Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Meldinger - Milou

Sider: 1 ... 3 4 [5] 6 7 ... 43
121
Ordet er fritt / Sv: MoM Leeds - Sheffield Wednesday 2/9 - 2023
« på: September 02, 2023, 18:20:12 »
3: Ampadu
2: Shackleton
1: Gnonto

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


122
Årets svakaste kamp, og etter ein skuffande førsteomgang var andre omgang endå verre. Den defensive tryggleiken vi hadde i første var ikkje der lenger i andre og det er Sheffield Wednesday som var nermast sigeren.

Riktignok blei snytt for eit klart straffe, men vi kan ikkje skulde på dommaren for dette er ein kamp vi burde ha vunne ganske greitt.

Eg har likevel ikkje gitt opp trua på Farke-prosjektet. Det er mange nye spelarar og det tar tid å få dei samspelte. Spence virka lovande og redda poenget med sin første ballberøring. Shackleton bør ha gjort venstreback plassen til sin for overskodeleg framtid.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


123
Skuffande førsteomgang, men god kontroll defensivt i det minste. Enkelte bra tendenser framover, menn vi må sette meir fart på ballen.

Ampadu best av våre, og Shackleton har også vore (overraskande) god.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


124
Ordet er fritt / Sv: Rykter: Spillere inn og spillere ut, del 26
« på: September 01, 2023, 23:51:38 »


Virker som vi for enkelte har gått fra å være en opprykkskandidat og med det beste angrepet i divisjonen til nå et av de dårligste i ligaen fordi en spiller kanskje forsvinner i kveld.  En spiller som er veldig god på sitt beste, men som har spilt under halvparten av kampene siden han kom til oss i juli i fjor.  Resterende tid har han tilbrakt sammen med flere andre på skadebenken.

Trist hvis vi ikke får beholde ham, han må jo ønske seg bort selv.  Vi tjener tydeligvis ikke noe særlig på dette utlånet bortsett fra sparte lønnsutgifter, selv om vi ikke vet alt ennå. 
Uansett utfall gleder nå jeg meg til kampen i morgen og kampene videre i sesongen. Samtidig hvordan de som er igjen til slutt, både nye og gamle spillere vil fungere sammen etter hvert og hva Farke får ut av dem.

Forsvinner han ikke i kveld kan det jo godt hende Saudi snapper ham i neste uke slik som Asbjørn hintet til tidligere.  :-\

Veldig bra innlegg. Kor mange klubbar er der som er avhengig av ein enkelt spelar? Suksessrike klubbar er generelt klubbar som blir drive fornuftig og langsiktig og er generelt ikkje avhengig av enkeltpersonar. Eg vil seie vi er i trøbbel viss Sinisterra skulle vere så viktig som det påstås her.

Farke og teamet virkar å ha starta eit solid prosjekt og om vi skulle miste Sinisterra ville ikkje det endre mykje på min vurdering av det.

"Hanging in the balance" blir det sagt på Sky sports deadline day show no. Det blir også nemnt at det kan bli aktuelt å bruke ein to timar forlenging, som visstnok er muleg dersom visse vilkår er oppfylt før midnattsfristen.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


125
Eg har sett kampen i opptak og syns det var ein godt gjennomført kamp av Leeds og ein fortent seier. Første halvdel av første omgang dominerer Leeds sjøl om Ipswich har enkelte farlege overgangar og skårer først på ein av dei, litt mot spelet's gang. Det luktar litt offside, men det er ikkje muleg å sjå frå LUTV bildene.

Å gå opp i 3-1 leiing så tidleg var kanskje godt betalt, men ikkje direkte ufortent, sjøl om Ipswich-forsvaret var ganske horribelt ved nokre anledninga. Etter 3-1 målet kjem Ipswich meir med i kampen. Det er kanskje naturleg at Leeds tar foten litt av gasspedalen etter 3 mål på rappen, men skaden til Byram, som eg syns var veldig god dei minuttane han spelte, var også ein viktig faktor til at Ipswich fekk meir av spelet. Sjøl om dei på ingen måte var overlegne var det ikkje direkte ufortent at dei reduserte.

Eg syns forøvrig ikkje Drameh var så katastrofal som enkelte vil ha det til. Han er tydeleg ikkje heilt kampklar, men har også ein del gode involveringar. Tilbakepasninga var ikkje god, men ikkje verre enn at Rodon/Meslier må ta hovudansvaret for det målet.

I andre omgang virkar det for meg at det er ein taktisk endring av Leeds å leggje seg djupare for å hindre Ipswich sine overgangar. Dermed får Ipswich også ha ballen mykje meir, utan at dei skaper så veldig mykje. Det er Leeds som skapar dei største sjansane og får fortent 4-2 målet som vinn kampen.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


126
Ordet er fritt / Sv: MoM Ipswich - Leeds 26/8 - 2023
« på: August 27, 2023, 07:50:03 »
3: Sinisterra
2: Gnonto
1: Struijk

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


127
Ordet er fritt / Sv: Spiller: Wilfried Gnonto
« på: August 27, 2023, 05:19:10 »
Det er jo bare plastikk-supportere som antagelig aldri kommer til å forstå seg på kultur, lojalitet og klubbfølelse som kommer til å tilgi Gnonto etter en brukbar kamp!

Dersom du aldri har gjort en eneste feil i din tid her blant oss dødelige, er det bare å gratulere. Det finnes en tid for å tilgi dumme feil, og nå er det tiden for å hjelpe Gnonto videre i hans karriere kommet.

Han trenger støtte nå, ikke å bli kastet under bussen som du ønsker.

Han har kastet seg sjøl under bussen!

Ja, det kan du godt si, men vi har alle gjort dumme feil, spesielt i ungdomstida. Og her har han nok hatt veldig god hjelp av hjelpesløse agenter. En landslagsplass for Italia har sikkert også vært i tankene hans.

Synes holdningen din vitner om lite forståelse for hans situasjon. Ja, han har dummet seg ut, men det har vi alle gjort.

Det blir for dumt "å hogge hodet" av han nå, som tydeligvis er det du ønsker. Ser du ikke hva han tilfører laget?

Gnonto hadde en ok kamp i dag, ikkje noe mer enn det. Eg liker lojale spillere!
Eg ser at mange krev lojalitet frå Gnonto og andre Leeds-spelarar. Uansett kor mykje ein skulle ønskje dette, er det berre å innsjå at dette tilhøyrer ein "svunnen tid".

Dei som krev lojalitet bør også tenkje på at om vi ser bort frå Archie Gray består laget av ein gjeng svikefulle forrædarar.  Dei har alle forråda sine tidlegare klubbar; dei aller fleste opp til fleire gonger. Så kva ventar det av ein slik gjeng med slike svikefulle sjeler? At dei kjem til Leeds og brått innser sin tidlegare villfarelse og at dei innset at dei endeleg har møtt sin skjebne og derfor må bli karrieren ut? Eller at Leeds er Guds utvalde klubb, og at det er OK å vere illojal mot alle andre klubbar, berre ikkje Leeds?

Tida med at spelarar veks opp i ein klubb og held seg lojale til den klubbe karrieren ut, er forbi, og samme kor mykje ein ønskjer seg tilbake dit kjem det ikkje til å skje. Spelarar søkjer seg til klubbar der dei kan maximere inntekt og sportsleg vekst (og ulike spelarar vektlegg dei to parametrane i ulik grad, men i det store og heile er det dette som bestemmer kor dei ønskjer å spele).

Det er naturleg for Gnonto å ønskje seg bort. Han er eit stort talent som vil kunne utvikle seg meir i PL (og sjølvsagt vil han også tene meir der også). Han er nok ikkje så reint lite irritert på agentane sine som ikkje sørga for ein release clause på samme måte som stort sett resten av laget frå i fjor. Samtidig kan vi vel ikkje seie at han skuldar Leeds så mykje. I løpet av mindre enn eit år har han hatt fire managerar, og minst halvparten av dei virkar å ikke ha verdsett han i særleg grad.

Dette rettferdig gjer likevel ikkje oppførselen hans i det siste. Han har lov å ønskje seg bort, men har likevel ein kontrakt og må forhalde seg til den. Dette virkar det som han no har innsett, og viss han fortsatt er her når vindauget lukkar, og ønskjer å gjere sitt beste for klubben, så bør supporterane tilgje han for feilen har gjort og støtte han på samme måte som resten av laget. Noko anna vil ramme Leeds like mykje som det vil ramme Gnonto.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


128
Skrudde av lyden etter Rutter-målet, då kommentatorane feira målet omlag samstundes med at eg såg Rutter motta ballen. Kjem til å sende klage og be å få refundert kostnaden og oppfordrar alle andre til å gjere det samme. Kvaliteten på produktet samsvarar på langt nær prisen.

Forøvrig er det mykje rufsete forsvarsspel på begge lag, men hakket verre på Ispiwch, som Bielsa ville sagt, heldigvis.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


129
Ordet er fritt / Sv: Rykter: Spillere inn og spillere ut, del 26
« på: August 20, 2023, 18:52:14 »
Sikkert gode spillere alle de, auren, men hva er sjansen for at 49ers henter så mange til slike summer nå kontra å etterkomme Farkes ønsker tidligere?


Jeg forventer faktisk at det handles i denne størrelsesorden.

Det er helt i tråd med 49ers E sitt uttalte om å være aggressive i markedet.
Det er NÅ det skal satses mot nytt opprykk, en trenger ikke legge listen på 1/3 av de £39m en kan gå på tap over en treårsperiode.

Kjøpesum teller ikke på FFP-regnskapet lenger. Kjøpesum blir en økt gjeld til eier (hvis klubben ikke har cash).

Nå er det lønnsutgifter /inntekter som gjelder. Lønnsutgift må være under 70% av lønn. Hvert år. Samme som UEFA-regler. Vi kan glemme dette med maks tap på 39 mill.

FFP-puslespillet avhenger av hva nye spillerne krever i lønn , og hvilke høytlønte som forvinner (omsetningen til Leeds er vel budsjettert av ledelsen nå).

49ers sitter med et regneark og simulerer når vi er innenfor FFP når spillere kommer og går.

Dette ble utfallet:
"present, clubs in the second tier have a £39million threshold for losses over a three-year period. Exceeding this limit comes with punishments, including possible points deductions. Now, a report by the Telegraph claims that this method will be replaced by cost controls similar to Uefa's new plan to keep expenditure within 70 per cent of revenue."
Av inntekter som du nok mente.  :)
Og så bør vi også understreke "claims" og "will be replaced".

Sent from my SM-S906U using Tapatalk

Dette er trådt i kraft etter januar 2023.

https://www.sussexexpress.co.uk/sport/football/all-you-need-to-know-about-scmp-which-leagues-does-it-cover-is-it-similar-to-financial-fair-play-what-is-the-punishment-for-breaching-it-3975342
I den artikkelen du refererer til står det "While Championship clubs have adhered to FFP rules since the 2014/15 season, League One and Two clubs must comply with SCMP rules."

Eg seier ikkje nødvendigvis at du ikkje har rett, men det er ikkje underbygd i dei artiklane du refererer til.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


130
Ordet er fritt / Sv: Ex-spiller: Tyler Adams
« på: August 20, 2023, 18:24:27 »
Gjør et halvhjertet forsøk på å si takk for seg til Leeds-fansen, men sier i samme intervju at han er "excited" for å komme til en "amazing" klubb som .... Bournemouth.

Good grief.
Det var får då vere måte på surmuling (og då tenkjer eg ikkje spesielt på dette innlegget). Sjølvsagt seier han at han er excited og at Bmouth er amazing. Einkvar spelar med litt PR-trening ville sagt det samme (og Tyler Adams er veldig god på den biten).

Eg meiner at Tyler Adams var vår beste spelar i fjor, og vil påstå at vi ikkje hadde rykka ned om han ikkje hadde blitt skada. Forsvaret vårt rakna fullstendig etter at han forsvann. Eg er ikkje einig i at Ampadu er ein betre spelar enn Adams, men kan sjå at Ampadu er betre på enkelte område.

Eg veljer å takke Tyler Adams for innsatsen. Han ga alltid alt sitt beste og han gjorde det stort sett alltid med eit smil om ein munnen. Ein fin spelartype som vi kunne trenge meir av både i Leeds og fotballen forøvrig. Lukke til i karrieren, Tyler Adams.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


131
Ordet er fritt / Sv: Rykter: Spillere inn og spillere ut, del 26
« på: August 20, 2023, 06:32:26 »
Sikkert gode spillere alle de, auren, men hva er sjansen for at 49ers henter så mange til slike summer nå kontra å etterkomme Farkes ønsker tidligere?


Jeg forventer faktisk at det handles i denne størrelsesorden.

Det er helt i tråd med 49ers E sitt uttalte om å være aggressive i markedet.
Det er NÅ det skal satses mot nytt opprykk, en trenger ikke legge listen på 1/3 av de £39m en kan gå på tap over en treårsperiode.

Kjøpesum teller ikke på FFP-regnskapet lenger. Kjøpesum blir en økt gjeld til eier (hvis klubben ikke har cash).

Nå er det lønnsutgifter /inntekter som gjelder. Lønnsutgift må være under 70% av lønn. Hvert år. Samme som UEFA-regler. Vi kan glemme dette med maks tap på 39 mill.

FFP-puslespillet avhenger av hva nye spillerne krever i lønn , og hvilke høytlønte som forvinner (omsetningen til Leeds er vel budsjettert av ledelsen nå).

49ers sitter med et regneark og simulerer når vi er innenfor FFP når spillere kommer og går.

Dette ble utfallet:
"present, clubs in the second tier have a £39million threshold for losses over a three-year period. Exceeding this limit comes with punishments, including possible points deductions. Now, a report by the Telegraph claims that this method will be replaced by cost controls similar to Uefa's new plan to keep expenditure within 70 per cent of revenue."
Av inntekter som du nok mente.  :)
Og så bør vi også understreke "claims" og "will be replaced".

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


132
Ordet er fritt / Sv: MoM Leeds - West Bromwich Albion 18/8 - 2023
« på: August 19, 2023, 02:07:54 »
3: James
2: Shackleton
1: Struijk

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


133
Synes dette var kjempebra ! Tatt i betraktning den krevende situasjon laget står i, inkl medspillere som streiker, så står laget opp og fighter. Elland Rd tok også tak ikveld hørtes det som, dette er imine øyne helt ok. Håper der er spillere som vil komme å bidra, her er det potensiale. Bra gutta !!!
Godt å sjå at det er fleire som klarer å sjå at glaset er halvfullt. Leeds var klart best i dag og poenget som WBA fekk var eit ran, med god hjelp av dommartrioen. Tar vi forfatninga stallen er i med i betraktning, så er det eit lovande jobb av Farke så langt. Han har til og med fått i gang James og Shackleton, som eg begge hadde langt på veg avskrive etter Birminghamkampen.

For å ta med ein negativ vinkling, så slit vi med å omsetje spel til sjansar og mål. Men eg anbefaler å ha litt is i magen for eg overbevist om at vi både får inn forsterkningar dei neste vekene og at Farke klarer å vidareutvikle dei spelarane vi har.

Forøvrig, virkar det som eg er åleine i å sjå potensialet til Rutter, men mistenker at mange ser seg blinde på prisen vi betalte. Eg ser i glimt kva kvalitetar han har, som i flikken til Gelhardt før målet og då han drog seg fri før skotet på slutten. I tillegg jobba han godt som førsteforsvarar spesielt i første omgang, då han sammen med Shackleton bidrog til å stoppe WBA i oppbyggingsfasen.



Sent from my SM-S906U using Tapatalk


134
Ordet er fritt / Sv: Rykter: Spillere inn og spillere ut, del 26
« på: August 17, 2023, 20:44:22 »
Det er jo ikke alt som har skjedd samtidig, men nå tegner det seg virkelig et mønster av uprofesjonalitet rundt kontrakter i klubben:

- Vi må betale 0,5 mrd for JKA fordi det ikke er spesifisert en dato for utløp av en låneavtale
- Vi risikerer å tømme stallen for spillere ved nedrykk pga låneklausulene
- Vi risikerer å miste viktig tid i transfervinduet fordi vilkårene for låneklausulene ikke er tilstrekkelig spesifisert. Det kan være at det er Bournemouth som roter, men her skal det jo ikke være rom for tvil

Hva er dette her for forretningsdrift?? Fellesnevneren er i alle fall at vi skaper skyhøy risiko for oss selv, og det er jo det kontraktene skal sørge for å unngå! Nå skal ikke jeg gnåle mer om Kinnear, men dette er utvilsomt øverste administrative leders ansvar. Det må jo tære på tilliten fra styret dette, noe annet er utenkelig.
Når det gjeld JKA, så var det jo ein veldig spesiell situasjon, og om eg forstod det riktig så var det både spesifisert ein dato (1. juli) og "etter sesongslutt". I 99% av tilfellene er jo dette rett fram, men her var altså sesongslutt etter 1. juli og Leeds prøvde seg med ein spansk ein (bokstaveleg talt) ved å forholda seg til 1. juli. Viss ein les kontrakten etter bokstaven, så hadde også Leeds ein relativt god sak, men her såg altså FIFA og ankedomstolen på kva som var intensjonen bak kontrakten og der var det liten tvil.

Når det gjeld nedrykksklausul, er eg einig i at det bør vere rett fram og det antar eg også at det er. Om det er Bournemouth,  Leeds eller ryktemakarane som roter er vanskeleg å vite utan noko meir konkret, men eg held ein knapp på dei sistnemnde.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


135
Ordet er fritt / Sv: Eiere av Leeds United: 49'ers Enterprises
« på: August 14, 2023, 21:36:47 »
Eg har ikkje hatt tid til å lese alle innleggene her, men vil peike på ein misforståing som eg har sett her og i andre sammenhenger. Det virkar som mange trur at vi kunne hatt bruk for den cash vi kunne fått ved å selje spelarane. Så vidt eg har forstått, er ikkje cash eit problem,  men FFP er det. 49ers har etter sigande nok cash å investere,  men er begrensa av FFP - noko som låneavalene altså er meint å hjelpe på.

Iren som Dennis refererer til meiner - sannsynleg riktig - at FFP treng vi ikkje forhalde oss til om vi rykker opp innan 3 år. Dette virkar for meg som ein dumdristig strategi som er mykje meir lik Risdale-satsinga enn utlånsavtalene. Utlånsavtalene er sannsynlegvis ein fornuftig økonomisk strategi, men det sportslege elementet ser ut til å ha blitt oversett (og sannsynlegvis forsterka av den lange forseinkinga i overtakelsesprossessen). Det begynner kanskje å bli på tide å kommentere dette frå klubben, men muleg at dei vil vente til overgangsvindauget er lukka for å ikkje visa korta sine til alle andre.

Forøvrig meiner eg å ha lese at utlånsklausulen kun gjeld for eit år, og eg antar planen er å kunne selje dei fleste på det tidspunktet om vi ikkje er tilbake i PL.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


136
Ordet er fritt / Sv: Rykter: Spillere inn og spillere ut, del 26
« på: August 12, 2023, 20:36:38 »
Takk for det, Dennis. Det er ingen tvil om at Gnonto sin oppførsel er skadeleg for laget, men også for han sjøl og sin marknadsverdi. Eg ser det derfor som meir utenkjeleg at Gnonto blir solgt i dette vindauget for det han eigentleg burde vere verdt før dette oppstyret (som eg meiner bør vere £25+ millioner), enn å sjå han tilbake i Leedsdrakt.

Viss det skulle vere slik at fansen skulle sette ein stoppar for ein slik retur (slik det tyder på at enkelte på forumet meiner) ville det også vere skadeleg for klubben. Slike situasjonar oppstår nok relativt ofte, og det var jo f.ex. ein liknande situasjon med Harry Kane (som riktignok oppførte seg meir diplomatisk) for nokre år sidan. Både han og klubben klarte imidlertid å leggje det bak seg relativt raskt til beste for både klubb og Kane. Eg ser eit liknande utfall for Gnonto som det mest realistiske positive utfall vi kan håpe på.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


137
Ordet er fritt / Sv: MoM Birmingham - Leeds 12/8 2023
« på: August 12, 2023, 19:02:30 »
3: Ampadu
2: Struijk
1: Cresswell

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


138
Meslier 6 - Klarerte litt i hytt og pine, en redning. På straffen, hjalp lite.
Ayling 5 - Som vanlig trøbbel defensivt, utrygt sammen med Cresswell
Cresswell 6 - Sterk i lufta, svært begrenset langs bakken.
Struijk 6,5 - Holder for så vidt fortet der bak.
Byram 6,5 - Endel rot, men også litt driv fremover.
Ampadu 7 - Er den eneste fotballspilleren utpå der.
Gray 6 - Et par stygge balltap, men også rolig og bra med ball.
Poveda 3 - En skygge i 90 min, ingenting i den rollen å gjøre. Burde vært revet av etter 60.
Shackleton 4 - Null og niks fra den siden offensivt. Burde vært revet av i pausen.
Gelhardt 4 - Ingenting å bidra med, shipp ut på lån. Stagnert totalt. Bør det siste han spiller spiss hos oss.
James 5 - Taper kampen for oss, enkelt og greit. Løper mye, null end product. Forferdelige dødballer.
Rutter 5 - 400 millioner, for en vits.

Når Farke ikke bytter ut den firerbanden der fremme, så må det være folk med slalomsko som sitter på benken.

Om noen er i tvil, det er bare å glemme opprykk. Ikke handler vi, ikke får vi solgt, ikke har vi gode nok spillere i det hele tatt.
Eg er langt på veg einig i dette, men syns du er litt snill med Ayling og tildels Byram og Gray. Og så er du litt streng med Meslier og Rutter ( ikkje nødvendigvis med karkaterene, men med kommentarene). Gelhardt hadde heller ikkje mykje å jobbe med så litt tidleg å shippe han ut allereie.

Når det gjeld Rutter, er det på tide å gløyme kor mykje han kosta, og å fokusere på det han faktisk er: Ein lovande unggut med stort potensiale som han foreløpig kun har fått vist glimtvis. Men han har heller ikkje hatt noko særleg sjanse å få vise seg fram, så også i dag.

På bakgrunn av det som blei vist i dag, er det kun Ampadu, Meslier, Struijk og Cresswell (i den rekkefølgje) som bør vere aktuelle for ein startellever utover i sesongen. Gray, Byram og (spesielt) Poveda skuffa noko i dag, men har vist i tidlegare kampar at dei har noko å levere.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


139
Ordet er fritt / Sv: Rykter: Spillere inn og spillere ut, del 26
« på: August 12, 2023, 18:31:48 »
Å bruke "hat" var ein feil-/overfortolking frå mi side og eg innrømmer at dette var eit feil ordval. Men det blir snakka om at å aldri kunne tilgi, aldri kunne spele for Leeds og å la han spele for U21 i 4 år. Det er ingen måte å behandle ein ung gut som har gjort ein feil. Slik stoda er no, reknar eg det som mest sannsynleg at Gnonto fortsatt er i Leeds når vindauget lukkar og at han forstår at han har gjort noko dumt, beklagar og så jobbar for å restarte karrieren. I så fall, bør laget og fansen vise litt storsinn og ønskje han tilbake i folden.

Bruken av holocaust og Utøya var på ingen måte eit forsøk på å samanlikne alvorlegheiten i situasjonen, men eit eksempel på kor alvorleg det bør vere før ein begynner å snakke om å aldri kunne tilgi. Eg kan sjå at eg i mitt forsøk på å stoppe at ordbruken i debatten eskalerer utover alle proporsjonar, sjøl kan ha bidratt til dette. I så fall var mitt innlegg eit bidrag i motsett retning av det eg prøvde å få fram, og eg tar sjølvkritikk på det.

Til slutt så kan vi kanskje vere einige i  at Gnonto sin oppførsel er uakseptabel og at klubben sin handtering så lang har vore riktig. Eg håpar at vi også kan vere einige i at om vi ikkje skulle kunne selje han til ein "riktig" pris, så vil det beste utfallet vere at han beklager sin oppførsel og er tilbake i konkurransen om eit plass på laget. Så vil det vere opp til Farke å vurdere om han har motivasjon og innstilling som skal til for å spele for Leeds.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


140
Dette var vel omlag så bra vi kunne vente med det laget vi stiller, og vi kan vere sånn passe fornøgd om vi held 0-0 til slutt. Leeds har forsåvidt vore det beste laget, men Birmingham har vore nærmast å lage ein sjanse.

Det er vel kun Ampadu som har vore på det nivået vi må vere på for å kjempe I toppen av divisjonen. Cresswell og Struijk har vore gode nok og Meslier har hatt veldig lite å gjere. Syns forsåvidt Gelhardt også jobber bra.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


141
Ordet er fritt / Sv: Rykter: Spillere inn og spillere ut, del 26
« på: August 12, 2023, 09:53:47 »
Eg må seie at denne debatten om Gnonto begynner å gå over alle støvleskaft. Det er klart at det finns ting som ein ikkje kan tilgi (kjem i farten på eksempel som Holocaust, 9/11 og Utøyamassakren), men at det skal vere umogleg å tilgi ein liten italienar som ikkje vil spele eit par fotballkampar... det luktar litt fascistisk i min nase.

Leeds gjer det heilt riktige i denne saken, og nektar å bøye seg for press frå Gnonto og agentane. Med mindre nokon er villige til å betale det han er verdt og vel så det, er det ingen grunn til å selje. Men om det så skulle vere slik at Gnonto fortsatt er i Leeds når vindauget er lukka (og eg finn det litt meir sannsynleg enn dei fleste andre her), og Gnonto finn ut at han likevel vil spele og gje sitt beste for laget både for Leeds' og eigen skuld, så vil det vere enorm dumskap - og ikkje så reint lite småleg - å ikkje ønskje den fortapte sonen velkomen tilbake.

Sjølvsagt skal han beklage til managar, lagkameratar og supporterar, og sannsynlegvis får han litt pes frå tribunen i det første kampen, men så bør det vere muleg å legge dette bak seg. Å leggje nokon for hat for noko som i den store sammenhengen er ein bagatell tener ingen og virkar mot sin hensikt med tanke på opprykk tilbake til PL.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


142
Ordet er fritt / Sv: Rykter: Spillere inn og spillere ut, del 26
« på: August 06, 2023, 18:52:32 »
Adams for £20 mill meiner eg er eit røverkjøp, så håper vi kan unngå å selje han for det, men redd for at han forsvinn. Viss vi treng å selje så er Harrison og Gnonto dei som kan skaffe mest pengar i kassa. Klarar Summerville å halde nivået frå kampen i dag, så må vi ha veldig mykje pengar før det er verdt det.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


143
Ordet er fritt / Sv: MoM Leeds - Cardiff 6/8 - 23
« på: August 06, 2023, 18:44:44 »
3: Summerville
2: Gray
1: Ampadu

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


144
Skuffande resultat, men god kamp. Med tanke på alle som er på skadelista, skal det ikkje mykje til for at dette laget vil kjempe heilt i toppen.

Gray var klart best hjå oss i første omgang,  men forsvann litt i andre. Det ga rom for Ampadu som kom meir til sinn rett i andre omgang. Kampen sett under eitt var Summerville vår beste spelar.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


145
Ikkje akkurat Stoke-vibber av denne kampen, og heller ikkje 70%, som det blei diskutert i ein annan tråd, men der er heilt klart tendenser. Litt tidleg å avskrive prosjektet etter ein omgang, som mange her virkar å gjere, men eg er redd for at Farke ikkje får den tida han treng.

Eg trur også Cardiff er betre enn mange trur, spesielt taktisk. Ligg bak med mange menn, men kjem også med mange når dei får sjansen å kontreadmiral.

Gray klart best av båre. Ampadu har skuffa så langt. Ayling svak, og overraska over at det ikkje er han som blir bytta ut, sjøl om Hjelde ikkje var mykje betre.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


146
Visstnok et par usikre kort til kampen. Fra Waccoe tidligere i dag:

Gray touch and go but should be ok. Gnonto a doubt too.


auren


Sent from my iPhone using Tapatalk
Har vi nok spelarar til å fylle benken? Eg antar vi startar med stort sett same laget som mot Hearts, men held ein knapp på at Byram i staden for Hjelde. Veldig usikker på kven som får spissplassen. Sannsynleg ein av Gnonto, Perkins og Summerville,  med Poveda som erstattar for Summerville om det skulle bli han.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


147
Ordet er fritt / Sv: Rykter: Spillere inn og spillere ut, del 26
« på: August 04, 2023, 23:37:13 »


Nå ble det litt dommedagsstemning her. Når det gjelder spisser, så har vi jo kjøpt mange av de, med varierende hell.
Augustin slo ikke helt til :o, Rodrigo ble etterhvert bra og Rutter bli bra etterhvert. Men enig i at vi må kjøpe en ny spiss, som putter i ny og ne. Men de koster litt. Hvis vi finner noen....

Er vel ikke dommedagsstemning?  Kun konstatering av fakta.  For å investere i denne ligaen må det penger inn for å investere i penger ut.  Foreløpig er det kun lånt ut spillere og solgt for peanøtter.  Noen flere salg må til med ekte penger inn for at vi kan få nye spillere inn.  Selger gjerne Gnonto, Sinistera og Summerville jeg for å få skikkelige spillere som erstatning.  Men inntil videre må vi forholde oss til realitetene og gjøre det beste utav det.

Eg støtter GeirO sin kommentar om dommedagsstemning. Det skal veldig lite motgang til for at skrekkscenarioene blir dratt fram av ein del av medlemmane her.

Eg vil påstå at stallen Farke har overteke er betre enn den Bielsa overtok, og den har ein god balanse av rutine og "up and coming" unggutter. Om ingen fleire forsvinn ut, skal dette laget kunne kjempe i toppen. For at det skal bli direkte opprykk treng vi imidlertid ein god porsjon flaks, både i form av begrensa skadeproblem og at fleire av unngutta klarer å levere utfrå potensialet.

Det finns ingen manager som ikkje ønsker seg betre spelarar, og Farke likeså. Eg meiner det er mest viktig å styrke forsvaret. Sjøl om vi kun har ein utprega spiss, som har ein problematisk skadehistorikk, så har vi stor breidde offensivt, med mange potensielle målskårarar.

Å tru at vi skal kunne vesentleg styrke trioen, Summerville, Gnonto og Sinisterra, ser eg på som utopisk (med mindre det var eit dårleg forsøk på trolling), men dette beror jo også på ein subjektiv oppfatning av kor gode desse er. Eg meiner dei alle vil vere blant dei mest kreative offensive spelarane i Championship, men kan kanskje ha litt å lære defensivt (og det kan vere luksus å behalde alle 3, viss det betyr at vi ikkje kan styrke defensivt).

Uansett er eg, som alltid før sesongen, optimist, og gledar meg til å få starta. Så håpar eg fansen har tålmod med Farke og styret i starten, for det blir nok litt svingande prestasjonar før vi får spelt inn eit lag med forhåpentlegvis nokre forsterkingar i løpet av august.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


148
Ordet er fritt / Sv: Kamper i dag, sesongen 23/24
« på: August 04, 2023, 23:06:33 »
Godt å få sesongen i gang igjen. Eit Southampton-lag, som er i det store og heile uendra frå i fjor, var like dominerande som vi kunne vente utfrå Aase's tabelltips der Southampton er plassert på andre plass og Sheffield Wednesday på nedrykksplass.

Likevel fekk vi ein påminning om kor tøff ligaen kan vere då Sheffield Wednesday utlikna på dødball etter ein omgang med stort sett desperat, men effektivt, forsvarsspel.

Når ein kan sette innpå Armstrong og Che Adams for å avgjere kampen på slutten, vitner det imidlertid om eit mannskap som ein kan rekna med i toppen. Det er vel fortsatt håp om at enkelte av toppspelarane kan forsvinne før vindauget stenger.

Eg vil no også seie at on Leeds føler presset etter kun ein kamp, så er det berre å leggje ned klubben...

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


149
Fikk sansen for Eddies måte å tenke på her :)

eddieleeds
@eddieleeds1

This window / era is feeling very much like when Marcelo came in. Bought minimum players .. worked with existing core players etc #LUFC

That’s a obvious sign of good coach I’m thinking.

Hopefully smash Cardiff, like we did stoke that time.

Selv om stallen virker tynn i noen posisjoner, er dette et veldig godt poeng!

Husker jeg for fem år sida venta på et par-tre "store" signeringer. Vi hadde jo lurt Bielsa til engelsk annen divisjon. Omtrent det eneste som skjedde var Vieira ut, mot Bielsas ønsker.

Så kom første kamp mot opprykksfavoritt Stoke. Isolert sett fortsatt mitt beste Leeds-minne de siste tjue år. :)

Fytti rakkern, nå er det snart kamp igjen! Deilig!

Definitivt !!! Det var helt unbelivable, for en opplevelse det måtte ha vært for laget. Sjekk ut - inkl. en 10`r med rette beveglser/rette posisjoner (Saiz)  https://www.youtube.com/watch?v=20bWZjjEXg4
Eg er sjøl innom og kikker på dette klippet innimellom når eg har mista viljen til å leve og treng ei påminning om at det faktisk kan vere ei meining med livet.

Eg trur denne kampen framstod som ein openbaring for alle Leeds-supporterar som såg den, etter 15 år med ørkenvandring. For meg var det ekstra sterkt etter at eg hadde vore i Oxford eit par veker tidlegare og sett eit - riktignok sterkt reserveprega - Leedslag bli overspelt av Oxford United.

Eg har små håp om å sjå ein tilsvarande openbaring på sundag, eller nokonsinne for den saks skuld, men vil også vere nøgd med 70%, som det blir nemnt tidlegare i tråden.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


150
Ordet er fritt / Sv: Rykter: Spillere inn og spillere ut, del 26
« på: Juli 28, 2023, 19:38:07 »
Gode refleksjoner i forrige innlegg Eriksen55. Kaptein Cooper har også delt sine refleksjoner i YEP og må vel kunne si det er spot on ! I dette bilde er spillere som Cooper,Ayling og Bamford viktige, jeg
innbiller meg at Farke kan se disse som kontinuitetsbærerne videre.  Cooper blir kjempeviktig i år, han er en solid Championship kaptein, må bare håpe han holder seg fit og fin

https://www.yorkshireeveningpost.co.uk/sport/football/leeds-united/liam-cooper-reveals-brutal-leeds-united-relegation-dressing-room-words-and-fitness-admission-4235131

Omkring Bamford. Har ofte lurt på hvorfor ikke klubben har handlet en superspiss. Når det ikke har skjedd så kan det være 1) at Orta + Manager mener Bamford er god nok 2) at pengesekken ikke tillater kjøp av en superspiss
3) at typen man vil ha ikke er tilgjengelig el. fl.    Da ender man opp med å gjøre gull av gråstein, utvikle de vi har, og de er utviklig til ett OK nivå. I mine øyne er det ett større problem at servitørene ikke er gode nok, enn at
Bamford isolert er for svak.  Hent KevinDe Bruyne og Bamford scorer 25. Samhandlingen opp til vår spiss er veldig dårlig, er det Bamford som gjemmer seg bort, eller er det kant og nr 10 som ikke ser/skjønner når de skal spille han opp ?

Vår forrige superspiss, Kemar Roofe, https://www.youtube.com/watch?v=NLfgX0-83IU ( dessverre mye skadet, men mye fine goals ) var flink til å angripe rommet foran seg, og innleggene kom tidlig nok. Det skjer aldri lenger. Vi tråkler
oss ned til dødlinja og alt rom er borte. Når det en sjelden gang kommer ett tidlig innlegg, så blir Bamford overasket. Bielsa stilen passet for Roofe og også Bamford, mens den tråklinga som er praktisert de siste 2 er vanskelig for en spiss
å være i rett posisjon når eller om det skjer noe.   Farke er jo på ett helt annet nivå enn Jesse Marsch til å se dette, tror de får til dette med litt mer øvelse - og en nr 10 !
Eg er ganske lei av anti-Bamford agendaen her på forumet og blant delar av Leeds-supporterane. Bamford er ein supersiss, i betydninga at han er blant dei beste i sjiktet under dei aller beste (tenkje Haaland, Mbappe, Benzema etc). Og å handle ein spiss i det aller øverste sjiktet kan vi berre drøyme om. Bamford var nummer 4 på toppskårar-lista i Premier League (verdens beste liga) det året han spelte meir eller mindre fast.

Å kalle Roofe ein betre spiss er latterleg og eg kunne nesten mistenke det for eit forsøk på ironi, men tonen i innlegget virkar ikkje slik. Roofe gjer det veldig godt i ein liga som er på nivå med League one. Mens han spelte for Leeds i Championship skåra han eit mål kvart 253. minutt. Bamford til samanlikning skåra eit mål kvart 180. minutt for Leeds i Championship og kvart 242. minutt i PL.

Eg mistenkjer at den negativite innstillinga mot Bamford grunnar i det faktum at han har vore mykje skada. Det virkar å vere ein misoppfatning blant mange fotballsupporterar at det er spelaren sin eigen skuld at han har mange skader, noko som kun vil vere riktig om spelaren ignorerer råd frå det medisinske støtteapparatet (og riktignok kan enkelte spelarar ha ein spelestil som gjer at dei lettare kan få skader, men eg trur ingen skuldar Bamford for det).

Viss Bamford held seg skadefri i store delar av sesongen så er eg overbevist at han kjem til å bøtte inn mål. At vi også treng alternativ er opplagt, men eg trur det er litt utopisk å tru at vi har budsjett til å handle ein betre spiss.

Sent from my SM-S906U using Tapatalk


Sider: 1 ... 3 4 [5] 6 7 ... 43