Main Menu
Menu

Show posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Show posts Menu

Messages - Milou

#1
3: Tanaka
2: Solomon
1: Aaronson
#2
Eg syns ikkje det er grunn til å vere så kritisk til dagens kamp. Vi skapte meir enn nok til å vinne denne kampen. Sjøl om eit hardtarbeidande Portsmouth til dels klarte å kjempe oss ut av stilen, var det klart betre kvalitet på ein del av det vi foretok oss, om enn dette ikkje gjaldt avslutningseigenskapane i dag. Trass i det meiner eg XG-statistikken gjer eit meir riktig resultat av kampen.

Eg er likevel einig i at det er viktig med eit godt resultat mot Millwall, og dette er kanskje endå meir viktig at vi leverer ein god kamp spelemessig. Eg var på Elland Road og såg kampen mot Millwall i fjor. Dette var defensivt sett ein dominerande forestilling av Leeds, men vi skapte lite utanom dei to måla vi skåra. Likevel var det ingenting som tyda på at laget skulle kollapse slik det gjorde etter den kampen, og eg gjekk frå den kampen med ein kjensle av vi sannsynlegvis kom til å rykke opp.

Om vi vinn på onsdag, vil eg ha samme tru på opprykk i år, trass i resultatet frå i dag. Det einaste som gjer ein liten grunn til bekymring er Tanaka's usedvanleg dårlege kamp i dag. Han kom inn under Ampadu sin forrige skadeperiode og skapte tryggleik på midtbanen. Vi treng dette ikkje sesongavslutninga og eg satsar på at han kjem sterkt tilbake i neste kamp.

 
#3
Quote from: stian on March 09, 2025, 14:25:42Meslier er vanskelig å forholde seg til for stopper i situasjoner som på svoringen. Skjønner godt at Rodon er forbanna, det så ut som han ventet på at Meslier skulle komme og plukke.

Fullstendig kommunikasjonssvikt, men meiner Rodon må ta denne på sin kappe. Han kan ikkje vente på Meslier når Meslier veljer å stå på strek. Meslier burde nok komme ut der, men det ser ut som Rodon kunne ha plukka den enkelt og han må forhalde seg til det valet Meslier gjer, og ikkje omvendt.
#4
Ordet er fritt / Re: MoM Leeds - Cardiff 01.02.25
February 02, 2025, 04:05:35
3: James
2: Tanaka
1: Firpo
#5
Ein god kamp av Leeds, men det vi treng no er ein målgarantist  ;)
#6
Eg syns mange Leeds-supporterar er i ferd med å bli Championship sitt svar på sutre-fansen til Man. City eller Liverpool der alt mindre enn ein 3-målsseier blir møtt med kritikk og mishagsytringar. Eg for min del hugsar tilbake for ikkje så mange år sidan der vi sannsynleg hadde tapt ein kamp mot ein ultra-påskrudd motstandar frå ein lågare divisjon, som hadde ingenting å tape mot eit litt reserve-prega Leedslag.

Kampen i går var "job well done", der Leeds gjorde jobben som var nødvendig for å gå vidare til neste runde. Det som gjorde den store forskjellen til tidlegare års cup-fadeser er at laget haldt konsentrasjonsnivået oppe kampen ut og ikkje tok for noko for gitt.

Eg ser det er krav om nye spelarar i januar og spesielt om ein ny spiss, og med tanke på at Leeds har skåra klart mest mål i årets sesong tar eg det som bevis på at våre supporterar har blitt bortskjemde meir enn at vi har problem som vi treng rette på.

Det virkar på meg som at vi har ein god og harmonisk spelargruppe. Dei fleste uavhengige analytikarar, reknar Leeds som det laget som har den beste spelarstallen og som spelar den beste fotballen i Championship, og vi ligg på tabelltopp. Slik sett kan det vanskeleg bli betre. Det er ikkje meg i mot om vi kan forsterke stallen med ein eller to kvalitetsspelarar som også passar inn i den spelargruppa vi har. Eg er likevel realistisk på at det er relativt vanskeleg å få til i dette vindauget, og eg reknar oss fortsatt som opprykksfavorittar, sjøl om det ikkje skulle komme inn forsterkingar i januar.
#7
Ordet er fritt / Re: MoM Leeds - Oxford 21.12.24
December 24, 2024, 23:35:23
3: Aaronson
2: Solomon
1: Ampadu
#8
Ordet er fritt / Re: MoM Leeds - Luton 27.11.24
November 28, 2024, 07:30:34
3: Tanaka
2: Rothwell
1: Piroe
#9
På 2-2 tenkte eg at denne kampen minna mykje om opningskampen mot Portsmouth. Leeds hadde vore det klart beste laget og dominerte kampen, om enn ikkje i like stor grad som mot Portsmouth, men Swansea var villige til å gå i angrep når dei fekk sjansen og blei belønna med to litt heldige mål. Men etter at Leeds fortent gjekk opp til 3-2 stoppa analogien til den kampen. Swansea tok over spelet og Leeds la seg i forsvar. Det var ikkje direkte ufortent at Swansea utlikna. Men tross alt fekk kampen sitt riktige utfall med Gnonto sin skåring eit minutt seinare.

Eg syns Tanaka og James var outstanding i dag, mens Solomon sjølvsagt også markerte seg med sine 2 mål. Eg syns Aaronson også var god, men gjekk kanskje litt tom på slutten. Meslier tok det han skulle og kunne ikkje lastast for måla. Midtstopparparet gjorde mykje bra, men Struijk må nok ta andre målet på si kappe og begge er på etterskot på dei to andre Swansea-måla. Bogle og Rothwall var gode, men har begge spelt betre kampar. Piroe var lite involvert og Byram la eg også lite merke til bortsett frå ein veldig fin assist .
#10
Quote from: Asbjørn on November 24, 2024, 18:58:24Hehehe, kan den skyldige stå frem? :D

Getting a call stating the manager should be sacked...after a 4-3 win to go top of the table.
17 years in broadcasting.
First time for everything I suppose! 😂
#LUFC #BBCFootball

https://x.com/jonathanbuchan/status/1860739573753455040
:) Ja, det er nok eit par her på forumet som er på lista over mistenkte  ;)
#11
Ordet er fritt / Re: MoM Swansea - Leeds 24.11.24
November 24, 2024, 18:03:49
3: Tanaka
2: James
1: Solomon
#12
Godt at Solomon rakk å skåre før han blei bytta ut.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk

#13
Quote from: Kato on November 24, 2024, 16:52:57
Quote from: Milou on November 24, 2024, 16:51:29
Quote from: Kato on November 24, 2024, 16:48:27Småguttekeeper. Elendig med beina,  og alt går inn.

Ballen endrar retning etter at den treff Bogle, så det var nok ikkje så lett som det såg ut som.

Du kan jo spasere bort til det hjørnet å hente ballen. Han kaster bort poeng der bak. Må være slutt på å forsvare en keeper som ikke er god nok i det hele tatt. Når du ikke er god med beina, og ikke redder skudd, hva i all verden skal du da gjøre i det målet. Alt går inn.
Om skotet hadde gått direkte i hjørnet hadde Meslier tatt eit steg til høgre før han kasta seg og redda enkelt. I staden kastar han seg først for å ta ballen der den i utgangspunktet er på veg mot. Når ballen forandra retning har han ingen mulegheit til å justere for han har ingen vekt på beina. Det ser unekteleg klønete ut i sakte film, men når han først har starta bevegelse er det ingen veg tilbake. Det er andre som må ta skulda for det målet. Kanskje Struijk mest av alle, som vel sel seg for enkelt der.
#14
Quote from: Kato on November 24, 2024, 16:48:27Småguttekeeper. Elendig med beina,  og alt går inn.

Ballen endrar retning etter at den treff Bogle, så det var nok ikkje så lett som det såg ut som.
#15
Quote from: GeirO on November 24, 2024, 16:09:25Var jo aldri frispark
Nei, det var det ikkje. Er redd dette blir ein sånn kamp. Det er Swansea spelaren som spring inn i Tanaka, som meir eller mindre står stille og sparkar vekk ballen først. Rett før s så spring James inn i ein Swansea spelar, og får frispark i mot.
#16


Quote from: flynn on November 09, 2024, 18:20:36Jeg får lage en børs jeg da denne gang:

Meslier 6: Gjør nøyaktig det han må. Forsvaret stoler ikke helt på han dessverre
Bogle 8: Soleklar MoM. Frisk offensiv, og får uttelling også
Rodon 6: Ikke all verdens utfordret, og klarer seg greit men heller ikke mer
Struijk 7: Tar 70% av duellene der bak, og vinner de fleste. God kamp (igjen)
Byram 6: Levde farlig etter et tidlig gult. Solid men kunne og burde scoret
Gnonto 5: Ute av form, Punktum
Rothwell 7: Den som  driver opp tempoet en gang i blant, samtidig som han sjelden gjør feil
Tanaka 6: Hans svakeste kamp hittil. Noen meget kreative pasninger, men også mye passivt
Aaronson 7: En av de bedre, igjen. Nære en kremscoring også, med det beste skuddet jeg har sett fra den kanten
Solomon 5: Skuffende. Ville trodd han viste seg fram når han fikk starte, men falt gjennom dessverre
Joseph 6: Nesten en karakter lavere, men iver og duellkraft trekker opp

James 6: Starter neste, garantert.
Piroe 7: Deilig å ha en innbytter som scorer mål. Er iskald foran kassa
Guilavogui 7: Har helt andre egenskaper enn alle de andre og kan vise seg veldig verdifull
Schmidt: Spilte ikke lenge nok, men jeg ønsket han inn med en gang Byram fikk gult. Det ville ikke Farke

flynn

Eg kan vere einig i det meste her. Enkelte justeringar som eg ville gjort:

Eg syns Rodon også fortener 7 poeng. Han og Struijk gjorde vel knapt ein feil bak der, sjøl om dei ikkje blei satt på dei store prøvene.

Guilavogui hadde vel eit veldig skummelt ballmist, og eg ville av den grunn kun gitt han 6, men eg liker også veldig godt det han forøvrig viste etter at han kom inn.

Eg er einig i at Bogle var MoM, men ville droppa "soleklar", og kanskje nøgd meg med ein sterk 7'ar. Imidlertid var han den einaste som spelte opp mot sitt toppnivå. Jamnt over gode prestasjonar, med unntak av Solomon og Gnonto som du seier, men eg meiner alle andre enn Bogle har meir inne enn det dei viste i dag.

6 til Joseph er forsåvidt riktig,  men eg syns du (og andre) er litt streng i kommentaren om han. Det er veldig vanskelege arbeidsforhold for ein einsleg spiss i ein kamp der motstandar spelar så defensivt og jobbar så pass godt som QPR gjer. Det har blitt standard å slakte spissen i slike kampar for manglande sjanseskaping. Men eg meiner skulda for dette ligg like mykje på resten av laget.

I Joseph har vi ein spiss som kan gjere jobben som førsteforsvarar tilnærma så godt som Bamford. På det området er han betre enn Piroe. Så er det lov å meine at det ikkje er tilfeldig at Piroe kjem inn og skårar på slutten i ein kamp der Joseph knapt har skapt ein sjanse. Eg meiner imidlertid at dette først og fremst skjer fordi det er blitt større rom for Piroe etter at QPR satsar med fleire spelarar i angrep for å få ein utlikning.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk

#17
3: Bogle
2: Aaronson
1: Rodon

Sent from my SM-S906U using Tapatalk

#18
Quote from: Asbjørn on November 02, 2024, 17:46:10
Quote from: auren on November 02, 2024, 17:40:5380 minutter passert. Foruten 8 min med tre mål i første omgang har det vært en relativt kjedelig affære. Har knapt skapt en sjanse i andre omgang. Ganske skuffende.

auren
Fristende å si I couldn't care less. Tre poeng det viktige, å holde nullen always nice. Kampen avgjort etter halvtimen og masse hvile for de som trenger det. Og tredebutanter... eller har Chambers/Crew fått sine serie-innhopp tidligere også sikkert..

Eg lurte på det samme. Eg trudde både Chambers og Crew kom inn på slutten av ein av dei første kampane denne sesongen, men det var kanskje berre Chambers?
#19
Off Topic: Leif skåra nettopp sitt første PL-mål. Hyggeleg får Leif, som eg alltid hadde sansen for, men kan likevel ikkje seie at eg var ueinig i at han blei solgt.
#20
3: Rodon
2: Struijk
1: Byram
#21
Eg ser det er mange innlegg som går på at dette var ein dårleg kamp og at Bristol City var eit dårleg lag som vi burde tatt 3 poeng mot. Dette er eg ikkje utan vidare einig i. Eg er einig i at det var ein lite underhaldande kamp, men når det gjeld defensiv kvalitet var dette ein godt gjennomført kamp av begge lag. Eg vil påstå at med unntak av WBA (i ein kamp der det var turbulens i Leeds-stallen), og kanskje Burnley, er det ingen lag som har hatt ein betre defensiv kamp mot oss denne sesongen. Dette var ein kamp der begge lag hadde størst fokus på å unngå å tape kampen, og dermed blir det ofte mindre underhaldande. Leeds klarte likevel å skape nok sjanser til at vi hadde fortent å vinne. 

Når det gjeld debatten rundt Farke i høve til Bielsa, så må eg først og framst seie at det vil vere eit komlpement for nær kva som helst manager å bli samanlikna med Bielsa, og eg meiner at Farke har gjort seg fortent til dette. Dei er likevel relativt ulike på mange måte og der Bielsa sitt hovudfokus var på å spele god underhaldande fotball, har Farke meir fokus på defensiv kontroll. Resultatmessig er de eine nødvendigvis ikkje betre enn det andre, men underhaldingsverdien var naturleg nok betre med Bielsa. Likevel kunne Bielsa sitt lag også spele kjedelege kampar, mens Farke har bevist at det også er muleg å spele underhaldande jamvel om første prioritet er å ha kontroll, så heilt svart/kvitt er ikkje dette.
#22
Ordet er fritt / Re: MoM Leeds - Watford 22.10.24
October 24, 2024, 06:50:00
3: Tanaka
2: Aaronson
1: Bogle
#23
3: Struijk
2: Firpo
1: Tanaka

Sent from my SM-S906U using Tapatalk

#24
Veldig fortjent seier mot eit overraskande tamt Sheffield United lag. Dei kom sannsynlegvis til Elland Road med eit 0-0 resultat som mål, men eg hadde likevel trudd at eit lag som hadde vore øverst på tabellen utan poengtrekk ville prestere noko meir enn det vi såg i dag. Vi får ta det som full kreditt til Farke og laget, som knapt gjorde ein feil. Eg syns ingen på Leeds var eksepsjonelt gode (eller dårlege), men jamnt over trygge og gode prestasjonar. Veljer å gje BB til Struijk som representant for laget som kaptein og for ein glimrande avslutning på det første målet.
#25
3: Gnonto
2: Rothwell
1: Rodon

Sent from my SM-S906U using Tapatalk

#26
Ordet er fritt / Re: MoM Norwich - Leeds 01.10.24
October 02, 2024, 07:33:36
3: Gnonto
2: Tanaka
1: Struijk
#27
Quote from: Kato on October 01, 2024, 22:55:31Tanaka 8 - Den klart beste fotballspilleren hos oss. Ingen tar fra han plassen sentralt. Selvsagt bare tull at Farke ikke har gitt han flere minutter enn han har. Skremmende svak manager. Bør være et soleklart førstevalg sentralt. 

Farke: Ble med en gang svakere av 4-4-2. Formasjonsendringen svekket oss. Som kjent ikke min favoritt i managerstolen. Ufattelig hvordan han har klart å holde Tanaka unna laget så lenge.

Kritisere Farke skal du få lov til, men dette blir for dumt. Tanaka hadde knapt ein trening med laget før Cardiff-kampen, så eg vil påstå at det nesten ville vere uansvarleg å starte han før den kampen. At han skulle starte foran Ampadu ser eg også som ganske uaktuelt, og eg ser ikkje det som sjølvsagt at han er førsteval foran Gruev. Eg er forøvrig einig med auren at han ikkje er ein slik openbaring som kato og enkelte andre meiner. Han er riktignok veldig trygg med ball og pasningsstatistikken er nok imponerande, men 90% av pasningane var kortpasningar som han skal treffe med.

Eg noterer forøvrig at ingen kritiserer Farke for ikkje å bytte tidlegare i dag. Eg er ein med deg, kato, i at formasjonsendringen sannsynlegvis var med på at vi mista initiativet meir enn spelarane, men Norwich var allereie i ferd med å spele seg  inn i kampen, så vel så viktig var det nok at dei såg seg nødt til å vere meir offensive etter Leedsmålet.

Eg syns Bamford var positiv etter han kom inn, og det blir viktig å få han i gang. Eg forstår ikkje heilt kritikken av Meslier på straffesparket. Han hadde tydelegvis bestemt seg for å stå til han såg kor skotet kom. Når det er så hardt, så er det ikkje noko enklare for ein høg keeper å kaste seg ned på det enn om det hadde vore plassert nermare stolpen. Det kan argumenterast for at han burde tatt sjansen på å velje ei side, og i så fall hadde han nok redda det skotet om han hadde valgt riktig.

Alt i alt er eg einig i dei fleste oppsummeringane av kampen. Vi spelte ikkje vår beste kamp, vi var likevel totalt sett det beste laget, men eit poeng er godkjent på ein vanskeleg bortebane. Eg er ueinig i kommentaren som sa at Norwich ikkje er noko betre enn Cardiff og Coventry. Eg reknar med at Norwich vil vere med å kjempe om playoffplass i år også, i motsetnad til desse to laga.
#28
Quote from: Kato on September 28, 2024, 18:32:15
Quote from: Milou on September 28, 2024, 18:27:52
Quote from: Kato on September 28, 2024, 17:44:42Hvor lenge skal vår fremste målscorer parkeres på benk?
Ja, det er jo viktig å finne noko å klage på. Det er ingen tvil om at Piroe er vår best avsluttar, og det er jo sjølvsagt ein viktig eigenskap å ha. Piroe framstår likevel som ein begrensa spelar, og eg ser ikkje heilt at han kan gjere samme jobben som Joseph.

Forøvrig var dette nok ein overbevisande forestilling av Leeds. Etter fullstendig dominans av Leeds i første omgang, var Coventry meir med i andre omgang og hadde mest av ballen. Dette var eit resultat av at Coventry måtte meir framover etter 2-0, og også at Leeds kanskje senka intensiteten litt. Det er nok også muleg at tapet av Ampadu svekka Leeds noko, sjøl om Tanaka knapt gjorde ein feil.

Trass i betre Coventry-spel i andre omgang hadde dei vel kun ein einaste kvalifisert målsjanse, og det var ingen tvil om at resultatet gjer eit riktig bilete av kampen. Godt å sjå at Bogle er komen i gang, og dette var hans klart beste kamp så langt.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk



Spesielt ikke den viktigste jobben, score mål.
Eg trur ikkje vi er så veldig ueinige her. Det er sjølsagt viktig å skåre mål og Piroe er den beste avsluttaren vi har (kanskje med unntak av ein Bamford i form).

Men for å bringe inn litt nyanser, så er det i moderne fotball (for å bruke den floskelen) også viktig for ein spiss å ha fleire eigenskapar. Dette viser Joseph eit eksempel på i kontringen som Piroe skåra på.

Det er også lettare å komme til målsjansar når ein kjem inn på slutten av ein kamp der vi allereie leiar, og det blir større rom fordi motstandarlaget må i angrep, slik situasjonen har vore for dei 3 måla Piroe har skåra. Piroe fekk jo nok av sjansar frå start i fjorårssesongen, og eg trur at viss du går tilbake og les dine eigne kommentarer vil sjå at det var med ganske så varierande suksess.

Men ingenting vil glede meg meir enn at Piroe får sjansen igjen og beviser at han fortener den. Farke sa jo også på pressekonferansen denne veka at Piroe kjem til å få mange kampar frå start denne sesongen. Eg meiner likevel ikkje at det er ein sjølvfølgje at han skal vere førsteval foran Joseph (som eg antar vi er einige om at han vil erstatte om han speler frå start).

Sent from my SM-S906U using Tapatalk

#29
Ordet er fritt / Re: MoM Leeds - Coventry 28.09.24
September 29, 2024, 05:36:35
3: Aaronson
2: Gnonto
1: Meslier

Sent from my SM-S906U using Tapatalk

#30
Quote from: Kato on September 28, 2024, 17:44:42Hvor lenge skal vår fremste målscorer parkeres på benk?
Ja, det er jo viktig å finne noko å klage på. Det er ingen tvil om at Piroe er vår best avsluttar, og det er jo sjølvsagt ein viktig eigenskap å ha. Piroe framstår likevel som ein begrensa spelar, og eg ser ikkje heilt at han kan gjere samme jobben som Joseph.

Forøvrig var dette nok ein overbevisande forestilling av Leeds. Etter fullstendig dominans av Leeds i første omgang, var Coventry meir med i andre omgang og hadde mest av ballen. Dette var eit resultat av at Coventry måtte meir framover etter 2-0, og også at Leeds kanskje senka intensiteten litt. Det er nok også muleg at tapet av Ampadu svekka Leeds noko, sjøl om Tanaka knapt gjorde ein feil.

Trass i betre Coventry-spel i andre omgang hadde dei vel kun ein einaste kvalifisert målsjanse, og det var ingen tvil om at resultatet gjer eit riktig bilete av kampen. Godt å sjå at Bogle er komen i gang, og dette var hans klart beste kamp så langt.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk