Det er jo bare plastikk-supportere som antagelig aldri kommer til å forstå seg på kultur, lojalitet og klubbfølelse som kommer til å tilgi Gnonto etter en brukbar kamp!
Dersom du aldri har gjort en eneste feil i din tid her blant oss dødelige, er det bare å gratulere. Det finnes en tid for å tilgi dumme feil, og nå er det tiden for å hjelpe Gnonto videre i hans karriere kommet.
Han trenger støtte nå, ikke å bli kastet under bussen som du ønsker.
Han har kastet seg sjøl under bussen!
Ja, det kan du godt si, men vi har alle gjort dumme feil, spesielt i ungdomstida. Og her har han nok hatt veldig god hjelp av hjelpesløse agenter. En landslagsplass for Italia har sikkert også vært i tankene hans.
Synes holdningen din vitner om lite forståelse for hans situasjon. Ja, han har dummet seg ut, men det har vi alle gjort.
Det blir for dumt "å hogge hodet" av han nå, som tydeligvis er det du ønsker. Ser du ikke hva han tilfører laget?
Gnonto hadde en ok kamp i dag, ikkje noe mer enn det. Eg liker lojale spillere!
Eg ser at mange krev lojalitet frå Gnonto og andre Leeds-spelarar. Uansett kor mykje ein skulle ønskje dette, er det berre å innsjå at dette tilhøyrer ein "svunnen tid".
Dei som krev lojalitet bør også tenkje på at om vi ser bort frå Archie Gray består laget av ein gjeng svikefulle forrædarar. Dei har alle forråda sine tidlegare klubbar; dei aller fleste opp til fleire gonger. Så kva ventar det av ein slik gjeng med slike svikefulle sjeler? At dei kjem til Leeds og brått innser sin tidlegare villfarelse og at dei innset at dei endeleg har møtt sin skjebne og derfor må bli karrieren ut? Eller at Leeds er Guds utvalde klubb, og at det er OK å vere illojal mot alle andre klubbar, berre ikkje Leeds?
Tida med at spelarar veks opp i ein klubb og held seg lojale til den klubbe karrieren ut, er forbi, og samme kor mykje ein ønskjer seg tilbake dit kjem det ikkje til å skje. Spelarar søkjer seg til klubbar der dei kan maximere inntekt og sportsleg vekst (og ulike spelarar vektlegg dei to parametrane i ulik grad, men i det store og heile er det dette som bestemmer kor dei ønskjer å spele).
Det er naturleg for Gnonto å ønskje seg bort. Han er eit stort talent som vil kunne utvikle seg meir i PL (og sjølvsagt vil han også tene meir der også). Han er nok ikkje så reint lite irritert på agentane sine som ikkje sørga for ein release clause på samme måte som stort sett resten av laget frå i fjor. Samtidig kan vi vel ikkje seie at han skuldar Leeds så mykje. I løpet av mindre enn eit år har han hatt fire managerar, og minst halvparten av dei virkar å ikke ha verdsett han i særleg grad.
Dette rettferdig gjer likevel ikkje oppførselen hans i det siste. Han har lov å ønskje seg bort, men har likevel ein kontrakt og må forhalde seg til den. Dette virkar det som han no har innsett, og viss han fortsatt er her når vindauget lukkar, og ønskjer å gjere sitt beste for klubben, så bør supporterane tilgje han for feilen har gjort og støtte han på samme måte som resten av laget. Noko anna vil ramme Leeds like mykje som det vil ramme Gnonto.
Sent from my SM-S906U using Tapatalk