Synast det er lurt å ha lavt press av Leeds, i allefall i perioder. Ut i frå dei siste kampane, har ein fått tydleg inntrykk av at Leeds er dårlege å presse i lag. Såg og dette i går. Derfor meinar eg det er smart å dette litt tilbake og prøve å snøre ihop sekken. Dette ser ein også av absolutt alle topplag rundt om kring. (Utan samanlikning forøvrig).
Ser sjølvsagt bekymringane med dette. Mot eit betre lag hadde vi sannsynslegvis blitt straffa, og eg hadde hjertet langt opp i halsen til tider. Men når eg tenker etter, kom ikkje Southend til veldig mange sjansar. (Viss ein ser vekk ifrå ein relativ liten periode med corner-orgie og gode redningar frå Stack.)
Men vi holdt ut desse periodane, og det er nettopp denne typen spel forsvaret vårt likar (rettelse:meistrar). Særleg Butler rydda jo opp i stor stil. Det kan vere farlegare å skulle forsvare seg frå 20 meter og inn, men trur blant anna Butler synast det er enklare enn å skulle forsvare seg frå 60 meter og inn.
Konklusjon: Wise må jobbe mykje med det å presse ilag. Sånn at ein kan variere presshøgde, og likevel ha brukbar kontroll.
Good luck against Preston!
Henning.