Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Emner - Per-Stian

Sider: [1] 2 3 4
1
Ordet er fritt / PRE-SEASON : Leeds-Newcastle 31.07.11
« på: Juli 29, 2011, 13:36:15 »
Søndag 31. juli 2011 spelar Leeds sin siste treningskamp før sesongen 2011/12 tek til.

Kampstart: 15:00 norsk tid
TV-sending: LUTV Pay-Per-View

Spelarnytt:
Davide Somma og Luciano Becchio er langtidsskadde og spelar følgeleg ikkje. Robert Snodgrass, Andy O'Brien og Ben Parker er usikre.

Alex Mendy, Boldiszar Bodor og Isaiah Osbourne er alle på prøvespel og vil bli vurdert til kampen.

Andy Lonergan og Michael Brown kan debutere for Leeds på Elland Road.

Alan Smith returnerer til Elland Road for første gong sidan 2004.

2
Ordet er fritt / nPower League 2011-12
« på: Mai 30, 2011, 13:35:56 »
I dag, mandag 30. mai 2011, vart det 24. laget i neste sesongs nPower League klart; Reading. Terminlista kjem 17. juni!

Barnsley
Birmingham
Blackpool
Brighton
Bristol City
Burnley
Cardiff
Coventry
Crystal Palace
Derby
Doncaster
Hull
Ipswich
LEEDS
Leicester
Middlesbrough
Millwall
Nottingham Forest
Peterborough
Portsmouth
Reading/Swansea
Southampton
Watford
West Ham

3
På tur til England / Restauranter i Leeds
« på: Mars 15, 2011, 12:58:24 »
"Bibis Italianissimo" og "The Living Room" bør vere godt kjend for dei fleste nordmenn som har vore i Leeds.

Men er det nokon som har erfart "Restaurant Bar & Grill", meksikanske "Las Iguanas", italienske "Zizzi" eller argentinske "Gaucho"? "TGI Friday's" er også eit godt alternativ dersom du foretrekk burger og biff i eit litt hektisk miljø. Sistnemnde er også ein bra plass å byrje byturen.

Kva er di toppliste når det gjeld restauranter i Leeds?

4
På tur til England / Påsketur til England inkl. 2 kampar
« på: Mars 14, 2011, 00:48:59 »
Lillebror og eg skal sjå Leeds-Reading og Crystal Palace-Leeds 22. og 25. april. I Leeds skal vi bu på Discovery Inn, i London like ved Victoria St.

Elland Road
John Charles Stand W
C20 - CC - Seat 162+163

Selhurst Park
Croydon Advertiser Family Stand
Block 4 - Row R - Seat 159+160

5
Off-Topic / Ferietips?
« på: Januar 05, 2011, 21:45:56 »
Kjærasten min og eg har veldig lyst til å kombinere romantiske dagar i Toscana (Italia) med strandliv i Kroatia sommaren 2011. Er det nokon som har erfaring med dette og/eller tips til:

a) korleis vi kan kome oss frå A til Ã…?
b) område/byar i Toscana som bør vitjast?
c) fine, men ikkje for turistifiserte plassar i Kroatia?
d) båt eller fly mellom Italia og Krotia?
e) feriehus i Toscana-området?
f) andre forhold vi bør tenke på?

6
Eg ser at den opprinnelege artikkelen har ført til litt debatt. Simmy har eit meget godt poeng, dersom det er sant. Sitat:

"Be careful what you wish for. The Championship will never be easier to get out of than this year. Next season will see 6 clubs with the benefit of parachute payments vying for the 3 promotion spots. This season it’s one, ‘Boro (Hull and Portsmouth are not getting the benefit of theirs).

We should go for it this season, without question."

7
Off-Topic / Vegen til EM 2012
« på: Oktober 09, 2010, 01:09:14 »
Norge tok sin tredje strake siger i gruppa og toppar fem poeng foran Portugal og seks poengs margin til Danmark. Eg klarer ikkje forklare landslagets plutselege suksess med anna enn "Drillo-effekten". Det er fantastisk artig å sjå eit landslag som har fått tilbake trua på at miraklar kan skje, og at vi går frå siger til siger. Hyll Drillo!

Drillo etter sigeren over Kypros:
- Jeg står ved det jeg har sagt, vi må antakelig avgi poeng mot Island og Kypros hjemme for å miste andreplassen. En playoff kan bli hva som helst, det er hvertfall ikke i utgangspunktet mer enn 50/50. Så det er førsteplassen som frister mest her.

8
Off-Topic / iPhone-applikasjonar
« på: Juni 25, 2010, 00:52:59 »
Har nettopp fått meg ein Apple iPhone 3GS og ønskjer å gjere meg kjent blant dei tusenvis av gode og dårlege applikasjonane. Er det nokon som har anbefalingar, eventuelt åtvaringar, å kome med? Kunne godt tenke meg ein god og variert quiz-app.


9
Off-Topic / Fotball-VM: Spelartroppar
« på: Mai 11, 2010, 16:09:04 »
Her er bruttotroppen til England:

Målstoggarar:
Joe Hart, David James, Robert Green.

Forsvar:
Leighton Baines, Jamie Carragher, Ashley Cole, Michael Dawson, Rio Ferdinand, Glen Johnson, Ledley King, John Terry, Matthew Upson, Stephen Warnock.

Midtbane:
Gareth Barry, Michael Carrick, Joe Cole, Steven Gerrard, Tom Huddlestone, Adam Johnson, Frank Lampard, Aaron Lennon, James Milner, Scott Parker, Theo Walcott, Shaun Wright-Phillips.

Angrep:
Darren Bent, Peter Crouch, Jermain Defoe, Emile Heskey, Wayne Rooney.

Av gamle Elland Road-kjenningar finn vi Ferdinand, A. Johnson, Lennon og Milner.

10
Ordet er fritt / Ønskeliste: Nye spelarar
« på: Mai 10, 2010, 20:57:21 »
Sidan moderatorane ikkje ønskjer spekulative rykter som ikkje kan dokumenterast med kjelder, så tenkte eg vi kunne opprette ein tråd der vi har lov til å drøyme om alt som kan krype og gå av fotballspelarar.

11
Off-Topic / Spotify: Del dine spelelister
« på: April 02, 2010, 15:31:01 »
Tenkte det var på tide å opprette ein tråd der vi kan dele spelelister. Det er fint med ei kort skildring eller oppramsing av artistar/band som er på spelelista.

Clyro, Band of Horses, Field Music, The Cure, Ian Brown, ELO etc:
http://open.spotify.com/user/psme63/playlist/01jBU5orvSJ3tSELp64oEP

12
Off-Topic / Tippeliga 2010-11
« på: Mars 14, 2010, 00:14:02 »
Nokon som tør å prøve seg på tabellen ved sesongslutt? Eg hoppar i det, med fare for å gjere meg til latter og såre enkelte sine klubbkjensler.

1. ROSENBORG
2. Odd
3. Molde
4. Viking
5. Lillestrøm
6. Stabæk
7. Strømsgodset
8. Aalesund
9. Brann
10. Vålerenga
11. Haugesund
12. Tromsø
13. Start
14. Sandefjord
15. Hønefoss
16. Kongsvinger

13
Ordet er fritt / PRE SEASON: Burnley - Leeds
« på: Juli 31, 2009, 13:05:58 »


Siste store testen før serien sparkar i gong.

Kamp mot BURNLEY på Turf Moor laurdag 1. august kl. 16.00 (norsk tid).

Meir info om Burnley:
http://www.burnleyfootballclub.com/page/player/Home/
http://en.wikipedia.org/wiki/Burnley_F.C.

14
På tur til England / Utelivet i Leeds
« på: April 09, 2009, 17:49:05 »
Det byrjar å bli ei stund sidan eg sist var i Leeds, så eg lurer rett og slett på om nokon kan dele sine tips om nattklubbar, pubar med meir. Eg er ingen stor fan av syreklubbar og musikk som minnar om flyalarm. Dessutan føretrekk eg minimum 50 prosent kvinneleg andel på utestaden.

Usikker på kor oppdatert denne nettsida er: http://www.leeds-uk.com/nightclubs.htm
Fleire "gamle" kjente namn i oversikten, men for alt eg veit har plassane endra namn og tema sidan sist.

15
På tur til England / Leicester - LEEDS, mandag 13. april
« på: Mars 30, 2009, 12:16:08 »
Kven skal på denne kampen? Kor skal dåkke stå [sitje]? Tog, bil eller buss? Samling før, under og etter kampen?

16
Off-Topic / Handball-VM
« på: Januar 25, 2009, 19:04:20 »
No er eg heilt sveitt. Sigerskampen mot Tyskland er noko av det mest spennande eg har sett, inkludert Hollywood-filmar og Leeds-kampar. Ege var heilt fantastisk! Semifinalehåpet lev :D

17
Spill og tipsforum / Season long: Leeds-Carlisle 10/1-09 kl. 16
« på: Januar 07, 2009, 19:32:11 »
LEEDS 2-1 Carlisle
Becchio x2

18
Off-Topic / Rikast i engelsk fotball
« på: Januar 07, 2009, 18:02:50 »
Bladet FourFourTwo har funne fram til dei rikaste klubbeigarane i engelsk fotball og spelarane med britisk pass. Listene er gjengitt på dagens VG-nett.

Rikaste klubbeigarar:
1. Mansour bin Zayed al Nahyan (Manchester City) 153 milliarder kroner
2. Lakshmi Mittal med familie (QPR) 128 mrd.
3. Roman Abramovitsj (Chelsea) 71,6 mrd.
4. Joe Lewis (Tottenham) 25,6 mrd.
5. Bernie Ecclestone med familie (QPR) 24,5 mrd.
6. Stanley Kroenke (Arsenal) 23 mrd.
7. Alisher Usmanov (Arsenal) 15,3 mrd.
8. Lord Grantchester og Moores (Everton) 12,3
8. Dermot Desmond (Celtic) 12,3 mrd.
10. Malcolm Glazer med familie (Manchester United) 11,25 mrd.
10. Lord Ashcroft (Watford) 11,25 mrd.
12. Simon Keswick (Cheltenham Town) 9,9 mrd.
13. Trevor Hemmings (Preston North End) 9,2 mrd.
14. Mike Ashley (Newcastle) 8,2 mrd.
15. Randy Lerner (Aston Villa) 7,7 mrd.
16. Tom Hicks (Liverpool) 7,2 mrd.
17. Walker-familien (Blackburn) 6,75 mrd.
18. Mohammed Al Fayed (Fulham) 6,65 mrd.
19. Sir David Murray (Glasgow Rangers) 6,14 mrd.
20. Steve Morgan (Wolverhampton) 4,1 mrd.

Rikaste spelarar:
1. David Beckham (LA Galaxy/Milan) 1,28 mrd.
2. Michael Owen (Newcastle) 409 millioner kroner
3. Wayne Rooney (Manchester United) 358 mill.
4. Rio Ferdinand (Manchester United) 286 mill.
4. Robbie Fowler (klubblaus) 286 mill.
4. Sol Campbell (Portsmouth) 286 mill.
7. Ryan Giggs (Manchester United) 235 mill.
8. Michael Ballack (Chelsea) 205 mill.
8. Frank Lampard (Chelsea) 205 mill.
10. Steven Gerrard (Liverpool) 194 mill.
11. Cristiano Ronaldo (Manchester United) 184 mill.
12. John Terry (Chelsea) 174 mill.
13. Didier Drogba (Chelsea) 153,5 mill.
14. Nicolas Anelka (Chelsea) 143 mill.
14. Damien Duff (Newcastle) 143 mill.
16. Dimitar Berbatov (Manchester United) 133 mill.
16. Ashley og Charyl Cole (Chelsea) 133 mill.
16. Fernando Torres (Liverpool) 133 mill.
19. Emile Heskey (Wigan) 123 mill.
20. Gary Neville (Manchester United) 120 mill.

Les heile saken her: http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=539573

19
Off-Topic / Tidenes beste rockestemme?
« på: Januar 04, 2009, 11:51:42 »
Musikkelskarar har i regi av Planet Rock kåra Robert Plant til innehavar av verdas beste rockestemme gjennom alle tider. Er dåkke einig i denne kåringa?

Planet Rocks Topp 20:
1. Robert Plant (Led Zeppelin)
2. Freddie Mercury (Queen)
3. Paul Rodgers (Free/Bad Company)
4. Ian Gillan (Deep Purple)
5. Roger Daltrey (The Who)
6. David Coverdale (Whitesnake)
7. Axl Rose (Guns N' Roses)
8. Bruce Dickinson (Iron Maiden)
9. Mick Jagger (The Rolling Stones)
10. Bon Scott (AC/DC)
11. David Bowie
12. Jon Bon Jovi (Bon Jovi)
13. Steven Tyler (Aerosmith)
14. Jon Anderson (Yes)
15. Bruce Springsteen
16. Joe Cocker
17. Ozzy Osbourne (Black Sabbath)
18. Bono (U2)
19. Peter Gabriel
20. James Hetfield (Metallica)

20
Off-Topic / Hareide går av som landslagssjef!
« på: Desember 08, 2008, 16:23:27 »
Pressekonferanse pågår i skrivande augneblink...

21
Off-Topic / Peppes Pizza i Førde landets beste
« på: ſeptember 24, 2008, 16:18:17 »

Leeds-fans likar seg på Peppes i Førde.

Peppes Pizza i Førde kåra til beste Peppes-restaurant i 2007

– Vi er sjølvsagt veldig glade for utmerkinga, men aller mest for at vi har lykkast med filosofien vår, seier Arild Romarheim som driv Peppes Pizza i Førde.

Best av 90
Peppes har til saman 90 avdelingar i Norge. I 2007 har Førde utmerkt seg, og kjedeeigar Umoe Catering har kåra restauranten til beste i landet dette året.

– Vi har vore i Oslo og motteke utmerkinga, og hadde også eit innlegg om korleis å lykkast på små stader, seier Romarheim.

Godt arbeidsmiljø
– Vi har ein filosofi om at vi når langt med god norsk folkeskikk og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsmiljøet er grunnmuren. Har dei tilsette det godt på jobb vil ein vidareformidle dette til kundane, og det vil gje ein naturleg og god service, seier Romarheim.

Han legg til at utmerkinga kom litt overraskande.
– Vi var klar over at vi gjer det bra og at vi har god kontroll på mange ting. At vi vart kåra som best i 2007 var likevel ei veldig positiv overrasking, seier Romarheim.

Kjelde: http://www.firda.no/nyhende/smaanytt_framside/article3805930.ece

22
Off-Topic / Nicaragua?
« på: August 30, 2008, 23:57:40 »
I november reiser eg til Nicaragua og byen Chinendega i nord-vest. Vi skal også innom hovudstaden Managua og byen Leon. Eg veit ikkje meir om landet enn det som står på Wikipedia og er nyfiken. Er det nokon som har vore der nede, og har opplevingar dei ønskjer å dele med meg?

23
Lokale Avdelinger / Finalen på Oslo Sportsbar
« på: Mai 24, 2008, 14:53:54 »
Hei, gode Leeds-vennar.
Det vart ingen Wembley-tur på meg denne gongen heller, men eg både håpar og trur at vi kan få ein super dag på Sportsbaren. Kven kjem?

24
På tur til England / Billettar til finalen på søndag
« på: Mai 20, 2008, 21:42:15 »
Verkar nesten umogleg å få tak i billettar utan å melde seg inn i Members Club. Nokon som veit korleis vi kan få billettar på andre måtar, utan å betale dyrt? Same kor vi får sitje, berre vi kjem oss innanfor stadionmurane.

25
Off-Topic / Engelsk fotball 2008 - Vinnarar, playoff og nedrykk
« på: Mai 12, 2008, 14:42:43 »
Premier League:
Mester: Manchester United
Direkte til mesterligaen: Chelsea
Til kvalifisering for mesterligaen: Arsenal og Liverpool
UEFA-cupen: Everton
Nedrykk: Derby, Birmingham, Reading

Championship:
Mester: West Bromwich
Opprykk: Stoke
Kvalifisering: Hull, Bristol City, Crystal Palace, Watford
Nedrykk: Colchester, Scunthorpe, Leicester

League One:
Mester: Swansea
Opprykk: Nottingham Forest
Kvalifisering: Doncaster, Carlisle, LEEDS, Southend.
Nedrykk: Luton, Port Vale, Gillingham, Bournemouth

League Two:
Mester: MK Dons
Opprykk: Peterborough, Hereford
Kvalifisering: Stockport, Rochdale, Darlington, Wycombe
Nedrykk: Wrexham, Mansfield

Conference:
Mester: Aldershot
Kvalifisering: Cambridge, Torquay, Exeter, Burton
Nedrykk: Droylsden, Stafford, Farsley, Altrincham.

26
Off-Topic / Riga/Jürmala, Latvia
« på: Mai 05, 2008, 14:34:35 »
Søndag 27. juli drar min kjære og eg til Latvia. Hoveddestinasjonen er kystbyen Jürmala som ligg cirka 40 minutt utanfor Riga. Men vi har framleis ikkje bestilt hotell for denne veka. Ønskjer difor tips frå dåkke...


27
Off-Topic / Drillos '98 gjenforeinast
« på: Mai 05, 2008, 14:08:58 »


Den første helga i september er det spelefri i Tippeligaen, og Norge spelar landskamp mot Island. Samstundes skal Drillos '98 spele oppvisningskamp i Jølster i Sogn & Fjordane. Jostein og Tore Andre Flo er blant stjernene som garantert stiller.

http://www.firda.no/sporten/fotball/article3518185.ece

28
Off-Topic / GOD JUL!
« på: Desember 19, 2007, 23:20:55 »
No har julestemninga sneke seg inn i huset, så då tykkjer eg det er på tide å ønskje alle LUSCOS-folk ei riktig god julefeiring. Som alltid håpar vi på ei kvit jul, i dobbel forstand :)

29
Off-Topic / Romantisk storbyferie i januar/februar
« på: Desember 17, 2007, 00:44:20 »
Madammen og eg ønskjer å dra på ein romantisk storbyferie i byrjinga av 2008. Vi har blant anna snakka om Budapest, Riga og Tallinn. Vi ønskjer å unne oss eit opphald i ein fin by med gode moglegheiter for rimeleg spa/massasje. Er det nokon som har reisetips, eventuelt erfaring som dåkke vil dele før vi bestemmer oss? Har så vidt sjekka tilboda hos Norwegian, men kva andre selskap bør vi sjekke? Vi ønskjer å dra frå Austlandet, fortrinnsvis frå Gardemoen/Sandefjord.

Pris har heilt klart stor betydning, medan vær og klima sjølvsagt ikkje står i høgsetet når vi vel å dra midtvinters.

30
Off-Topic / FØRDE i cupfinalen (igjen)!
« på: Desember 09, 2007, 19:11:41 »
Som sikkert mange har fått med seg ::), så har Førde Volleyballklubb spelt seg til cupfinalen for andre året på rad. Ein fantastisk prestasjon! Finalemotstandar vert denne gongen Kristiansund, og kampen spelast laurdag 5.januar i Oslo. Kampen er allereie på veg til å bli utseld. Forrige år vart Tromsø banka. No står Solskjær-land for tur ;)

For å følgje FVBK kan dåkke vitje heimesida: http://www.fvbk.no/

Sider: [1] 2 3 4