Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Emner - Milou

Sider: [1]
1
På tur til England / Billettar til heimekamp
« på: Oktober 21, 2023, 16:02:36 »
Eg vurderer å dra til Leeds på Plymouth-kampen, og skal ha med meg eit par som ikkje er Leeds supporterar. Eg slit med å forstå reglane for billettkjøp. Eg er Leeds+ medlem så eg reknar med at det skal gå greitt for meg. Men kan eg kjøpe billettar for mine "gjester", eller må dei også registrere seg som medlemmer for å kjøpe billettar?

Er det evt. ein svartebørsmarknad? Frå tidlegare erfaring trur eg ikkje det er muleg å kjøpe på stubhub og slike sider?!

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


2
På tur til England / Medlemskap i andre klubbar
« på: Januar 15, 2023, 04:38:15 »
Eg planlegg ein tur på Leedskamp i vår, og det som ser ut til å passe best blir bortekampen mot Arsenal. Eg sjekka på Arsenal sine heimesider og det ser ut til at ein må vere medlem for å få kjøpt billett, men det ser i så fall ut at det kan vere muleg å få kjøpt.

Er det nokon her som har erfaring med medlemskap i andre klubbar generelt, eller Arsenal spesielt, og om det blir sjekka mot Leeds sin medlemsliste?

Og om nokon kjenner til om eit Arsenal-medlem kan kjøpe billettar til fleire personar ville det vere interessant å vite.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


3
Off-Topic / Topp 5 TV-serier
« på: Mars 19, 2020, 01:25:45 »
Eg ser at Klich har lagt ut sine topp 5 TV serier på Leeds sine heimesider. Det er sikkert fleire enn meg som har fotballabstinens og kan trenge tips til nye serier å sjå på i desse karantenetider. Her er min liste:
1. Westworld
2. Watchmen
3. Bureau des legendes
4. Seinfeld
5. The Wire

PS! Klich sin liste finn de her:
https://www.leedsunited.com/news/team-news/26401/mateusz-klich-top5-tv

4
Off-Topic / Spice girls
« på: Oktober 04, 2018, 07:04:35 »
Eg reknar med at det er få Spice Girls fans på forumet, men litt nostalgisk er det lov å bli av dette biletet: https://ichef.bbci.co.uk/news/976/cpsprodpb/9AD6/production/_103683693_2b062726-7e00-4dd6-aef0-193585d733e4.jpg

5
På tur til England / Treningskamp mot Oxford
« på: Juli 20, 2018, 23:16:21 »
Eg skal til London i neste veke, og vurderer å dra på Oxford-kampen. Eg har hatt litt trøbbel med å få kjøpt billettar til bortekampar i Championship. Er det nokon som har erfaring med om det kan vere problem også for treningskampar?

Sent from my SM-G928T using Tapatalk


6
Ordet er fritt / Soccernomics
« på: Juli 08, 2018, 05:17:42 »
Kanskje litt off-topic, men absolutt relevant i desse transfer-tider, så eg prøver meg her så får moderator flytte innlegg om dei er ueinige. Eg starta netopp å lese Soccernomics, som er skrive av journalisten Simon Kuper (som etter min meining er ein av få gode sportsjournalister) og ein økonomiprofessor. Boka er eit resulat av ein grundig data-analyse av ulike aspekt av fotballen for å få ein vitskapentleg tilnærming (tenk fotballen's Moneyball, som også er hyppig sitert i boka, for dei som kjenner til den filmen/boka).

Eit av dei første kapitla er analyse av transfermarkanden. Konklusjonen dei har her er:
- Spelarer er generelt overprisa, og jo eldre dei er jo meir overpisa er dei (spelarer blir vurdert ut frå kva dei har prestert i fortida - ikkje kva dei kjem til å prestere)
- Den beste alder å kjøpe spelarar i er i starten av tjue-åra (yngre spelarar er ikkje fullt utvikla og det er eit lotteri om dei kjem til å slå gjennom eller ikkje)
- Dei anbefaler ikkje å la manager styre transfers - managere kjem og går og det er også større sannsyleg for feilkjøp når avgjerslen blir tatt av ein enkelt person.
- Dei har følgande eksempel på klubbar som har vore spesielt sukssessfulle på transfermarknaden:
  • Olympic Lyonnais, som gjekk frå å vere ein bakgårdsklubb til å vinne Ligue 1 seks år på rad. OL hadde ei styringsgruppe på 5/6 personar som avgjorde alle transfers. Dei kjøpte generelt ukjente spelarar og solgte raskt når dei fekk gode nok tilbod
  • Nottingham Forest under Clough. Clough hadde ein assistent (Taylor trur eg) som dei meiner har like mykje ære for suksessen som Clough. Forutan å vere eksepsjonelt god til å finne talent, var ein av triksene til Taylor å kjøpe spelarar som hadde personlege problem og dermed var underprisa. Taylor og Clough fokuserte like mykje på å få dei til å takle desse problema som å utvikle dei som fotballspelarar
  • Man U under Ferguson - I tillegg til å tilføre stabilitet, tok Ferguson normalt med sentrale spelarar på råd før han kjøpte nye spelarar


7
Ordet er fritt / Overtru?
« på: Desember 25, 2017, 05:41:11 »
Eg har ein samling med krus frå ulike stadar eg har vitja, og sentralt i denne kolleksjonen er sjølsagt ein liten avdeling Leeds-relaterte krus. Desse er flittig i bruk og spesielt på kampdag er det normalt kaffi i Leedskrus. Etter ein serie dårlege resultat i haust begynte apatien å nerme seg og før Middlesbrough kampen blei Leedskrusa ståande att i hylla (det kan til og med vere at eg drakk kaffien min frå Crystal Palace-kruset eg kjøpte på Selhust park). Etter ein god og overraskande seier mot Boro, var imidlertid optimismen attende og Leedskrusa var igjen tatt i bruk.

Vi veit alle korleis det gjekk mot Wolves, og etter det har overtrua tatt overhand og eg har sidan ikkje rørt eit einaste Leedskrus, med 5 kampar på rad utan tap som resultat. Sidan eg normalt reknar meg som ein rasjonell person, har eg eigentleg null tru på at min bruk av Leedskrus på nokon som helst måte kan ha innverknad på resultatet i ein fotballkamp. Så til neste kamp har eg planar om å ta Leedskruset fram att. Eg sit likevel med ein brøkdel av ein promille tvil att innerst inne, og veljer derfor å kjøra ein ikkje-bindande avstemning blant Leeds-fansen om dette er å gamble på Leeds sine vegne eller vitskapens triumf over overtrua.

8
På tur til England / Bortekamp mot Blackpool 21. mars
« på: Februar 28, 2015, 05:17:56 »
Eg har tenkt meg på bortekamp mot Blackpool 21. mars. Eg reiser sammen med 3 andre. Er det nokon som tilfeldigvis har billettar hjå bortefansen å selge? Eg reknar med at det er vanskeleg å få 4, så eg kan evt. kjøpe 2 og 2.

Viss ikkje dette går, er det nokon som har erfaring med å kjøpe billettar på kampdagen på stadion? Eg håper å unngå fadesen frå Bournemouth i fjor då eg blei ståande att utanfor stadion sammen med eit par andre Leedsfans fordi dei nekte å selje billettar til Leedsfans (sjøl om dei ikkje hadde noko bevis for at vi var det).


9
Ordet er fritt / London underground map
« på: Oktober 07, 2013, 21:27:35 »
Det manglar i allefall Rio Ferdinand på denne lista (nokon som kan finne fleire?):

http://www.leedsunited.com/news/article/1er6ivqcsbc1w1c5j5dg6a8zdl/title/united-legends-are-on-the-map

10
Ordet er fritt / Forsvarsspel
« på: Mars 16, 2013, 08:53:23 »
Sjekk forsvarsspelet 3:50 ut i denne videoen:
http://www.dagbladet.no/2013/03/15/sport/fotball/tippeligaen/molde/viking/26234754/

Har ein kjensle av at dette er ein type mål Leeds ville sluppe inn denne sesongen.

11
Off-Topic / Kikkertfotball
« på: Februar 07, 2008, 07:17:17 »
Kanskje ein ide for dei som meiner underhaldningsverdien i vanleg fotball er for daarleg:
http://uk.youtube.com/watch?v=Aj7f3B1VCYM

12
Off-Topic / Ny Leeds-supporter er født
« på: August 30, 2006, 11:42:24 »
Neo har nettopp pasert sin første månad. Forhåpentleg vil han ein dag følga i Eddie Lewis sine fotspor [8D].

http://adobe.kodakgallery.com/ShareLandingSignin.jsp?Uc=odqxnr9.4k8qo69x&Uy=49e671&Upost_signin=Slideshow.jsp%3Fmode%3Dfromshare&Ux=0&UV=267736969284_657279440405

Sider: [1]