Vis innlegg

Denne delen lar deg se alle innlegg laget av dette medlemmet. Merk at du bare kan se innlegg gjort i områder du har tilgang til.


Meldinger - Milou

Sider: 1 ... 40 41 [42] 43
1231
Ordet er fritt / Re: Bakke solgt
« på: August 31, 2006, 04:36:47 »
Dette har du rett i Jon R. B og K holdt seg sannsynlegvis på teppet når det gjeld det juridiske (men det har var vel vore antyda at Kewell informerte L'pool om Leeds sin økonomiske situasjon gjorde at dei måtte selja, som i så fall var lovstridig), og det kan argumenterast for at desse spelarane hadde gode økonomiske rådgjevarar. Det er imidlertid ein grunn til at det har vore mykje kritikk mot desse spelarane og ikkje mot f.ex. Viduka og Mills.

Fotballspelarane har også kontraktsforpliktelsar, men desse er ofte meir vanskelege å stadfesta. F.ex. er det vanskeleg å avgjera om ein spelar yter sitt beste på bana, som jo er jobben deira. Det er også ein uskriven regel (som ikkje alle rettar seg etter) at viss ein ønskjer seg bort frå klubben så gjer ein beskjed om det på ein ryddig måte og lar klubben få det beste ut av spelaren på transfer-markedet. K og B følgte ikkje desse reglane. Det er ingenting som tyder på at Bakke ikkje gjer det. Bakke sin verdi er naturleg nok langt lågare enn den var då han inngjekk kontrakta, og dette er grunnen til at Leeds kjem dårleg ut, men dette er ikkje Bakke si skuld (det kan imidlertid påstås at Leeds sjøl har delvis skuld i dette når han ikkje får spela). Klubbar tar ein stor risiko når dei inngår kontrakter med spelarane, men dei har også ei stor oppside om spelaren gjer det bra (ref. Rio).

1232
Ordet er fritt / Re: Bakke solgt
« på: August 31, 2006, 03:25:06 »
quote:
Originally posted by Jon R

quote:
Ein anna sak som eg syns er blitt gløymt i denne samanhengen er at  det ikkje kun er Bakke (og Kelly) som hevar høge lønningar frå Ridsdale-perioden. Det er fleire gamle spelarar og ansatte som fortsatt for godt betalt av Leeds. Viss Bakke ikkje hadde vore skada då nedrykket kom, hadde han nok også vore ein av desse. At Bates ikkje går ut mot dei andre som hevar store lønningar frå Leeds, er sjølsagt fordi han ikkje har noko som helst pressmiddel mot desse. Det har han imidlertid mot Bakke, og han bruker det for det det er verdt. Det er nok mange aktørar som driv "eit skittent spel om pengar" i denne saken, men å påstå at Bates og Leeds er uskuldege offer for Bakke sin griskheit blir for dumt.


Dette har du helt rett i, milou. Vi har tidligere hatt egne tråder om feks  Bowyer og Kewell da de drev sitt skitne spill på bekostning av klubben. Vi kan godt lage en Mills, Viduka, Nick Barmby eller Gary Kelly tråd, dersom det er interesse for det. I akkurat denne tråden diskuterer vi Eirik Bakke. [8)]



Jon R.




Det er ein grunn til at det finns tråder om Bowyer og Kewell, men ikkje om Mills, Kelly etc. Dei førstnevnte utnytta Leeds sin økonomiske situasjon og dårlege management for å håva pengar inn til eigen lomme på bekostning av Leeds, mens dei sistnevnte kun har motteke det dei hadde krav på i følge sine kontraktar. Eg plasserer Bakke i sammen kategori som desse.

Det er ingenting forløpig som tyder på at Bakke utnyttar situasjonen til å få ekstra vinning, mens det ikkje er tvil om at Bates forsøker å pressa Bakke til å godta ein reduksjon av det han har krav på i følge kontrakten. Men som eg som eg skreiv i mitt første innlegg, her blir det mykje spekulasjonar og kva som verkeleg har vore diskutert mellom partane, er det ingen her som veit for sikkert.

1233
Off-Topic / Ny Leeds-supporter er født
« på: August 30, 2006, 11:42:24 »
Neo har nettopp pasert sin første månad. Forhåpentleg vil han ein dag følga i Eddie Lewis sine fotspor [8D].

http://adobe.kodakgallery.com/ShareLandingSignin.jsp?Uc=odqxnr9.4k8qo69x&Uy=49e671&Upost_signin=Slideshow.jsp%3Fmode%3Dfromshare&Ux=0&UV=267736969284_657279440405

1234
Ordet er fritt / Re: Bakke solgt
« på: August 30, 2006, 07:36:16 »
Eg har tidlegare forsvart Bakke sin rett til å fortsetta å heva lønna som han har kontraktfesta, og vil fortsatt gjera det. Viss det stemmer at Bakke skal ha £4000 extra per kamp, er det imidlertid både merkeleg og kritikkverdig av Bakke om han ikkje er villeg til å diskutera å redusera eller gje avkall på dette for å få spelt fotball. Her er det imidlertid veldig mange spekulasjonar ute og går og det er ingen her på forumet som veit kva som verkeleg har skjedd mellom Bates og Bakke. Kan det vera Bates krev at Bakke både skal ta ein kraftig lønsreduksjon og gje avkall på dei £4000, eller er det £4000 pr kamp bonus kun oppspinn?

Ein anna sak som eg syns er blitt gløymt i denne samanhengen er at det ikkje kun er Bakke (og Kelly) som hevar høge lønningar frå Ridsdale-perioden. Det er fleire gamle spelarar og ansatte som fortsatt for godt betalt av Leeds. Viss Bakke ikkje hadde vore skada då nedrykket kom, hadde han nok også vore ein av desse. At Bates ikkje går ut mot dei andre som hevar store lønningar frå Leeds, er sjølsagt fordi han ikkje har noko som helst pressmiddel mot desse. Det har han imidlertid mot Bakke, og han bruker det for det det er verdt. Det er nok mange aktørar som driv "eit skittent spel om pengar" i denne saken, men å påstå at Bates og Leeds er uskuldege offer for Bakke sin griskheit blir for dumt.

Til sist: Sjøl om Bakke skulle få £4000 pr kamp blir dette likevel relativt lite i forhold til å henta inn ein erstattar med samme kvalitetar. Eg reknar då med at Leeds likevel må ut med grunnløna til Bakke (at det finns ein klubb som er villeg til å betala noko i nærleiken av den løna Bakke no, trur eg ikkje før eg ser det). Eg håpar derfor at Bates tar til fornuften og lar den beste midtbanespelaren i stallen få hjelpa Leeds til opprykk, og at Bakke visar storsinn i forhold til sin pr. kamp bonus (kva med i det minste reforhanlda det til ein opprykks-bonus).

1235
Ordet er fritt / Re: Kampen mot Uglene
« på: August 28, 2006, 12:09:33 »
Bra innlegg av kjellern her. Det er mange urealistiske forventingar til kva Leeds skal prestere denne sesongen. Denne sesongen blir ingen walkover til opprykk, som spesielt Blackwell-kritikerane ser ut til å forventa. Laget er marginalt betre enn i fjor, og det kan ikkje forventast at me skal dominera på bortebane, sjøl mot dei svakare laga.

1236
Spill og tipsforum / Re: Season long - Sheff. W.
« på: August 26, 2006, 03:15:47 »
1-2, Lewis & Healy

1237
Spill og tipsforum / Re: Season Long Leeds United - Chester - cup
« på: August 23, 2006, 01:06:42 »
3-1 Blake, Beckford, Westlake

1238
Ordet er fritt / Re: Crainey 4 Scotland ...
« på: August 20, 2006, 08:01:08 »
Ifølge sidekommentator Hunter, var Crainey Leeds' beste i dag, sammen med Kelly. Eg forsvarte Crainey mot all hetsen i fjor. Han viste allereie då lovande tendensar. Han har nok av tabbar på samvitet, men det må tilskrivast manglande rutine/kamptrening. Det som eg har sansen for er at han lærer av sine feil. Dei to kampane eg såg han spela ifjor var han svak i starten, men spelte seg opp og gjorde gode 2. omgangar. Ser ikkje bort frå at han klarar å spela seg inn på det skotske landslaget på sikt.

1239
Spill og tipsforum / Re: Season long Leeds United - Cardiff
« på: August 19, 2006, 06:01:34 »
3-1 Killa, Healy (2)

1240
Ordet er fritt / Re: Blackwell
« på: August 15, 2006, 14:23:50 »
At debatt rundt manageren engasjer fansen, bør ikkje vera noko overraskelse, og viss ein skal rydda opp i alle trådar om dette emnet, må nok moderator bli tilsett på fulltid. Dette er trass alt ein av dei meir saklege trådane rundt emnet, og veteranen har ein god oppsummering av den tidlegare debatten. Eg plasserer meg trygt i kategori 3.

Eg har forøvrig mine tvil om at Blackie er i samme kategori som Mourinho, Wenger eller Sir Ferguson (som fotballmanager), men han har hittil gjort jobben sin og viss han klarar opprykk i år, fortener han å få eit par år til for å gjera våre ord til skamme.

PS! notsonice, er du tilfeldegvis ein fan av Iznogood [8D]?

1241
Ordet er fritt / Re: Carole!!!
« på: August 15, 2006, 14:13:14 »
Dette luktar etterpåklokskap lang veg. Stone var kjørt, og eit taktisk bytte rett før slutt for å dra ut tida og la spelarane få att pusten er som tatt ut av læreboka for å sitera Arne Scheie. Eg er sikker på at dei samme innlegga hadde komme om Blackie ikkje hadde gjort eit bytte på slutten, om han hadde satt inn Gregan i staden, eller om han hadde hatt ein reservekeeper på benken. Eg forstår at det er enkelte som ser det som si oppgåve å finna feil i det Blackie gjer, men viss dette er det beste de klarar å komma med, sit nok Blackie trygt i 3 år til.

1242
Spill og tipsforum / Re: Season long Crystal Palace - Leeds United
« på: August 11, 2006, 06:28:05 »
0-2 Stone, Horsefield

1243
Ordet er fritt / Re: Måla mot og for QPR..
« på: August 11, 2006, 00:40:47 »
Bra innlegg Mr Kaizer. Det irriterer meg kvar gong eg ser eit lag som dominerer ein kamp, legga seg i forsvar etter ein scoring. Det er som du seier å be om trøbbel.

1244
Ordet er fritt / Re: Blackwells skarpe tunge
« på: August 10, 2006, 04:25:25 »
quote:
Originally posted by Peter7


Imidlertid er det langt igjen til noen her når det samme nivået, selv om noen av oss er litt småkritiske innimellom.



Dette må vera sesongen's største understatemtent så langt. Det er greitt med kritikk av Blackwell, men eg begynner å bli lei av "the usual suspects" som krev hans avgang etter kvart jævla tap (eller uavgjort).

Viss nokon verkeleg trur at me skal gå gjennom sesongen med seier i kvar kamp, bør dei kanskje vurdera å bli Chelsea fans i staden. Det vil alltid vera unødvendige eller ufortente tap (eller uavgjort) i løpet av ein lang sesong. Så langt har Blackie levert varene i dei to sesongane han har vore manager. Det er litt tidleg å avskriva han for denne sesongen...

1245
Ordet er fritt / Re: Måla mot og for QPR..
« på: August 10, 2006, 04:17:17 »
Det er ikkje muleg ut frå dette klyppet å legga skulda for andrescoringa på Crainey. Det er muleg at han i forkant av den første duellen er feilplassert, men etter å ha tapt denne duellen har han ikkje noko anna val enn å gå mot ballførar. Ein annan forsvarar (midtstoppar) må ta markeringa av målscorar.

Crainey fekk mykje unødvendig hard kritikk i forrige sesong. Han spelte i følge dei fleste som såg den første kampen veldig bra. Syns det er litt hardt å avskriva han etter tabben i denne kampen, sjøl om det fekk alvorlege konsekvensar.

1246
Ordet er fritt / Re: Rnd 2 : QPR - LEEDS
« på: August 09, 2006, 04:33:56 »
quote:
Originally posted by chief

Da slår du av NÃ….
 Det er en ordre.[}:)]

quote:
Originally posted by kato

Vi scorer ALDRI når jeg hører på radio, så nå er det bare å slå av.



1 4 all and all 4 1



Eg trur eg har overtatt forbannelsen til kato. [:o)] På laurdag fekk eg ikkje med meg kampen pga. sjukehusbesøk. I dag har eg høyrt på heile kampen, men fekk ein telefon rett før målet...

1247
Spill og tipsforum / Re: Season long QPR - Leeds United
« på: August 09, 2006, 02:58:04 »
1-1 Healy

1248
Ordet er fritt / Re: Hva sier Blackwell tilbederne nå?
« på: August 02, 2006, 03:44:54 »
quote:
Originally posted by Leedsfan

Livermore har sikkert også fått en sum for så skrive under for Hull??!!

Milou: For å få Livermore til Leeds så måtte nok Blackwell prate varmt til han og fortalt han om alle mulighetene han hadde. 3 uker etterpå så forteller Blackwell at de skal selge han fordi hans muligheter er begrensede eller ikke eksisterende.. Man behandler ikke en spiller slik... Klubben Leeds er større enn spilleren, men allikevel synes jeg synd på Livermore.



Viss forklaring di er riktig, Leedsfan, kan det vera riktig med sympati for Livermore. Men eg trur heller at det er dette som har skjedd [8D]: For å få sjansen til å spela for Leeds kontakta Livermore Blackwell og fortalte kor motivert han var for å spela for ein storklubb, og tipsa han om release-klausulen han hadde med Millwall, som gjorde at Leeds fekk kjøpt han for ein billeg penge. Etter at han kom til Leeds, har han imilertid komme for seint på treningar mange gonger, tydeleg fyllesjuk. Blackwell har bedt han om å skjerpa seg eller finna seg ein anna klubb. Livermore gjekk til Hull og sa at han heller ville spela fast på laget enn å spela reservefotball for Leeds, og tipsa dei også om at Leeds var interessert i å la han gå. Stakkars Leeds.

1249
Ordet er fritt / Re: NY KEEPER...?
« på: August 02, 2006, 03:30:48 »
Dette er forhandlingar. Har stor tru på at dette kan gå. Spesielt viss Bonnissel blir signa etter kampen i går, lar nok Blackie Harding gå. Forhandlingsspørsmålet er kor mykje mellomlegg Leeds må betala for denne handelen. Blackie har tidlegare vist at han prioriterer keeperplassen, og er nok villeg til å bruka ein god del av Hulse-pengane for dette. Ser lovande ut for meg...

1250
Ordet er fritt / Re: Hva sier Blackwell tilbederne nå?
« på: August 02, 2006, 03:21:42 »
Var villig til å gje Livermore ein sjanse, som h.b. ville ha sagt, men forstår ikkje at det er muleg å kritisera KB etter denne saken. Det måtte i så fall vera om han blei gitt bort til Hull (eller solgt til spottpris).

Det er vel heller ingen grunn til å syns synd på Livermore. Han har nok sjøl valgt å gå til Hull for å få meir speletid.

1251
Ordet er fritt / Re: Livermore til Hull!!
« på: August 02, 2006, 03:16:59 »
Eg syns denne debatten er prega av dei som skal finna feil i alt KB gjer. Det virkar for meg som Leeds har handtert dette veldig profesjonelt. Livermore blei kjøpt på eit tidspunkt han var det beste alternativet. Når det no er dukka opp ein betre spelar var det naturleg å selga Livermore, som elles ville bli stallfyll. Det ville vore langt verre om Livermore ikkje hadde blitt kjøpt, og den nye "mystiske" signinga ikkje hadde dukka opp.

Som andre har vore inne på tyder nok dette også på at det er større sjansar for at Bakke blir og at Nicholls sin skade ikkje er veldig ille.

1252
Ordet er fritt / Re: Scunthorpe - Leeds 2-1
« på: Juli 26, 2006, 06:22:06 »
Jon R., eg syns du har mange av dei meir fornuftige innlegga her inne, men denne gangen skuffar du. Eg trudde at alle no hadde forstått at det er viktigare å gå i pluss enn å styrka stallen. Faktisk er det ein forutsetning for å kunna styrka stallen at me går i pluss. OK, det er også muleg å styrka stallen og håpa på at det medfører at ein kjem til å gå i pluss i framtida, men dette har vore prøvd før, og Ken Bates har sagt ganske klart frå at dette ikkje er måten han kjem til å driva butikken på.

Elles tar eg også resultatet i desse treningskampane med stor ro, men kan vera einig i at stallen slik den er no langt frå er nokon garanti for opprykk, spesielt om Killa forsvinn, som det kan virka som. Reknar likevel med at Blackwell har ein joker eller to i ermet. Viss eg ikkje hugsar feil, var det tilsvarande stemning her på forumet samme tid i fjor.

1253
Ordet er fritt / Re: Hulse til Sheff U
« på: Juli 26, 2006, 05:44:50 »
Personleg var eg meir imponert av det eg såg av Cresswell enn Hulse i fjor. Poenget her er likevel ikkje kven av dei som er best eller om Hulse er (eller rettare sagt var) den beste spissen vår. Spørsmålet er om Hulse er verdt 2.2 - 3 mill. Eg syns ikkje det, og dette gjer det til eit godt sal. Det vil vera muleg å skaffa ein spelar som er minst like god for ein billegare penge.

Når det gjeld andre spelarar, er eg også redd for at Killa er på veg bort, med mindre han har ein skade som ikkje har blitt rapportert. Viss prisen er god nok treng heller ikkje det vera ein katastrofe.

Det er meget sannsynleg at KB&KB gjerne vil bli kvitt Bakke og han hadde sikkert blitt gitt gratis om ein klubb var villeg til å ta over løna hans. Eg ser det imidlertid som lite sannsynleg at nokon viser interesse i Bakke basert på prestasjonar i treningskampar mot Sarbsborg og Scunthorpe United, og blir overraska om han forsvinn i dette transfer-vinduet. Derfor håpar eg at grunnen til at Blackie brukar Bakke no først og framst er for å matche han fram mot sesongstart.


1254
Ordet er fritt / Re: Drøye 2 uker igjen...
« på: Juli 22, 2006, 02:51:40 »
Eg håpar du tar feil når det gjeld Livermore og Derry på midtbanen. Dette blir for defensivt. Eg trur Livermore først og framst er tenkt som backup for Derry. Så vidt eg hugsar så var spel og resultat i fjor dårlegare utan Derry på bana.

I følge rapportane kan Livermore også spela på venstresida (både back og midtbane). Kankskje Livermore på venstre back og Bakke i midten er eit betre alternativ. Elles ser laget ditt bra ut, det er vel 4 relativt jamne kandidatar til midtstoppar-plassane (forutsatt at Foxe blir signa).

Ser også fram til 5. august...

1255
Ordet er fritt / Re: O'Leary sparket som Villa-trener
« på: Juli 21, 2006, 04:47:38 »
Godt svar, peacock. Som eg har skrive i tidlegare diskusjonar om DOL her på forumet, trur eg mange vurderer prestasjonen hans kun i lys av det som skjedde i ettertid, og som han kun har begrensa ansvar for (han fekk sparken før den verkeleg nedturen starta). DOL er ein stor manager i Leeds sin historie.

1256
Ordet er fritt / Re: Bakke
« på: Juli 18, 2006, 03:26:39 »
quote:
Originally posted by baste

En ny "Lee Bowyer" spiller ? Sign ny kontrakt Bakke...eller så selg om vi kan ? Noe å tenke på det..men samtidig kan nettopp Bakke hjelpe oss opp..og da må han gjerne gå gratis neste sesong...Ikke lett dette...Noen som har en fasit ??



Er einig i at Leeds fort havnar i ein tap-tap situasjon her. Eg ser det som lite sannsynleg at nokon er interessert i å kjøpa Bakke i det første overgangsvinduet. Enten spelar Bakke godt nok til at ein PL-klubb fattar interesse og får kjøpt han får ein billeg penge i januar (då han kun har 1/2 år att av kontrakten), eller så blir Bakke skada eller har problem med å finna tilbake formen og blir verande ut sesongen utan å bidra stort.

Viss eg hadde vore KB & KB ville eg ha foreslått følgande deal for Bakke: Ny 2(3) års kontrakt, med betydeleg redusert løn (f.ex. halvparten), men med ein solid bonus og lønsauke om me rykker opp og Bakke har spela minst x kampar i løpet av sesongen. Om Bakke ser seg tent med ein slik deal er jo meir usikkert.

1257
Ordet er fritt / Re: Yorkshireradio.net er i gang
« på: Juli 15, 2006, 09:14:45 »
Er det nokon som veit om denne kanalen sender kampane gratis, eller må ein fortsatt ha LUFC TV abonnement for å høyra desse? I fjor var dette abonnementet vel verdt pengane, men viss det går gratis på denne kanalen i år, så er det mindre aktuelt med abonnement.

1258
Ordet er fritt / Re: Sparta vs Leeds
« på: Juli 14, 2006, 05:20:38 »
[:)]Spørs om ikkje Leeds fan har rota seg inn på feil kamp. Av referatet ser det ut som det var ein lokal 6. divsjonskamp han såg. [;)]

PS! Følte meg litt truffet av Enrique sitt innlegg om oldis-fans, så eg har slengt på eit par Smilies for ein gang skuld.[8D]


1259
Ordet er fritt / Re: Bakke
« på: Juli 13, 2006, 03:47:58 »
Så vidt eg kunne sjå på det lille bildet på dei off. sidene av troppen som drar til Norge, er Bakke med her. Det håpar eg betyr at Blackie reknar Bakke som ein seriøs kandidat til plass på laget når sesongen startar, noko som han etter mi meining ikkje kan ha gjort mot slutten av forrige sesong, for det vil elles vera uforståeleg at han ikkje spelte play-off finalen.

Viss Bakke ikkje får speletid, kan det umuleg vera nokon som er interessert i å kjøpa han og betala noko i nærleiken av den løna han har no. Viss Bakke derimot imponerer nok til at andre klubbar er interessert, så kan det jo også bli aktuelt å behalda han?! Eg såg Bakke ved to anledningar i fjor, AV-Arsenal og litt over ein omgang mot Preston, og det var nok til å overbevisa meg om at han kan bli ein viktig faktor i kampen om opprykk dersom Blackie gjer han tillitt.

1260
Ordet er fritt / Re: Walton is OUT!
« på: Juli 08, 2006, 08:26:37 »
Eg syns dette er mykje storm i vannglas, og det er liten grunn til å bera seg over korkje K.B. (Begge to) eller Walton i denne saken. Eg forstår godt Walton som tar imot tilbodet frå ein PL klubb. Det er ikkje sikkert det kjem så mange nye sjansar. Greitt nok at Leeds kanskje (sannsynlegvis) rykker opp neste år og at kanskje Walton blir tatt ut på laget. Har ingen problem med å sjå at Walton foretrekk alternativet med ein kontrakt for ein PL klubb i år. Det er godt muleg han får problem med å spela seg inn på Charlton også, men han tenar nok ein del meir pengar enn han gjer no.

Eg har heller ingen problem med å forstå at Blackie tar ut det laget han meiner til kvar kamp. Det er vel ingen som meiner at Blackie skulle tatt med Walton på laget berre fordi han kan komma til å bli ein viktig spelar i framtida. Det er ein ærleg sak å meina at Walton har vore god nok til å ha fast plass på laget, men av det eg såg av han i fjor så er ikkje eg av den oppfating.

Dette reknar eg kun å vera ein konsekvens av at me spelar i Championship (med eit betydeleg mindre budsjett enn ein PL klubb), som betyr at me vil mista lovande spelarar til PL klubbar.

Sider: 1 ... 40 41 [42] 43