Etter å ha lest igjennom alle trådane, har det danna seg eit inntrykk av kva dei fleste meinar. Men no skrik dei kanskje høgast dei som er fortvila.
Kunne sikkert ha posta innlegget andre plassar, men valget falt på denne.
Mange klager over forsvaret vårt etter Wolves-kampen.
Eg er heilt enig i at forsvaret virka usikkert, men ser ein heile sesongen under eitt har forsvaret vore den beste lagdelen. (Kilgallon blei vel stemt fram som månadens spelar her på forumet).
Når ein ser målforskjell etter 7 kampar, er den på 5-5, og vi har 3 kampar utan innslupne mål. Kanskje ikkje bakover det er størst problem?
Mange meinar Butler var dritdårleg,at han berre slo langpasningar og mange vil ha han ut av laget.
Som sagt var ikkje forsvaret heilt patent, men Butler var vel ikkje dårlegare enn resten. Blei ofte farlegare når Kilgallon og Crainey rota det til. Sjølv om særleg Crainey bidrar betre offansivt. Og Kilgallon slo minst like mange lange pasninger som Butler.
Det forsvaret slit mest med er offansiv markering og støting.
Målet var Butler sin feil.
Eg meinar det er Douglas sin. Det var han som solgte seg i duellen.
Laget virka uengasjert.
Er lenge sidan eg har sett eit so aggressivt Leedslag, og lenge sidan eg har sett so mange løp frå senral midtbane. Det var vilje i laget.
Det var litt av mine tankar. Ser no at innlegget mitt virkar som ein heltedyrking av Butler, men synst berre han fekk litt mykje pepper.
Var og veldig skuffa når eg kvart på to i natt såg skuddet gå i krysset, men meinar det var mykje positiv å ta med seg vidare. La oss håpe det snur mot Sunderland.
Henning.