peikar på skulebygningen på andre sida av vegen: - Forstår det den som kan.

Han er sterkt kritisk til regjeringa og Stortinget, som etter hans syn held på løyvingane til Beredskapssenteret. Først når alle beredskaps- og varslingsplanar er utarbeidde, kan det eksisterande byggjeforbodet bli oppheva.

- Vi vil bli varsla minimum ei veke før eit stort ras. Greier dei å halde det, kjem vi til å bu i verdas tryggaste fjord, seier Sporstøl.
Title: Sv: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: Sten on October 25, 2008, 23:17:19
Hva skjer Asbjørn - skal du lage ditt eget Wikipedia her på Luscos?...
Title: Sv: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: Asbjørn on October 25, 2008, 23:26:09
Quote from: Sten on October 25, 2008, 23:17:19
Hva skjer Asbjørn - skal du lage ditt eget Wikipedia her på Luscos?...

Opplysningstjenesten, Sten, opplysningstjenesten.
Er du redd for lagringskapasiteten?  :-[

Title: Sv: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: Sten on October 26, 2008, 08:56:29
Quote from: Asbjørn on October 25, 2008, 23:26:09
Quote from: Sten on October 25, 2008, 23:17:19
Hva skjer Asbjørn - skal du lage ditt eget Wikipedia her på Luscos?...

Opplysningstjenesten, Sten, opplysningstjenesten.
Er du redd for lagringskapasiteten?  :-[



Nei, stao pao... Spent på hva som blir neste..,
Title: Sv: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: kjelvi on October 26, 2008, 09:33:13
Quote from: Asbjørn on October 25, 2008, 22:53:06
Den gang 'kjelvi' og jeg var unge, leste vi i lokalavisa første gangen om denne sprekken i fjellet...

Sweet Memories...
Title: Sv: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: kjelvi on October 26, 2008, 09:39:00
"Når FLODBØLGA Kjem..." av Asbjørn P. Sve
Ein oppvekstroman frå Indre Sunnmøre.
Om den store sprekka som alltid var der - og fulgte han gjennom heile livet.
Om harde tak, lystige sumarkveldar, venskap, hybelliv og fotball.
Om den slemme, plaga naboen som til slutt endte opp som monsteret 'Ordførar Frank Sve'.
Title: Sv: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: kjelvi on October 26, 2008, 09:42:10
Quote from: Asbjørn on October 25, 2008, 23:05:40
FRP-ORDFØRAR FRANK SVE i Stranda trugar no med å trasse byggjeforbodet som er innført på grunn av rasfaren frå Ã...kneset. Forbodet gjeld i realiteten bygging i standsonen i alle dei ti kommunane langs Storfjorden, også Ã...lesund.

Måtte syndefloden berre ta Frank Sve!?
Title: Sv: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: Masinga on October 26, 2008, 11:24:57
Hva har folk i Hellesylt gjort galt? :o
Title: Sv: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: Kjell Skjerven on October 26, 2008, 11:29:20
Quote from: Sten on October 26, 2008, 08:56:29
Quote from: Asbjørn on October 25, 2008, 23:26:09
Quote from: Sten on October 25, 2008, 23:17:19
Hva skjer Asbjørn - skal du lage ditt eget Wikipedia her på Luscos?...

Opplysningstjenesten, Sten, opplysningstjenesten.
Er du redd for lagringskapasiteten?  :-[



Nei, stao pao... Spent på hva som blir neste..,

Hey,dann likte eg :)
Title: Sv: Når FLODBØLGA kommer...
Post by: lojosang on October 26, 2008, 17:34:57
Husker også litterære studeier om sprekker i puberteten, men de stod ikke trykket i noen lokalavis. De må være noe mer frilynte der oppe i Hellesylt.  8)