25
« på: Desember 10, 2006, 01:35:46 »
Dette var skralt.
Innsatsen er under ein kvar kritikk. Var det nokon som såg oppofrande løp, sugande taklingar og døsforakt i duellane? Var det ikkje det Wise skulle koma med?
Og kvifor Spelar Foxe høgreback? Han gøymde seg stort sett vekk i midtforsvaret, utan at det hjalp dei to som var der frå før. Difor måtte Derry og Douglas redda skinnet hans ved fleire høve(kan forklara noko av den manglande innsatsen deira).
Vår kjære manager ser ut til å ha engasjementet på plass. Men hvis han såg same fyrsteomgang som meg er det fullstendig uforståeleg at han ikkje byter inn Richardson og Carole. Då hadde me hatt ein høgreback som held seg på plassen sin og meir fart og uforutsigbarheit på venstrekanten. Ã… setja inn Carole på overtid er nærmast eit hån mot franskmannen.
No må folk vakna og innsjå at me ikkje er betre enn det tabellen viser. På papiret er laget meir enn godt nok til å halda seg. Fullstendig fråverande samhandling gjer likevel at det er store sjansar for at Leeds er på det tredje høgaste nivået til neste år.
Måtte det snu...
Ein tek fram whiskyen, type Macallan - elegancia, og freistar gløyma dei tre og ein halv siste timane.
Etter gjennomlesing må eg beklaga at innlegget kanskje er litt uoversikteleg. Frustrasjonen tok nok overhand.