Eg har sjelden sansen for folk som hoverer over "var det ikkje det eg sa", og liker sjelden å gjere det sjøl, men gjer eit unntak i dette tilfellet sidan det er relevant for diskusjonen. Då Gnonto først nekta å spele kamp, var det ein ganske unison meining frå forumdeltakarane at han aldri kom til å spele for Leeds igjen og at han anten kom til å bli solgt eller måtte spele for U21 resten av sesongen. Eg var stort sett åleine om å meine at det mest sannsynlege utfallet var at Gnonto kom til å innsjå at han hadde gjort noko dumt og at han kom til å bli tatt inn i varmen igjen. Og då som no, meiner eg også at dette var det beste utfallet av Gnonto-sagaen. Det er sikkert dei som fortsatt meiner at han burde blitt forvist til U21-laget, men mangelen på negative Gnonto-ytringar, tyder på at dei fleste no er einige med meg at å ikkje la Gnonto spele ville vere til skade for både Gnonto og klubben.
På samme måte er det med lånespelarane. Om vi skulle rykke opp igjen, ville det vere dumskap å ikkje hente ein del av dei tilbake forutsatt at dei får ein god sesong på eit høgare nivå enn Championship. Det er riktig at desse spelarane ikkje vil spele for Leeds ... i Championship. Skulle vi rykke opp er det nok fleire som kunne tenkje seg tilbake. Angus Kinnear seier i Squareball intervjuet (som eg anbefaler alle å høyre på) at det kun var 2-3 spelarar dei hadde lyst å behalde. Eg kan tenkje meg at det er Harrison og Sini, i tillegg til Adams som jo er solgt permanent. Koch kunne vel også vere aktuell om han har ein god sesong, men så er vel kontrakten utløpt.
I intervjuet bekreftar forøvrig også Kinnear at dei hadde utlånsklausular for å spare lønningar samtidig som dei ville unngå å selje dei med tap av FFP-omsyn. Desse spelarane hadde også salsklausular ved nedrykk, men ingen klubbar var villige til å betale salssummen i klausulane, så det blei utlån i staden.
Sent from my SM-S906U using Tapatalk