Eg såg til min forskrekkelse at ingen hadde laga tråd til kampen, så difor tok eg like godt og laga ein sjølv. Kanskje litt bråkjekt på eit leedsforum, men den sjansen er eg villig til å ta!
Eg gidd ikkje skrive masse fakta og statistikk frå tidlegare møter, men i fjor vann begge lag sine heimekampar. Men dette var før Tranmere ansette John Barnes som er like naiv som ein 3-åring når det gjeld taktikk og spelestil. Angrep angrep angrep. Langs bakken, langs bakken!! Men så kastar ein et blikk på spelarstallen og ser at kvaliteten ikkje borgar for finslepen fotball ala Brasil. Kan ikkje Barnes berre få seg en jobb på ein fabrikk eller noko? Det bør i alle fall ikkje vere for vanskeleg arbeid. Helst å putte ei fjøl inn i ei maskin heile dagen.
Tranmere kjem til å tape 90% av bortekampane i år, og morgonsdagen kamp er intet unntak. Eg gruar meg faktisk til å følgje kampen då eg veit det kjem til å bli smertefullt. Eg tørr knapt streife inn om tanken på kva Beckford kan utrette mot vårt ikkje eksisterande forsvar.
Kva føler Leedsfansen om kampen? Eg er ikkje så opptatt av historie og statistikk, så det får andre eventuelt føye til. Snakkes....