Den gang 'kjelvi' og jeg var unge, leste vi i lokalavisa første gangen om denne sprekken i fjellet...Då Per Ã…kernes var ung, greidde han å presse knyttneven ned i rivna i fjellet. 60 år seinare er sprekken tre-fire meter brei.KLØFT: Det som ein gong var ein liten sprekk er blitt ei tre-fire meter brei kløft.PÃ… GAMLE TOMTER: Per Ã…kernes sa tidleg på 80-talet frå om utviklinga i fjellet over garden der han vaks opp. Den gongen blei han prøvd dyssa ned. MED STØ HAND på spaken manøvrerer piloten helikopteret inn på Ørnereiret. Lett på foten hoppar 77 år gamle Per Ã…kernes ut kabindøra.
Han er tilbake på barndoms trakter. Her gjekk han etter geitene når mjølketida nærma seg. Her jakta han rype og hare, og seinare hjort då den inntok fjordlandskapet for fullt. Her slo alarm då han kom tilbake etter 30 år, og såg korleis ein liten sprekk var blitt ei kløft.
900 METER UNDER OSS ligg fjorden. Ein stad i skyene over oss strekkjer Flosteinsnibba seg 1502 meter over havet. Vi står på kanten av stupet. I dobbel forstand.
- Dei skal vite kvar dei set foten. Det er ikkje ufarleg arbeid dei driv på med, seier Per Ã…kernes. Blikket følgjer karane som på kanten av stupet driv vedlikehaldsarbeid på avansert teknisk utstyr i fjellsida. Apparat som registrerer kvart sukk frå berget det blå.
- Det var vel ikkje mindre farleg då du gjekk her som unge?
- Nei, men vi visste kvar vi skulle gå. Og vi fekk veldig klart fortalt kvar vi hadde lov å gå, og kvar det var forbode. Det er som med borna som i dag veks opp ved sterkt trafikkerte vegar, dei blir vane med det.
Han vaks opp med foreldre, 12 sysken, tante, onkel og deira fem born på Yste Ã…kerneset, ein av tre gardar ved fjorden. På det meste var dei 20 menneske på det vesle bruket.
- Vi hadde berre nokre jordlappar. Eg skjønar ikkje korleis vi greidde oss.
Det var sjølvberging. Ungane måtte ta del i arbeidet. Slik lærte dei området å kjenne. Kvar ein fiskeplass i fjorden, kvart eit sva i fjellsida, kvar ei myr på høgfjellet.
Per hugsar at dei som ungar la små heller over rivnene. Nokre år seinare var steinane vekke, dei hadde falle nedi.
- Renna har vore her alltid. Som ungar var det slik at vi kunne stikke handa nedi, kanskje knyttneven på breiaste plassane, fortel Per Ã…kernes.
PÃ… 50-TALET FLYTTA PER heimanfrå. Etter kvart blei alle bruka ved fjorden fråflytta. Det skulle gå nær 30 år før han kom tilbake til fjella der han henta geitene i barndommen. Det han då såg, kom som eit sjokk. Sprekken var enkelte stader eit par meter brei.
- Då eg såg kva som hadde skjedd, gjorde eg anskrik.
- Korleis blei det motteke?
- Det skulle dyssast ned. Grunnen var omsynet til turisttrafikken. Fleire av ordførarane i Stranda var med på det. Først då Frank Sve blei ordførar, tok kommunen det på alvor. Men framleis er det omstridd. Ein kamerat av meg seier at inne på Hellesylt er det skotpremie på meg, fordi eg sa frå, ler Per.
Ã…knesrenna tek til som ei ur øvst oppe. Grå og nakne ligg digre kampesteinar, som om eit troll av ei elv har lagt dei frå seg i yttersving. Fleire år etter at han hadde sagt frå, fungerte Per som kjentmann og tok dei første geologane inn i det rasfarlege området.
- Ura var så laus at vi kjende det var liv i ho då vi steig på steinane.
I AUST HAR TURISTFERJA frå Hellesylt lagt frå kai. Rett under oss rundar cruiseskipet M/S «Europa» neset. Begge har kurs mot Geiranger. To lystyachtar kjem andre vegen, den eine går så fort at kjølvatnet deler seg som stripene frå eit jetfly på klår himmel. Turistane på fjorden veit lite om lause fjellet over seg.
- Det er blitt mykje brattare sidan vi vaks opp her.
Vi har følgt ei smal rås nedetter. No står Per nok ein gong på ein av stadene der han kunne pressa knyttneven nedi som unge. Fleire mannshøgder nede i renna ligg ei diger helle. I mange år fungerte ho som bru.
- Vi gjekk over ho. No har ho falle nedi, slår han fast.
På 90-talet monterte kommunen eit stag på staden for å sjå om det verkeleg var rørsle i fjellet.
- Sidan har renna utvida seg 60 centimeter, fortel Per.
PÃ… KANTEN LIGG ein laus stein og vippar. Om eit døgn, kanskje ein månad, eller kan hende først om eit år sig fjellet nett millimeteren som skal til for at tyngda skal bli størst på den delen av steinen som vender mot kløfta. Så går det med denne slik det gjorde med småhellene Per og dei andre ungane på Ã…kerneset mora seg med å leggje over rivna i barneåra. Eller den store hella dei brukte til bru. Til slutt er det også berre ein liten millimeter som lagar det store raset.
- Ein gong losnar det, men når veit ingen. Og det er vel lukka? Vi får håpe det kan kome ned litt etter litt. Det geologane er mest redde for, er at eit jordskjelv kan løyse ut skredet.
- Kor mykje opptek dette folk?
- Somme er veldig interesserte, andre bryr ikkje seg. På Hellesylt meiner nokre at fjellsida aldri vil kome. Så er det og dei som seier at dei ikkje søv så godt om nettene lenger. Det er nok dei som engstar seg.
Piloten lyfter helikopteret frå Ørnereiret og ut i lause lufta, følgjer det lange såret, markert og breitt lengst oppe, så smalnar det av før det er heilt vekke i berget 500 meter lenger nede. Det er i slike stunder det er lett å skjøne at naturfenomen blei forklart med trollet.