Leeds er eit fantastisk lag å vere på FM. Har til no spelt to sesongar. Soleklar førsteplass første sesong i L1 med 110 poeng og eitt tap. Andre sesongen gjekk over all forventning. Starta meget bra, men dabba litt av etter 10-15 kampar, og gjekk inn i ein tørr periode på 5-6 kampar. Resten av sesongen tapte eg ein kamp, og sikra direkte opprykk på andreplass i årets siste kamp!
Spelar konsekvent 4-3-3 med tre sentrale midtbanespelarar. Mixed passing, men hakket før short passing. Attacking stil, hakket over normal. Hugsar ikkje alle detaljar, men nyttar offside og kontringar.
Laget:
Ankergren
Richardson Michalik Huntington/Hovland White
(meget bra back.) (meget god) (to talent, varierar litt) (Sheehan
Carr som back-up er også god)
Kilkenny (Howson) Douglas Delph (Elm)
Meget sterk midtbane. Douglas fungerar utmerka sentralt. Delph og Kilkenny puttar mange mål, 10+, og Howson og Elm er nesten like gode. Prutts fungerte i L1, men mista plassen etter kvart. Same med Johnson, som eg fekk solgt for 1m pund til Hull.
Beckford Lita Torje
Beckford er målgarantist. 20 mål i CCC. Lita henta eg gratis, og har fungert greit første sesongen. Torje er eit stort rumensk talent som eg har omskulert til spiss. Har elles Cameron Jerome, Snoddy, og eit par unge talent.
Satsar konsekvent på unge spelarar. Dette er ekstra viktig når ein er ein klubb som Leeds med begrensa summar i banken (sjølv om klubben har god råd i forhold til L1-klubbar), så er det lurt å kjøpe og ungt, og selge dyrt. Unge spelarar kan som oftast hentast for ein billig penge, i forhold til meir rutinerte. Kombinert med enkelte eldre støttespelarar fungerer dette bra. Svidde riktignok av 4m pund for Torje, men han er verdt det!
Etter at opprykket til PL var sikrar, har Bates prøvd å selge klubben (det var rart), og har vore låst i samtalar med eit konsortium i tre månader. Dette gjer at eg ikkje får gjort handla inn nye spelarar, noko som er sårt tiltrengt foran PL. Dette er bittert då Bates faktisk ga meg ein solid sum til å handle nye spelarar. Nesten verre er at det nye konsortiumet hevdar dei vil tilsette Alan Pardew som ny manager, til trass for jobben eg har gjort. Jobbtilbud har florert frå middels PL-klubbar, men er ikkje aktuelt.
Er tippa på sisteplass foran sesongen i PL, og utan nye spelarar (utanom eit par unge talent signert på vårparten), skal det halde hardt. Byrja heldigvis med heimesiger mot Newcastle, og det er så langt som eg har kome.
Uansett, tips til dei som startar med Leeds.
Laget ved oppstart er godt nok som det er for direkte opprykk. Forsvaret er sterkt, men treng gjerne litt fyll. Frazer er meget solid på høgrebacken, og har servert mange assists. White på venstrebacken har gjort det same, om enn litt meir ustabil. Sheehan er eit meget godt alternativ. Douglas sentralt på midten har gjort ein solid slitarjobb, og har tidvis vore lagets beste spelar som anker. I Kilkenny og Delph har ein to meget gode sentrale midtbanespelarar som puttar over 10 mål i sesongen, og serverar plenty med assists. På topp er plassen ein bør prioritere for forsterkningar. Becchio hadde ein grei førstesesong, men blei solgt etter opprykk til CCC. Showunmi blei toppscorar i L1 for meg, men fallt gjennom i CCC. Snoddy er ustabil, men kan vere god
Etter opprykket til CCC prioriterte eg å bruke mykje pengar på å hente inn staff. Lag til eigne treningsopplegg for ulike lagdelar, og assign ein coach til kvar treningsattributt. Tips: hent youth coaches frå andre klubbar. Dei aller fleste takkar ja når dei blir tilbudt rolla som 'coach' og ikkje 'youth coach'. Kan gjere store kupp på den måten! Elles finst det alltid enkelte gode trenarar gratis, og gamle storspelarar som blir gode trenarar.
Elles finn ein alltids gode spelarar gratis. Henta inn Stephen Carr (tidlegare Tottenham og Newcastle), og har vore eit meget solid alternativ på høgrebacken. Har og Hatem Trabelsi som er eit godt alternativ der. Kan og finne ein del unge spelarar som kan fungere som back-up/stallfyll, og som kan generere litt pengar ved vidaresal.