Det har, er og vil alltid vere interessant å følgje Leeds. Eg må innrømme at dagane under Bates og GFH var tøffe, men no ser eg litt lysare på framtida. Riktignok har vi fått ein godt kokt spaghetti-cowboy som sjef og eigar, men han verkar villig til å investere sportsleg, men bør overlate til andre å vurdere trenarar. Eg spådde stor turbulens inneverande sesong, noko vi allereie har opplevd, men forventar klatring på nyåret og opprykk neste sesong.
Om spelarane heiter Smith og White eller Bianchi og Antenucci er eigentleg likegyldig, så lenge dei blør for drakta og vi finn stadig nye talent i eigne juniorrekker.