Leicester kan fort bli ein sterk kandidat for nedrykk. Dei har fire vanskelege kampar igjen (Birmingham heime, PNE borte, Barnsley borte og Wolves heime), og er i elendig form. Ligg to poeng foran oss, og kan fort ende opp med maks tre poeng på siste fire kampar.
Luton er klare for nedrykk, og eg trur Southend også vil rykke ned. Har Plymouth og Southampton borte, og Luton heime. Vil antakelegvis få maks fire poeng på siste tre kampar.
Barnsley trur eg vil halde plassen. Skal spele heime mot Crystal Palace (dårleg form siste fem) og Leicester og borte mot West Brom. Kan fort ende opp med seks poeng, som blir meir enn nok for å sikre plassen.
Hull har to vanskelege bortekampar mot Stoke og Cardiff, samt ein heimekamp mot Plymouth. Hull har slite dei siste tre kampane, med to tap og ein uavgjort. Om Hull kan finne tilbake til formen dei hadde før den dårlege perioden vil dei halde plassen, men møter eit Stoke lag som kjempar om play-off samt Cardiff som aldri er lette å spele mot på bortebane. Både Leeds og Hull kan fort ende opp med maksimum tre poeng på dei siste tre kampane, og dermed vil antakelegvis Hull klare seg med betre målforskjell.
Konklusjon: det uventa vil skje. Nokre av laga over og under oss vil overraske, og Leeds vil trenge minimum fire poeng. Leeds har det vanskelegaste kampprogrammet dei siste tre kampane. Ipswich har vunne dei siste fire av fem, og Southampton har fortsått håp om play-off og må vinne mot oss. Derby kjempar om automatisk opprykk, og denne kampen vil antakelegvis gå heilt til siste dag og Derby må og slå oss for å sikre direkte opprykk. Eg trur det vil bli vanskeleg for Leeds å halde seg, men ser håp i dei siste kampars gryande form samt den dårlege formen til laga rundt oss (hovudsakleg Leicester og Hull).
- Rune
1. omgang: Southampton 3 Leeds 0
2. omgang: Southampton 3 Leeds 4
[
]
Job Done Preston, *******