Tog toget tidleg i går og brukte nokre timar i Carlisle, som verka som ein hyggeleg plass. Kom i prat med to stykk som jobba i butikk som fleipa med at dei måtte huske å ta med kniv og laser til kampen. Fekk også booka meg inn på ein bed & breakfast då siste tog gjekk før kampslutt. Eigaren var ikkje veldig blid då han hørte eg var Leeds- fan.
Var vel opplyst på heimesida at alle bortebillettane var utsolgt, men hadde fått plass til mange fleire bak målet. Men med berre ståplassar ville dei vel ikkje ta noken sjansar med tanke på press og liknade.
Kampen starta bra for Leeds og mesteparten av spelet var på motsatt banehalvdel i forhold til der vi sto. Trudde vi scora tidleg, men blei avblåst for eit eller anna. Og når vi først scora, tok det ei stund før vi skjønte det. Trudde keeperen hadde ballen i fast grep og sjølv når ballen låg i nota, berre venta eg på ei avblåsning for eit eller anna.
Fortsatt det beste laget i heile omgangen, men eit bra frispark frå Harte enda på eit Carlislehaud rett før pause.
Kjempestart på andre omgang, der to tidlege mål senka pulsen. Higgs hadde ikkje mange skot å ta heile kampen og fullt fortjent siger, der eg ikkje såg nokon som spelte dårleg. Gradel igjen BB "He`s here, he`s there, he`s every f...... where, Max Gradel, Max Gradel.", med Becchio like bak. Litt buing frå enkelte då Beckford kom på bana, men blei fort til synging i staden. Beckford entra bana med Leeds- saluten og tok eit par spurta etter håplause ballar for å bevise at han kan jobbe hardt.
Blei holdt igjen i 5-10 minutt av dei utallige politifolka. "We pay you`re overtime" og "What a waste of money".
Andre songar i løpet av kampen: "If Leeds score 4, we`re on the pitch". "On the pitch, on the pitch, on the pitch". "Did you cry on Wembley". "JPT, who gives a f..., we`re super Leeds and we`re going up". "Are you Scotland in disguise"
Spennande innspurt. Come on Leeds!!!!!