Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Meldinger - Milou

Sider: [1] 2 3 ... 43
1
Ordet er fritt / Sv: MoM Leeds - Blackburn 13.04.24
« på: April 13, 2024, 19:32:02 »
3: Ampadu
2: Gruev
1: Gnonto

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


2
Det er mange faktorer som spiller inn og fører til at vi taper kampen. Imidlertid er Farke's taktikk med å ta ut alle forsvarsspillerne og sette inn offensive spillere temmelig begredelig. Det hadde vært bedre med 1 poeng enn å tape kampen.
At eit poeng er betre enn 0 kan jo ingen vere ueinig i, men det var det ikkje mange som sa etter Sunderland-kampen. Anten føler Farke seg pressa av opinionen, som i aukande grad har vore misnøgd med få og seine bytter, eller meiner han at kampen måtte vinnast for å fortsatt kjempe om direkte opprykk, og han veljer å gamble for 3 poeng.

Med fasit i hand var dette ein feil avgjersle, men eg hadde full forståing av tankegangen i det han gjorde det under kampen. Imidlertid syns eg at byttene han gjorde var merkelege. Tre av dei som blei bytta ut, Gnonto, Roberts og Gruev, var etter mi meining dei beste hjå oss i tillegg til Ampadu. Felles for desse er imidlertid at dei nyleg har vore skada, så kanskje han ville spare dei til innspurten.

Etter at Ipswich ikkje klarte å vinne sin kamp ser det ikkje heilsvart ut. Vi må nok vinne dei tre siste kampane, men i så fall rykker vi opp om Ipswich avgjer poeng i ein av sine 3 gjenverande kampar eller Leicester avgjer poeng i 2 av sine 4 kampar. Alt I alt vurderer eg vår sjanse til opprykk å vere ca 40% (20% sjanse for direkte opprykk og 20% til for opprykk via playoff), som jo ikkje er så aller verst, men ikkje så lovande som det såg ut for ein månad sidan, då eg hadde Leeds som størst favoritt til å rykke opp.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk

3
Laget minner mye om Bielsas første år. Slitasjen tok oss da, slitasjen har tatt oss nå. Daniel Farke har kjørt gutta ned i kjelleren, dessverre. Dette laget rykker som sagt ikke opp. 1 poeng hjemme mot Sunderland og Blackburn minner ingenting om Premier League.

Synes ikke vi virker fysisk kjørte. Dette er kun mentalt. Bare å se på Leicester og Ipswich. Ingen tåler presset.

auren
Du har nok mykje rett i dette, auren. Tidlegare i sesongen hadde vi nok vunne, eller i verste fall spelt uavgjort. Der vi Farke tidlegare har vore tålmodig og fokusert på kontroll, gamblar han i dag mot slutten av kampen, og det er vanskeleg å seie om dette var feil eller ikkje, i ein kamp vi kanskje måtte vinne for å vere med i kampen om direkte opprykk.

Samstundes spelar vi mot ein motstandar som har ingenting å tape, og som kjempar med nebb og klør for å sikre plassen sin, av og til med ulovlege midlar. Eg veit det er mange som ikkje liker VAR, men veljer å påstå at vi hadde rykka op om vi hadde hatt VAR i denne divisjonen også.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


4
De siste to kampene har Joseph hatt hardere mottak enn skudd. Forstår ikke helt denne nesegruse beundringem forumet har her, men jeg så jo ikke Chelsea-kampen.

Sent from my Pixel 7 using Tapatalk
Dette er ikkje så vanskeleg å forstå. Joseph er ein ung og lovande spelar, som vi ikkje har sett nok av til å forstå at han ikkje er noko betre enn dei som startar. Tidlegare var det Gelhardt som det blei ropt på når laget ikkje fungerte optimalt. Farke ser Joseph på trening kvar dag, og det er ein grunn til at han ikkje spelar meir enn det han gjer.

Dette er ikkje for å disse Joseph. Han kan fortsatt slå gjennom og bli den spelaren vi ser potensialet til, men nokon mirakelmann er han ikkje.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


5
Overmåte negativt her. Mer fart i løpet av de tre første enn sammenlagt etter 90 minutter sist.

Et par farligheter begge veier.

Vi scorer i denne kampen.
Einig med deg Dennis. Vi spelar meir direkte og med større tempo enn mot Sunderland. Vi har ikkje hatt mange store sjansar (Ampadu med den største), men Blackburn er pressa og det er små marginer som stoppar oss frå å skape meir.

Summerville har vel hatt sin dårlegaste omgang denne sesongen, men revansjerer seg forhåpentleg I andre omgang.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


6
Ordet er fritt / Sv: MoM Leeds - Hull 01.04.24
« på: April 06, 2024, 16:54:55 »
1: Firpo
2: Rutter
3: Byram

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


7
Slik kampen utarta seg var dette 1 poeng vunne meir enn 2 tapte. Watford tok oss på innsats i første omgang, og var også presise og direkte i pasningsspelet. Vi virka ukonsentrerte og ikkje heilt klare for kamp igjen etter landslagspausen. Spesielt Rutter, James, Kamara og Ampadu gjorde feil dei normalt ikkje gjer.

I andre omgang var vi ein god del betre, men vi blir for omstendelege. Noko som blir mykje betre etter byttene, då vi spelar meir direkte. Eg syns spesielt Firpo bidrog positivt til dette.

Eg ser mange kritiserer Bamford, som var veldig lite involvert. Eg såg imidlertid fleire gonger at han starta på løp utan å få ballen så dette er minst like mykje medspelarane sin feil.

Til slutt: vi har ingen grunn til å skulde på dommaren etter denne kampen. Det var riktignok situasjonar i forkant av begge Watford-måla der enkelte dommarar hadde blåst frispark, men samtidig skulle Watford hatt straffespark og det var sannsynlegvis offside i forkant av Summerville-målet. Det irriterer meg likevel at Watford stadig lagar frispark bakfrå når våre spelarar (spesielt Summerville) har kontroll på ballen, utan at det etterkvart blir gitt gult kort for det. Watford laga totalt 15 frispark mot våre 5, og det i ein kamp der dommaren lot veldig mykje gå.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


8
Dette her kan vi ikkje ha sittande på oss. Vi må opp i innsats og opp i presisjon, så skal vi kunne vinne dette. Ser mange skuldar på Cooper, men kan ikkje sjå at han har gjort så mykje gale. Eg syns heller Waliserane våre virkar ukonsentrerte, sjøl om Rodon har gjort ein mykje bra, om ein ser bort frå det siste målet.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


9
Syns Rodon skal ta den på sin kappe. Dei er to stk og Rodon dekkar høgresida.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


10
Der satt den. Summerville har prøvd det skotet ein del gonger i dei siste kampane, og lukkast endeleg.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


11
Ordet er fritt / Sv: Kamper i dag, sesongen 23/24
« på: Mars 29, 2024, 19:33:33 »
Ipswich leiar fortent etter første omgang, men Blackburn har fått to mål annullert etter tvilsame offside avgjersler. Den første ville vore eit komisk sjølvmål, men blir dømt offside i trekket før. Det ser imidlertid ut som at venstrebacken til Ipswich (Leif går eg ut frå) opphevar offside, sjølv om det ikkje er den beste vinkelen på tv-bileta.

På den andre står det ein spelar i offside som blir dømt å påverke spelet. Denne er også veldig tvilsam. Han må riktignok hoppe over ballen, men han hindrar ikkje sikten til keeper og han hindrar heller ikkje keeper å kaste seg etter ballen slik eg ser det.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


12
Ordet er fritt / Sv: Kamper i dag, sesongen 23/24
« på: Mars 29, 2024, 15:46:31 »
Eg såg andre omgang av Leicester kampen, og det var total dominans av Leicester i storr delar av omgangen. Vardi var bl.a. åleine med keeper to gonger. Andre gang fekk han ballen frå ein mislukka tilbakepasning av ein Bristol City spelar, og hadde eit hav av tid til å sette ballen i mål.

Men Leicester har ein spelestil som gjer at det vil bli rom for motstandaren å skape sjanser. Bristol City skal ha honnør for ar dei ikkje la seg i forsvar, og prøvde å angripe når dei fekk sjansen. Og sjøl om Leicester stoppa dei fleste forsøka tidleg lukkast dei med eit godt skot frå 16-meteren ca. 15 minutt før full tid. Etter det gjekk lufta litt ut av Leicester-ballongen, og Bristol City fortsatte å angripe og blei også snytt for eit soleklart straffespark.

Eg vil fortsatt påstå at Leicester har det beste laget i Championship, men det butter tydeleg i mot for tida, så slik det ser ut no, ville eg satse pengar på at dei ikkje kjem blant dei to første.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


13
Ordet er fritt / Sv: Under 18's
« på: Mars 23, 2024, 16:10:10 »
Harvey, ja. Eg lurte på kvifor dei kalla han Harvey når det står Harry på kampskjemaet. Eg tenkte kanskje det var eit kallenamn for å skille han frå H Gray, men det er nok ein Liverpoolfunksjonær som har høyrt feil.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


14
Ordet er fritt / Sv: Kamper i dag, sesongen 23/24
« på: Mars 18, 2024, 15:07:50 »
Leicester tapte 4-2 for Chelsea i kvarten i FA-cupen.
Fikk en mann utvist på 2-2  etter 73 minutter, og fikk to imot på overtid. Det siste helt på tampen.
Så nå er det bare serien som gjelder for dem også.
Blir spennende uker fremover.
Skal sies at Leicester hadde momentumet før det røde kortet.
Tror de hadde vunnet kampen med elleve mann på banen. De stod høyt og turde å spille sitt spill mot et godt premier league-lag. Det lyktes de også med.
Revene tar nok med seg selvtillit fra stamford bridge

Spørs om de ikke tar med seg at det blei ett nytt tap, og at nå « må» de ikke tape på nytt. Leeds og Ipswich har satt ett realt press på dem. Top of the table  ;)

Enig, kan aldri tro at å tape en kamp, selv mot bedre lag, kan virke positivt.

Sent fra min LE2113 via Tapatalk
Tja, eg tenkjer det at å vinne eller tape ein slik kamp har minimalt å seie for mentalitet og sjølvtillit for resten av sesongen. Det ser ikkje ut til å påverke Leeds i nokon grad. Langt viktigare trur eg nok at eit å unngå eit tøffare kampprogram og det å kunne halde fokuset unna ein evt cupfinale vil vere.

Så i forhold til ligainnspurten vil eg påstå at det er hovudsakleg positivt for Leicester å vere ute av cupen, og så kan ein jo diskutere om ein seier i cupen (uansett kor lite sannsynleg det ville vere) ville vere verdt å utsetje opprykket.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


15
Ordet er fritt / Sv: MoM Leeds - Millwall 17.03.24
« på: Mars 17, 2024, 23:52:49 »
3: Ampadu
2: Firpo
1: Summerville

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


16
Ordet er fritt / Sv: Under 18's
« på: Mars 16, 2024, 16:21:07 »


Eg har nettopp sett Liverpool-Leeds U18. Må seie at eg var veldig imponert av Leeds-gutta som dominerte stort og vann 3-1. Det var ein veldig god lagseier og det var godt pasningsspel over heile linja. Det var ingen som briljerte stort, men forsvaret med keeper og Cresswell/Lopata-White var solide og dei to Harry'ene, Gray og Vincent utmerka seg med gode detaljar. Eg prata litt med Vincent sin far, som var

Sent from my SM-S906U using Tapatalk

Herlig rapportert. Ser ut som du blei avbrutt midt i skrivingen så eg venter spent på fortsettelsen.

Her er start-elleveren, slik den er rapportert av LUFC Youth
#𝐋𝐔𝐅𝐂 𝐔𝐧𝐝𝐞𝐫-𝟏𝟖𝐬 𝐒𝐭𝐚𝐫𝐭𝐢𝐧𝐠 𝐗𝐈 @LFC:

Grainger (GK), Dudley, Lopata-White, Cresswell, Billett, Pickles, Chadwick (C), Cotcher, Vincent, McDonald, Gray

𝐁𝐞𝐧𝐜𝐡: Kenyon (GK), Matykiewicz, Simo, Lane, Brown

𝐅𝐮𝐥𝐥 𝐓𝐢𝐦𝐞: Liverpool U18s 1-3 #LUFC U18s

️ Own Goal (6’)
️ Harvey Vincent (28’)
️ Mason Cotcher (45’)

Brilliant performance & result, lads!

#LUFCU18s | #U18PL
https://x.com/leedsutdacademy/status/1768970923544047733?s=61&t=KF6bDF_lP8ZP8GAlg2t4VQ

Lane kom inn ved pause og Brown kom også inn i løpet av andre omgang og var begge friske. Cotcher er forøvrig på prøvespel frå Sunderland i følge Vincent sr.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


17
Ordet er fritt / Sv: Under 18's
« på: Mars 16, 2024, 15:43:22 »
Eg har nettopp sett Liverpool-Leeds U18. Må seie at eg var veldig imponert av Leeds-gutta som dominerte stort og vann 3-1. Det var ein veldig god lagseier og det var godt pasningsspel over heile linja. Det var ingen som briljerte stort, men forsvaret med keeper og Cresswell/Lopata-White var solide og dei to Harry'ene, Gray og Vincent utmerka seg med gode detaljar. Eg prata litt med Vincent sin far, som var godt nøgd med at Harry spelte sin første kamp etter 6 månader ute med skade.

Eg såg forresten kampen sammen min bror og fetter som er Liverpool-supporterar. Dei var høgt oppe før kampen, men kom rakst ned på jorda og måtte innrømme at Leeds framstod som eit mykje betre lag.

(Edit etter litt trøbbel med data-forbindelse)

Sent from my SM-S906U using Tapatalk

18
Jo, dette var så absolutt eit ran av Leeds. Greitt nok at statistikken viser ganske jamne tal til slutt, men vi ble i regelrett utspelt i første halvdel av 2. omgang. Annuleringa av målet til Leicester er klart feil og i tillegg har dei to (såkalte) 100% sjansar som dei på uforklarleg vis klare å sette utanfor.

Eg har store tvil om at vi hadde komme tilbake frå 2-0 under. Men Farke sa vel tidlegare i sesongen at marginane stort sett hadde gått mot oss i starten av sesongen og at det kom til å jamne seg ut etterkvart. I dag fekk vi bevis på dette og både ball og dommaravgjerdsler var i vår favør.

Eg trur (som andre) at Bamford var viktig i å snu dette. Han er ikkje veldig mykje involvert, men utan å ha studert det så nøye virkar det som bevegelsene hans er med på å skape usikkerheit i forsvaret til Leicester.

Elles så er eg litt forundra over å sjå at Meslier er i ferd med å bli ein hakkekylling i kamptrådene og klarar ikkje heilt å forstå kva han har gjort for å fortene det (bortsett frå å ha ein relativt dårleg sesong i fjor). I dag hadde han ein viktig redning i andre omgang og han hadde elles ein ok kamp, utan at det var blant hans beste. Det at han ofte held lenge på ballen meiner eg er ein bevisst taktikk for å lokke motstandarane fram for å skape rom til å spele seg ut. Langpasningane er ikkje alltid presise, men eg kan ikkje sjå at han gjer det mykje dårlegare enn andre keeperar.

Til slutt ein liten kuriositet: det virka for meg som at nesten alt spelet i denne kampen (spesielt i første omgang) foregjekk på vår høgreside og Leicester si venstreside. Om dette var ein bevisst taktikk (fordi managerane antok at det var på den sida forsvaret var svakast) er eg usikker på. Imidlertid meiner eg at det er grunnen til at Firpo og Summerville var lite involvert. Summerville bytta side ein periode etter pause og kom meir inn i kampen, og etter byttene blei det meir spel på vår venstreside også.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


19
Ordet er fritt / Sv: MoM Leeds - Leicester 23.02.24
« på: Februar 24, 2024, 06:57:13 »
3: Kamara
2: Ampadu
1: Rutter

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


20
Friling maser om at det ikke var offside fordi Rutter var sist borti ballen, men det gjelder vel bare når ballen spilles tilbake aktivt?

Sent fra min LE2113 via Tapatalk
Heilt klart feilaktig offside. Han var ikkje offside då Leicester-spelaren spelte ballen og kan heller ikkje bli dømt offside sjøl om han står offside når ballen treff Rutter.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


21
Usedvanleg mykje slurv i forsvaret og det er ikkje uventa at Leicester til slutt utnytta dette.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


22
Eg ser uavgjort som mest sannsynleg her, fordi det er eit resultat som begge lag lever godt med. Etter tap i forrige kamp, er dette blitt ein kamp Leicester bør unngå å tape. Manageren prøver nok å redusere presset med sine utalelser, men om dei taper er det kun 6 poeng ned til Leeds og kanskje også Ipswich. Og då er leiinga som tidlegare  tilsynelatande var umogeleg å ta igjen, brått innan rekkevidde for dei tre laga som jaktar bak, spesielt med den formen Leeds viser.

Leicester vil fortsatt vere storfavorittar til å rykke opp, men det vil nok gje ein liten knekk i sjølvtilliten å tape to på rad, og det aukar sannsynlegheiten får at det kan skjere seg for dei. Eg trur faktisk presset er mindre for Leeds sin del i denne kampen. Sjøl med tap, er vi fortsatt med for fullt i kampen om direkte opprykk, trass i at då vil nok sjansen for å nå att Leicester vere lik null. Uavgjort er eit OK resultat, og med seier vil vi forsterka favorittstempelet for direkte opprykk.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


23
Ordet er fritt / Sv: MoM Plymouth - Leeds 17/2 2024
« på: Februar 17, 2024, 15:31:52 »
3: Ampadu
2: Meslier
1: Kamara

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


24
Eg vil faktisk tru at om Leeds og Southampton  vinn resten av sine kampar og spelar innbyrdes uavgjort, så rykker begge opp foran Leicester.

Spøk til side, så har utan tvil momentum på Leeds si side og eg tippar stemninga er mest positiv i Leeds-leiren for tida. Det er sjølvsagt langt igjen, og no vil Leeds ha ekstra press ved å vere favoritt, så vi skal ikkje skyte bjørnen før skinnet er solgt.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


25
Ordet er fritt / Sv: MoM Swansea - Leeds 13/2 2024
« på: Februar 14, 2024, 03:18:35 »
3: Summerville
2: Gnonto
1: Meslier

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


26
For å summere opp artikkelen til Phil Hay, så dreier det seg ikkje om vi skal ha eit akademi eller ikkje, og heller ikkje så mykje om eit akademi i seg sjøl er verdt å satse på. Det som er poenget til Phil Hay er at med Radrizzani, kom det ein ny tilnærming til driften av akademiet.

Tidlegare bestod akademiet stort sett av lokale spelarar som hadde gått gradene frå yngre aldersklasser, mens med Radrizzani (og Orta går eg ut frå) blei det i større grad satsa på å kjøpe relativt eldre talentar frå andre klubbar for å vidareutvikle dei.

Fleire av desse innkjøpte akademispelarane blei sendt på dør i januarvindauget, og Phil Hay meiner at dette (samtidgis som at, Gray, det aller største talentet i Leeds, har gått den tradisjonelle akademi-vegen) viser at  strategien til Radrizzani var feilslått. Eg er ikkje overbevist om dette, og meiner iallefall at Phil Hay kunne ha underbygd dette med å setje opp eit rekneskap som viser dette i klartekst. Det er naturleg at kun ein liten prosent av akademispelarane slår gjennom på topp seniornivå (anten dei er kjøpt inn eller eigenutvikla), men eit par suksesshistorier (som Summerville og Meslier) vil meir enn dekke inn dei mange som ikkje slår igjennom i samme grad.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


27
Viktig tema fra Phil Hay her.
Er det verdt pengene å kjøpe academy-talent fra andre klubber, slik Leeds har gjort i en del sesonger nå? (les Meslier, Struijk, Summerville, Gelhardt, Greenwood etc osv...). Utvilsomt med noen suksesshistorier men kanskje i altfor liten grad... Leeds kjøpte Pirie i sommer og Perkins sommeren før men ellers har man vært mer beskjeden på innkjøpsfronten i det siste. Er det en tilbaketrekning på strategien?

https://theathletic.com/5251613/2024/02/06/leeds-emerging-talent-strategy/


The theory was that time in Leeds’ under-21s and on the fringes of the senior side would bring a good number up to a level where they were genuine, regular first-team assets — but this year’s winter transfer window saw a clutch of those signings moved on without leaving much of a mark behind them.

Kan ikke skjønne annet enn at det er riktig og verdt å investere i academy spillere.
De fleste kjøp til akademiet kommer aldri gjennom nåløyet og etablerer seg på A-lage. Ikke unormalt for det nåløyet er voldsomt trangt. Likevel syntes jeg Leeds har fått mer enn normalt gjennom.Sies vel at ca 1 av 100 akademi spillere snitt klarer det. Mye lenger mellom de virkelige stjernene. Er neste Gray? Vi har også Joseph + Jack Clarke som kom fra akademiet.
Syntes det er solid jeg!

Greenwood, Leif, Drameh, Hjelde feks datt ut igjen, men alle har nok fortsatt potensiale til å nå PL spill om de er heldige

Kan ikke skjønne annet enn at et bra akademi er noe annet enn veldig positivt.
Eg er heilt einig i dette Eriksen, og eg syns dette var uvanleg slett handverk frå Phil Hay si side. Eg vil anta at verdien på Meslier, Struijk og Summerville åleine vil meir enn dekke det som er gjort av spelarkjøp til akademiet dei siste 10-15 åra. I tillegg har vi spelarar som Gelhardt, Perkins og Joseph som ikkje kan ha tapt mykje i verdi ( og når det gjeld Joseph kan han for mangedoble verdien).

Eg hugsar frå boka Soccernomics at det er svært vanskeleg å vurdere verdien på spelarar under 20 år, fordi dei er fortsatt under utvikling og det er ingen god korrelasjon mellom kor god ein 18 åring er samanlikna med jamnaldrande og kor god han er 10 år seinare. Kjøper ein nok talentfulle unge spelarar, er det derimot sannsynleg at nokre få av dei vil slå gjennom på seniornivå og eg syns Leeds kan vere godt nøgd med resultatet på den fronten.

Det som eg er mest kritisk til med den godaste Hay sin artikkel, er at det ville ikkje vere så veldig vanskeleg å setje opp eit omtrentleg rekneskap som underbyggjer påstanden om at Leeds sin akademisatsing dei siste åra har vore dårleg butikk, men det har han altså ikkje tatt seg tid til.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


28
Ordet er fritt / Sv: MoM Leeds - Rotherham 10/2 - 2024
« på: Februar 10, 2024, 19:59:16 »
3: Summerville
2: Rodon
1: Gray

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


29
For et lag vi har!!
Har ikke vært så gøy å se på Leeds-kamper siden tidlig 2000-tallet

Øh. Var vel noen små artige stunder under Bielsa også(?)

Deg om det. Det var uten tvil underholdende å se på men visste aldri om man kom til å vinne 4-0 eller tape 5-4.

Jeg foretrekker denne spillestilen, og disse spillerne.
Ser ut som kontoen til Johnnyj har blitt tatt over av eit troll.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


30
Vi ledar 1-0 og har dominert fullstendig I første omgang mot divisjonens dårlegaste lag . Samstundes ser begge våre argaste konkurrentar om andre plass ut til å avgje poeng.

Dette luktar tap lang veg...

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


Sider: [1] 2 3 ... 43