McCormack redda oss igår - i lag med Kenny.
Vi overlet initiativet til Charlton i store delar av kampen og spelte 5-4-1 i heile andre omgang. Usikker på den nye formasjonen - må nok drillast ein del meir før den sitter. Vi blir baktunge i store delar av kampen og det blir for mange i bakre rekker. Litt heldig må det seiast at vi var.
Var også klar til å kome med kritikk for manglande bytter. Blackstock vart fort tom og burde ha blitt bytta ut tidlegare. Ville også ha nye krefter på midtbana tidleg i andre omgang.
Men for ein herleg siger.
Fekk også underhaldning på toget tilbake - gjennom stasjonen og i undergrunnen, då ein gjeng hylla Michael Brown.
Number 1 is Michael Brown, number 2 is Michael Brown......osv.osv.osv.osv.........99 is Michael Brown, number 100 is Michael Brown--------We all dream of a team of Michael Browns, team of Michael Browns, team of Michael Browns.