Eg har snart ikkje ord for kor sterkt eg ønskjer nye eigarar! Bates er - og vil alltid vere - ein seigliva, narsissistisk, gneten og grinete kverulant. Det må skje noko drastisk snart, slik at Warnock får økonomiske musklar til å glasere kaka si før overgangsvindauget stenger.
Vi er så nærme, i mine auge, ein fullgod stall som kan kjempe om opprykk, men stallen skrik sårt etter høgreving og spiss(-ar). Slik kvalitet finn vi ikkje på skraphaugen, her må vi fram med sjekkheftet!