Har ikkje hatt tid til å skrive inn om kampen, og sidan dei fleste sikkert har sett kampen blir det ikkje so langt heller.
Har ikkje fått lese alt som er skreve om kampen, men har bete meg i merke eit par ting.
Kampen: Vi fører første omgang, og fortjenar å lede. Ikkje verdens beste spel kanskje,men mot eit lag som kjem for ein ting(holde nulle), er det heller ikkje det enklaste. Likevel skaper vi nok sjanser til å score. Samtidig drit vi oss nesten ut bak eit par gangar.
Starten av andre er dårleg.Skikkeleg dårleg. QPR har masse posession, og vi slit med å få tak i ballen. Ser ein del skryt av Howson. Vel fortjent, han jobber det han kan. Føler likevel at han ikkje er den beste plasseringsmessig defansivt, og at vi slit med komponeringa i midtbaneleddet. Douglas og Nicholls har fått til eit bra samspel dei siste kampane, og dette blei litt øydelagt i denne kampen. Med Blake som fri mann på kanten, Douglas ut av posisjon på kant (dei bytta vel litt rundt iløpet av andre) og Howson på sentral midt blei det litt feil.
Synst det er veldig få som nemner Cresswell etter kampen. (har ikkje lest gjennom alt, so skal ikkje seie det for sikkert) Men han viste verkeleg at han vil vinne, og at han vil gjere alt han kan for å bidra. Måten han jobba på i dag var imponerande. Ikkje sikkert det kjem fram i tv-ruta, men eit eksempel. Ballen blir spelt tilbake til QPR keeperen. Cresswell er 30 meter unna, men begynde å spurte mot keeperen umiddelbart. Blake som berre er 15 meter unna, jogga framover. Blir fort forbipassert av Cresswell som nesten klarer å blokkere utsparket. Og sånn var han i heile kampen.
Publikum:
Var verkeleg herleg å sjå folk på stadion igjen. Var herleg å ikkje sjå skrifta på tribunene på bilda mine. Der var folk i vegen....
Stemninga var veldig bra, særleg i starten og utover i første. I dag var det ikkje berre north stand som sang, men heile stadion. Verka verfall sånn. "Marching on together" gjer meg gåsehus kvar einaste gong, men dinna kvelden var det magisk. Volumet må ha gått fleire mil unna.
Nokre nemnte at det var buing etter kampen. Det var det også, men berre i nokre sekund, før folk fekk tenke seg om og begynte å klappe i staden. Var også nokre få som begynte å synge negativt om enten Wise eller spelarane, men blei fort bua på av resten av publikum. Kanskje det var det dokke hørte. Men skal nevnast at fortvilelsen auka i løpet av andre omgang.
Etter fem veker på dei britiske øyer, er det returreise i måra. Og det med blanda følelsar, dei treng jammen støtten dei kan få. So alle som har moglegheiten til å reise over. Go for it! We will stay up! We will stay up!
Henning.