Ser utifrå dei siste sidene at det er stor skuffelse rundt om kring. Ikkje so rart med dei resultata vi presterar for tida.
Kampen idag var ikkje so ulik kampen mot Oldham, eller mange av kampane før jul for den saks skuld.
Men vi har ikkje flyten og då bir det 1 poeng istaden for 3.
Første omgang er som ofte før litt passiv. Vi har bra kontroll bakover, unntatt av 1 glipp som fører til ein stor sjanse som Ankergren reddar fint. Framover har vi mykje ball, men skapar vel berre 4-5 halvsjansar.
Betre trøkk frå starten av andre utan at vi skapar mange sjansar. Synd at Hughes blir skada, som fører til endå meir rokkering i forsvaret. Allereie to forandringar frå start pga. skade og med Hughes ute blei det endå to forandringar.
Scoringa til Brenford ser ein kome, då ein heng etter i fleire duellar på rad. Det heile endar med at Doyle brassesparkar ballen opp i nettaket. (Ballen var sannsynlegvis inne allereie, men frå motsatt banehalvdel såg det rart ut.)
Responsen frå Leeds er massiv. Vi har skikkeleg trøkk, kjem til mange innlegg og ein del sjansar. (So kan ein spør seg kvifor vi ikkje kan gjere dette frå start). Scoringa kjem etterkvart og vi har god tid til eit nytt mål. Men trykket ebber litt ut. Sjansar til å avgjere har vi likevel, då Lubo headar i stolpen og Snodgrass kjem åleine med keeper utan å få avslutta. (Skulle vi hatt straffe?)
Synst ikkje Grayson traff med bytta i dag. Eit påtvungen pga. skade og eit moglegens påtvungen pga. White sin krampesituasjon. Det eg derimot synst var rart var Dickov inn for Becchio. Vi hadde i perioden før bytta komt til mykje innlegg frå kantane og skulle gjerne ha sett Kandol i feltet i sluttfasen. Der og Becchio kunne ha gjort nytte for seg. Dickov er nok kamprusten og hadde tre-fire fryktelege touchar.
Ser ein på kampproggrammet til Leeds ser det ikkje heilt bra ut, bl.a. med vanskelege bortekampar mot Southampton, Norwich og Charlton. På samme tid har eg eit håp om at Leeds reiser seg mot dei anntatt betre laga. Vi har absolutt potensiale til å slå alle laga og håpet er at vi verkeleg reiser oss i sluttfasen.