Det var surt å tape kampen mot West Ham, men for å vera heilt ærleg så var det fullt fortent. Dei siste fire kampane har pasningsspelet har vore langt under pari. Feilpasningar har for ofte ført til at motstandarane har fått overgangar der me har for mange spelarar for langt fram på banen. Me har også tapt for mange andreballar og duellar. Spelestilen til Bielsa er svært krevjande og det stiller høge krav til spelarane. Dersom den enkelte ikkje gjer jobben sin skikkeleg, er me bakpå. I kampen mot Chelsea var det veldig tydeleg at den som hadde ansvaret for å dekke opp Kanté ikkje klarte jobben sin. Me såg det også nokre gonger mot West Ham og Benrahama. Dersom me ikkje klarer å markere den enkelte blir me fort i undertal. Akkurat dette er bakdelen med mannsmarkering kontra sonemarkering. Men Bielsa vil nok ikkje endre på dette. Når det gjeld midtforsvaret kunne eg nok tenkje meg at me hadde litt meir fysikk (høgde) og fart. Når det gjeld mål i mot på dødballar, er det ikkje berre fysikken som manglar, men også at spelarane fylgjer med på løpa til motstandarane - rett og slett overblikket. Me har også svært ofte sett at mange lag køyrer sperretrekk på dødballar, og det har felt oss fleire gonger, t.d. mot Liverpool og Chelsea. Dette må me læra oss å takle, og kanskje bruke det sjølv også når me får dødballar i vår favør. Me må vel også vedgå at Bamford ikkje er spelaren som går i duellar slik t.d. Joe Jordan eller Mark Viduka gjorde. Bamford har gjort det svært bra, men han kunne faktisk hatt 15 PL mål til nå, så eg ynskjer meg ein skikkeleg storskårar i tillegg.
Likevel er eg strålande fornøgd med at me er i PL, og eg beundrar Bielsa grenselaust. Han har verkeleg fått alle som har relasjonar til laget og byen til å framstå som betre menneske og han har gjeve oss trua og håpet tilbake. Me må hugse på at mange av spelarane på laget ikkje utmerka seg særleg før Bielsa fekk ansvaret. Tenk å spele Bielsaball med skikkelege kvalitetsspelarar som Liverpoool, Man. City og Chelsea kan skilte med. Me hadde vore uslåelege. Bielsa is God! MOT!