Onsdag 23. august sette kjærasten min og eg oss på flyet frå Sandefjord til Newcastle. Vi skulle unne oss ein 5-dagars tur til Leeds og Yorkshire etter ein sommar med stort sett jobbing. Dette var første gong Inger skulle få oppleve Leeds, så eg måtte leggje opp til litt anna enn berre fotball og pints. Hovudmålet for turen var difor Leeds Festival i Bramham Park, nokre miles frå Leeds mot York/Wetherby. Her opplevde vi blant andre Kaiser Chiefs på heimebane (forresten heilt spektakulært), Franz Ferdinand, Belle and Sebastian og fleire up-coming band.
For å gjere Inger kjend med ulike overnattingsalternativ budde vi først to netter på Comfort Inn, ei natt på Jury’s Inn og dei to siste nettene hos Peter Lorimer. Komforten varierte sjølvsagt mykje, men opplevinga av å sitje langt ut i dei seine nattetimane og skravle med Pete over eit ukjend antal Foster’s og Gin&tonics vegar opp for den litt skrale standarden på rommet.
Eg har vel aldri før vorte betre kjend med byen Leeds som denne gongen. Eg skulle fungere som både kjæraste, guide og poseberar på shoppingrundane, på ei og same tid. Travelt, men utruleg kjekt. Vi hadde nokre småturar til Wetherby og York også for å gjere oss kjend med nærområdet.
Søndag føremiddag vart vi henta i bil av ØBS og Helle hos Peter. Petey skulle også på kampen og kunne køyre oss, men då hadde vi allereie avtalt med dei to førstnemnde. Ved frukostbordet fortalde Petey at Bakke ikkje skulle spele kampen, men grunnen var noko vag. Om lag 35 minutt seinare rulla vi inn på ein parkeringsplass ved Hillsborough. Sidan Inger og eg ikkje har â€membership†måtte vi bestille billettar på hovudtribuna. Det vi ikkje visste på førehand var at vi hadde bestilt billettar i verste â€hooligans-landâ€! Maken til urokråker og motbydelege supporterar har eg aldri opplevd. Dei følgde meir med på kva Leeds-fansen føretok seg enn på kampen, og songar om tyrkarar og knivar dominerte kampen gjennom.
Vi haldt oss likevel rolege og følgde med på kampen. Kampen enda som kjend med ein 1-0 siger. Dette var faktisk første gong eg opplevde ein Leeds-siger på bortebane i ein obligatorisk kamp!
Turen vår var heilt fantastisk. Vi opplevde mykje moro og spennande på dei fem dagane i eit solrikt Yorkshire.