Det er aldri OK å tape, men det er no blitt slik at den økonomiske gevinsten ved å rykke opp til PL eller å kvalifisere seg til CL er så mykje større enn å evt komme til ein FA-cup finale, og av den grunn blir cupen nedprioritert av laga i øvre sjikt av dei to øverste ligaene. Dette var ein riktig avgjerdsle av Bielsa. Eg velger å fokusere på det positive:
- BPF gjer ein god kamp og får tilbake litt sjøltillit som virkar å vere på vikande front før denne kampen.
- Allioski og Forshaw viser kvifor dei er på førstelaget og presterer hakket over resten (ueinig i at Forshaw er dårleg i denne kampen, men feil gjer han som alle andre)
- Ayling er på betringens veg og gjer ein betre kamp enn sist
- Leif er for meg den mest interessante av unggutta, trass i at han kan lastas for begge måla. Han virkar trygg med ballen og gjer ofte gode val. Eg spår han ein stor karriere om han unngår store skadeproblem, men noko luftbaron er han ikkje (enda iallefall).
- Fleire av U23-gutta får sin første smak av A-lags fotball og ingen gjorde seg bort, sjøl om dei har litt igjen til nivået til eit lag som er best i Championship.