Den litt merkelig langdryge og åpne prosessen tyder på at klubben har strukket seg langt og lagt mye prestisje i å hente denne spilleren. Dette er med andre ord ingen squadplayer Grayson har hentet inn. Mc Cormack er antagelig garantert mye spilletid og presset på han blir stort fra dag en. Jeg er nå svært spent på hvilken rolle Mc Cormack faktisk får i laget. Blir han en av to spisser i 4-4-2? Blir han en breddeholder eller midtspiss i 4-3-3? Er det Becchio som må vike plassen eller kan Grayson finne på å benke Somma? Han starter nok uansett på benken idag men vil høyst sannsynlig få minimum 15-20 min som innbytter. Blir spennende dette.
Grunnen til den 'merkeleg opne prosessen' kjem av at agenten hans gjekk ut med forhandlingane. Difor gjekk Leeds offentleg ut med dette og samstundes slakta agenten.
Eg trur at vi i McCormack kan ha gjort eit kupp. Prisen som blir nemnt rundt om er mellom £300.000-600.000, dette for ein spelar som for eit år sidan blei verdsatt til £4-5m. Med andre ord ikkje ein veldig stor gambling. I fjor sleit McCormack lenge med å kome tilbake etter skade, som kombinert med å spele ute av posisjon førte til den magre scoringsfangsten. Sesongen før viser likevel at vi har fått ein spelar som på sitt beste høyrer til blant dei beste i divisjonen.
McCormack treng heilt sikkert litt tid å spele seg inn. Sam, Snoddy og Watt må nok kjempe om kantplassane, medan Paynter, Becchio, McCormack og Somma vil kjempe om spissplassane. Trur Paynter vil slite framover. Han var veldig uheldig som fekk skaden i sommar, etter å ha vist til dels lovande takter. Han er av typen ein litt 'tung' spiss, som gjerne vil slite med å kome tilbake i toppform midt i ein sesong, spesielt etter å ha gått glipp av mesteparten av pre-season.