Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Emner - Per-Stian

Sider: 1 2 3 [4]
91
Off-Topic / FØRDE I CUPFINALEN
« på: November 27, 2006, 02:54:09 »
FØRDE VBK møter Tromsø i årets cupfinalei volleyball.

Laurdag 6.januar avviklast cupfinalen i Oslo. Mine gode vennar slo igår ut Dragvoll frå Trondheim me 3-1 i sett, på heimebane. Ã…rets fantastiske sesong kronast me historias første cupfinaledeltaking for Førde-gutane.

Eg gler meg veldi t denne kampen!

92
Ordet er fritt / Nicholls' pre-season training
« på: November 19, 2006, 21:16:26 »
Wise gler seg over å ha kaptein Kevin Nicholls tilbake på treningsfeltet, men bedyrar at spelaren må gjennom eit "pre-season"-opplegg før eit comeback. Dette betyr knallhard styrke -og kondisjonstrening! Denne gongen har vi ikkje råd t å kaste han innpå laget att før han e skikkeleg restituert og fit for fight.

http://www.leedsunited.com/page/NewsroomDetail/0,,10273~930101,00.html

93
Ordet er fritt / Martin Djetou send heim
« på: November 19, 2006, 02:44:48 »
Martin Djetou klarte ikkje å imponere nok under sitt prøvespel på Thorpe Arch, så han vart send heim utan kontraktsforslag. Fytte rakkarn kor dårleg han må vere då!!! Dårlegare enn dagens forsvarsspelarar ska vel godt gjerast? Må vere 120 kg og blind!

http://www.leedsutd365.co.uk/pages/singlenewsstories/0611leedsunited/martindjetou.shtml

94
Off-Topic / Trenarane sin runddans i Tippeligaen
« på: November 17, 2006, 23:24:18 »
Avskjeden t Uwe Röslar i LSK sjokkerte meg. No ska han vere i forhandlingar me Viking. Nordlie gjekk jo som kjend andre vegen, og LSK blir hans sjette arbeidsgivar i Tippeligaen. Thodesen har også vore i møte me Viking, men signerte idag ny kontrakt me Sandefjord. Kanskje berre eit av hans "forhandlingskort"? IM Nordmark har også pløgd jorda i fleire klubbar, og vil sikkert finne seg ein ny klubb i eliteserien me tidas stunder. Rekdal og Eggen Sr har vore i Moldes søkjelys, og d har sikkert vore fleire spekulasjonar som eg ikkje veit om elle hugsar.

For meg verkar d berre som om trenarane går på resirkulasjon i TL-systemet. Kanskje klubbane kan bli einige om eit rulleringssystem for trenarane, for å jamne ut forskjellane mellom klubbane?

95
Off-Topic / Rösler og Halle sparka!!!
« på: November 13, 2006, 23:47:44 »
Fekk beskjed frå ein furten og smått sjokka LSK-supportar på skulen idag at Fjøra hadde sparka begge trenarane idag. Kva politikk e dette? Ligg d noko eg ikkje veit bakom dette? Kanskje vart sesongavslutninga dårlegare enn forventa, men fjerdeplass og plass i Royal League va vel ikkje så altfor gale???

Torgeir, vil du forklare meg?

96
Ordet er fritt / Reservar: Leeds 1-2 Stoke
« på: November 09, 2006, 04:23:04 »

97
Ordet er fritt / Beckford tilbake
« på: November 08, 2006, 17:02:33 »
Jermaine Beckford e tilbake frå sitt lånopphald i Carlisle. Vart fem kampar og eitt mål. E d for tidleg å vente at han kan kjempe om ein plass på førstelaget, spesielt no som Blake har vist prov på framgong?

Becks stiller for reservelaget idag saman me blant andre Carole, Howson, Rose og Bayly.

http://www.leedsunited.com/page/NewsroomDetail/0,,10273~924833,00.html

98
Off-Topic / Tippeliga-thriller
« på: November 06, 2006, 18:39:26 »
Vart ei utruleg spennande sisterunde i årets Tippeliga. Eg fryda meg godt over at Ham-Kam rykka ned. Ikkje fordi eg personleg hatar personane elle byen, men fordi laget framstår som kjedeleg og destruktivt. Viking og Tromsø har kanskje heller ikkje framstått som reale "publikumslag" i år heller, men både Stavanger og Tromsø har sterke tradisjonar og fortenar nesten å vere i øvste ligaen.

Odd elle Bryne... Blir nesten eitt feitt for meg. Har ingen preferansar der, men trur Odd ska vere sterkare enn Bryne i kvalikkampane.

99
Ordet er fritt / Har ein drøm om....
« på: November 06, 2006, 18:54:01 »
Al-Habsi
Kelly - Kilgallon - Pelle Nilsson - Lewis
Milner - Robbie Koren - Nicholls - Carole/Douglas
Mifsud - Cresswell

Al-Habsi slit benken i Bolton, og fortenar førstelagsfotball. Tippeligaens beste når han va i Lyn!
Pelle Nilsson ønskjar seg t utlandet. Kanskje øyrikets nye Herman Hreidarsson?
Milner spelar meir elle mindre fast, men d på eit rævva-lag. Gjer nok lurt i å kome tilbake t Leeds og vidareutvikle seg.
Koren og Mifsud e begge Bosman-spelarar. Supre spelarar me fart og teknikk.

100
Off-Topic / Barcelon 2-2 Chelsea
« på: November 01, 2006, 04:43:06 »
Overraskande grisete kamp. Mange kamuflerte styggedomar, men ingen raude kort - berre eit hav av gule. God underhaldning!

101
Off-Topic / I threw the V's to Leeds and West Ham
« på: Oktober 31, 2006, 20:41:42 »
"Like a hooligan on the football stands and I threw the V's to Leeds and West Ham. And then I ran, I ran so far away"

Dette e eitt av refrenga på Robbie Williams sin "The 80's" frå hans siste album "Rudebox". Nokon som har ei tolkning på understreka tekst?

102
Off-Topic / Solskjær
« på: Oktober 26, 2006, 03:15:25 »
Ser Crewe-Manure på SportN no. For ein avsluttar OGS e!!! Veldi fin skåring ette 25 minutt. Smithy spelar frå start, førebels anonym.

103
Off-Topic / Moro med Photoshop
« på: Oktober 25, 2006, 06:55:56 »
I anledningen tilsetjinga av Dennis Wise har eg hatt d litt moro me Photoshop. Her e nokre av manipulasjonane eg har gjort i ein fei:






104
Off-Topic / Favoritt utanlandske filmar
« på: Oktober 22, 2006, 20:29:08 »
I går såg eg den Sør-Afrikanske filmen "Tsotsi". Tankane gjekk sjølvsagt t vår kjære Lucas Radebe. I tillegg fekk eg sterke assosiasjonar t den brasilianske kritikarroste "City of God" og oppfølgaren "City of men".

Eg må innrømme at eg likar Hollywood-filmar godt, men av og til kan d vere godt å sjå ein film frå andre hjørner i verda som verkeleg har eit bodskap som e viktig og som kan diskuterast.

Eg vil derfor dele nokre av filmane som har gjeve meg spesielle, emosjonelle opplevingar. I tillegg ønskjer eg tips frå dåkke.

Tsotsi - Sør-Afrika
City of God + City of men - Brasil
Havet innanfor/Sea inside - Italia/Spania
Das Experiment - Tyskland
Innocent Voices - El Salvador
Paradise now - Palenstina
Cinema Paradiso - Italia/Frankrike/Spania



105
Off-Topic / Brann Vs. Rosenborg
« på: Oktober 23, 2006, 00:13:24 »
I påvente av betre tider me Leeds, så let eg meg engasjere av norsk fotball. Har hatt RBK som ein god nummer to sidan 1990 (same året som eg forelska meg i Leeds), og ser me stor glede fram t kveldens kamp og den vidare gull-fighten.

Eg trur d blir høg temperatur, tidvis grisete, og ein uhyre jamn kamp. Magekjensla seier dog at Brann kanskje strekk d lengste strået ikveld, men at Rosenborg vinn gullet t slutt. Synd vi ikkje får sjå Eirik "Raude" idag.

106
Ordet er fritt / Ny forsvarssjef
« på: Oktober 23, 2006, 01:21:03 »
Vi slepp som smerteleg kjent inn altfor mange baklengsmål. Mange skrik på at Butler må ut, og eg seier meg heilt einig. Kilgallon må få seg ein dugeleg makker slik at ting roar seg, og som kanskje samstundes gjer sitt t at Killa blir i klubben vår.

Korleis e tilstanden t Dominic Matteo i Blackburn? E han ute av laget pga skade elle fordi Hughsey føretrekk andre? Han spelte me hjartet utanpå Leeds-drakta og kan vere ei rimeleg og fornuftig løysing på nokre av problema våre.

Fins d andre kandidatar som e tilgjengeleg og dugande der ute som vi kan sikre oss ASAP?

107
Ordet er fritt / Nicholls på bedringens veg
« på: Oktober 22, 2006, 19:29:40 »
For andre gong i ei kort Leeds-karriere byggjer Nicholls seg opp ette skade. Han e venta tilbake i trening måndag. Vi har sårt sakna eit hardtarbeidande anker på sentral midtbane, så eg ser lyst på eit comeback frå denne sluggaren.

http://www.leedsunited.com/page/NewsroomDetail/0,,10273~915725,00.html

108
Off-Topic / Kaiser Chiefs me nytt materiale
« på: Oktober 11, 2006, 17:55:53 »
Under årets Leeds Festival fekk vi høyre fire nye songar frå d komande albumet t Kaiser Chief, som e venta i februar 2007. Dei som på linje me meg ikkje klarar å vente kan no laste ned deira nyaste singel "Sink That Ship" på nettet. I laupet av kort tid vil også to andre songar bli lekka ut på nettet.

God fornøyelse, alle KC-fans[:D]

109
På tur til England / 5-dagars tur til LEEDS og omegn
« på: August 29, 2006, 18:33:48 »
Onsdag 23. august sette kjærasten min og eg oss på flyet frå Sandefjord til Newcastle. Vi skulle unne oss ein 5-dagars tur til Leeds og Yorkshire etter ein sommar med stort sett jobbing. Dette var første gong Inger skulle få oppleve Leeds, så eg måtte leggje opp til litt anna enn berre fotball og pints. Hovudmålet for turen var difor Leeds Festival i Bramham Park, nokre miles frå Leeds mot York/Wetherby. Her opplevde vi blant andre Kaiser Chiefs på heimebane (forresten heilt spektakulært), Franz Ferdinand, Belle and Sebastian og fleire up-coming band.

For å gjere Inger kjend med ulike overnattingsalternativ budde vi først to netter på Comfort Inn, ei natt på Jury’s Inn og dei to siste nettene hos Peter Lorimer. Komforten varierte sjølvsagt mykje, men opplevinga av å sitje langt ut i dei seine nattetimane og skravle med Pete over eit ukjend antal Foster’s og Gin&tonics vegar opp for den litt skrale standarden på rommet.

Eg har vel aldri før vorte betre kjend med byen Leeds som denne gongen. Eg skulle fungere som både kjæraste, guide og poseberar på shoppingrundane, på ei og same tid. Travelt, men utruleg kjekt. Vi hadde nokre småturar til Wetherby og York også for å gjere oss kjend med nærområdet.

Søndag føremiddag vart vi henta i bil av ØBS og Helle hos Peter. Petey skulle også på kampen og kunne køyre oss, men då hadde vi allereie avtalt med dei to førstnemnde. Ved frukostbordet fortalde Petey at Bakke ikkje skulle spele kampen, men grunnen var noko vag. Om lag 35 minutt seinare rulla vi inn på ein parkeringsplass ved Hillsborough. Sidan Inger og eg ikkje har ”membership” måtte vi bestille billettar på hovudtribuna. Det vi ikkje visste på førehand var at vi hadde bestilt billettar i verste ”hooligans-land”! Maken til urokråker og motbydelege supporterar har eg aldri opplevd. Dei følgde meir med på kva Leeds-fansen føretok seg enn på kampen, og songar om tyrkarar og knivar dominerte kampen gjennom.

Vi haldt oss likevel rolege og følgde med på kampen. Kampen enda som kjend med ein 1-0 siger. Dette var faktisk første gong eg opplevde ein Leeds-siger på bortebane i ein obligatorisk kamp!

Turen vår var heilt fantastisk. Vi opplevde mykje moro og spennande på dei fem dagane i eit solrikt Yorkshire.

110
Ordet er fritt / Nicholls & Cressy trenar
« på: August 29, 2006, 17:32:46 »
Kevin Nicholls e tilbake i full trening og ska vere klar t kampen mot Wolves ette den internasjonale pausa (om to veker)! Han blir sett på som den "perfekte" makker t Derry sentralt på midten. Richard Cresswell har byrja løpetrening og e kanskje klar om tre veker.  

Me desse to tilbake friske og raske ser laget vårt straks meir slagkraftig ut. Gledar meg[:D]

111
Ordet er fritt / Spelar på veg frå Manu
« på: August 29, 2006, 17:28:28 »
Kjelder i Leeds fortalde meg at ein ung spelar frå Manu va på veg inn på lån. Kan eg ha høyrt riktig viss namnet va David Jones (?) elle noko i den dur? Midtbane-/angrepsspelar.

112
På tur til England / SheffWed - Leeds, søndag 27/8
« på: August 07, 2006, 18:25:26 »
Eg ska t Leeds denne helga (festival), men vurderar ein tur t Sheffield og kampen. Nokon som veit om eg kan kome meg dit me ein supportarbuss e.l.? Treng å kome meg raskt tilbake ette kampen!

113
Ordet er fritt / 2 VM-spelarar linka
« på: Juli 17, 2006, 17:13:50 »
T&Ts Aurtis Whitley og Australias Luke Wilkshire ska begge vere i vårt søkjelys. Ikkje akkurat storspelarar, men spesielt sistnemde kan forhåpentlegvis blomstre i Leeds. Hiddink e iallfall full av lovord om den 24-årige Bristol City spelaren.

114
Off-Topic / Leeds/Reading-festival
« på: Februar 05, 2006, 20:42:35 »
Eg lurer på om nokon her inne har opplevd denne festivalen som vert arrangert i slutten av august? Ser at festivalen tiltrekker seg mange og velrenommerte band, og eg vurderar ein lengre ferie i samband me ligastarten 2006/07.

115
Off-Topic / Smith har endeleg funne posisjonen sin
« på: Mai 21, 2005, 22:25:53 »
Sikker nokon som kjem t å reagere på denne posten, men som eg har sagt i lang tid bør Smith sakte omskolere seg t midtbanespelar. Eg meinar han manglar typisk spisseigenskapar (skåringar og målgivande), men heller burde utnytte fightereigenskapane sine på sentral midtbane:

http://www.tribalfootball.com/may/englinews3210505.html

Sider: 1 2 3 [4]