At Healy blei bytta ut var vel naturleg. Sprang veldig masse og var sleten på slutten. Moore som kom inn gjorde ein like bra jobb, som Healy i andre omgang. Grunnen til at det blei Moore i staden for Blake, var kanskje fordi Moore er ein endå meir bakromsspelar enn Blake. Trur nok Blake er foran Moore i køen for startplass neste gong.
Frazer inn for Lewis var og greitt, sjølv om eg venta på bytte av Westlake.
At Stone vart bytta ut, sat eg og å venta på. Eg set spørsmålteikn på at det kom so seint (når han hadde holdt ut so lenge, hadde han nok klart eit par minutt til), og (som andre har vore inne på) at det skjedde mens CP hadde ballen.
Samtidig må eg vere so ærleg å seie at eg pusta letta ut for at det blei stopp i spelet. Noko som spelarane desverre også gjorde.
Ein kan diskutere kor lure byttar Blackwell gjorde, men når alt kjem til alt var det nokre sekund uoppmerksomheit frå spelarane som øydela poengfangsten.
Henning