Ein kan jo ikkje gjere anna enn å like denne mannen. McDermott har framstått med integritet og truverd sidan dag 1. Det han seier heng på greip og han kjem ikkje med dustete bortforklaringar når ting går dårleg. At det er fleire her som beskyldar McDermott for å vere kynisk og heller vil ha ein eigar som ein dag seier at McDermott kan skulda seg sjøl for at han fekk sparken og neste dag seier at han alltid ville ha han som manager, men det var GFH som ville bli kvitt han, er smått uforståeleg.
Men, dei som vil ha Cellino ved roret har nok rett i at det blir lettare for Leeds å oppnå sportsleg suksess med han som eigar. Dette blir vel som å banne i kyrkja, men det er ting som er viktigare enn å få Leeds tilbake i PL. Etter helgas hendingar tar eg heller neste år i League 1 med McDermott i managerstolen enn PL med Cellino som eigar (og som eg skreiv i eit innlegg tidlegare så har eg fortsatt null tru på at kombinasjonen McDermott/Cellino vil vare).
At McDermott er ein likandes kar med integritet, gjer han naturleg nok ikkje nødvendigvis til ein bra manager, men for meg har han vist nok til at han fortener å få dei 3 åra han fekk lovnad om då han kom inn.