Eg tar dette vindauget med knusande ro. Vi har eit nytt styre, som ikkje kjem til å selje utan at det kjem eit silly bud. Det er nok kun dei 7 store som har økonomi til å komme med eit slikt bud, og eg tenkjer at i januar vil dei kun bruke pengar på nokon som relativt sikkert kan forsterke laget.
Det kan kanskje tenkast at Newcastle med sine skadeproblem kan bli freista til å prøve seg på Summerville eller kanskje Rutter, men eg ser det som relativt lite sannsynleg. Gray begynner nok også å bli attraktiv blant storklubbane, men dei ventar nok til sommaren. Om vi ikkje rykker opp er det nok sannsynleg at Gray forsvinn då.
Når det gjeld spelarar inn, ser eg ikkje eit veldig stort behov for det. Vi har ein brei og god stall som ser ut til å fungere godt ilag. Men skulle dei rette spelarane bli tilgjengeleg, og då mest sannsynleg på lån, så kjem vi nok ikkje til å nøle med å hente inn forsterkingar.
Sent from my SM-S906U using Tapatalk