Kampen mot Bristol C har potensiale for å vere eit særs viktig vendepunkt for Leeds. Laget spelar som eit Premier League-lag - slik dei gjorde jevnt tidlegare i sesongen, men som delvis svikta etter siste halvdel av Cardiff-kampen og i lang tid.
Det nye idag var at: 1) Dei fekk den viktige førsteskåringa - hadde dette skjedd i eit par av fadesekampane i det siste hadde me hatt mange fleire poeng, kampforløpene hadde truleg sett veldig annleis ut, og den psykologiske krisen hadde vore mindre dramatisk. 2) Dei unngjekk å sleppe inn mål på tabbar. 3) Dei unngjekk å få avgjerande dommarfeil imot. 4) Dei holdt nullen / og hadde jamnt over ikkje mykje å stri med av sjansar imot. 5) Resultatene i andre kampar gjekk riktig veg (nb: det er jo berre å leve seg inn i nederlagsskjensla hjå Fulham som går på 0-3 mot sisteplass-plasserte Barnsley!).
Kort sagt: Bristol C-kampen gav eit snev av ei psykologisk gjenreisning som ikkje kan samanliknast med korkje Birmingham-sigeren eller Millwall-sigeren, som begge var kampar prega av ikkje å ha kontroll. Det som manglar er sjølvsagt utteljinga - kor antall mål kunne stått i eit betre samsvar med antall store sjansar - men det har mykje med marginar å gjere (to tverrliggar-treff ut, kunne lett ha vore to mål inn - noko som nesten utelukkande er eit spørsmål om flaks/uflaks).
No er det å vone at Leeds-laget omsider evnar å puste med magen, å gjenta nokre gode kampforløp / sigrar dei neste rundane, å unngå at eksistensielle kriser oppstår som følge av tabbar og dommarfeil, å vone at stang-ut-fenomenet ikkje gjentar seg til det absurde, så er det håp!
Det verste som kan skje dei neste par kampane: punkt 1-5 med motsatt forteikn, med oppblomsting av psykologisk krise som resultat.
Det beste som kan skje dei neste par kampane: nye, fortjente sigrar - og kjensla av at "ikkje alt som kan gå galt, må gå galt."
Eg vågar endå ikkje tru at oppturen er i gang - då, eg som oss andre er rimeleg traumatisert av dei siste vekers skrekk og gru - men eg konstaterer at det er håp!