Ser ikkje bort frå at Wise vert henta inn som assistent for Blackwell. Det må nok i så fall betraktast som eit tydeleg signal til Blackwell om at han må visa til resultat alt frå sesongen startar, sidan arvtakaren alt er henta inn.
På den andre sida er det jo tydeleg at Bates har hatt sitt å seia m.o.t kva spelarar som skal forlata klubben. Dersom han òg legg seg opp i kven som skal vera i trenarteamet, spørst det korleis Blackwell reagerer.
Det spørst jo òg korleis Wise vil verta motteken av fansen, mange vil jo forbinda han med Chelsea, og dei er jo som kjent ikkje særleg populære blant Leeds-supporterane.