Hat hatt sansen for Varney. Blei ufortjent hakkekylling og bua på i kamp etter kamp. Kjempa seg tilbake og leverte på bra nivå, med knallhard jobbing og luftstyrke som ingen andre i laget.
Har igjen hatt ein periode ute i kulda. Sjølvsagt vanskeleg å seie om dette har vore rett, her eg sit. McDermott har forhåpentlegvis sett han i trening kvar dag. Men har sakna han i fleire kampar, då Smith tross sin høgde, tapar flesteparten av oppspela bakfrå og er lite bevegeleg.
So skal det også takast med at vi berre har fått høyre McDermott sin versjon. Ein fortvilt, sint, forbanna og oppgitt mann, som faktisk berre seier "“I spoke to Luke before the game and he said that he didn’t want to get injured in the game. So if someone said that to you, you can’t play him".
Eg kjenner ingen som vil bli skada i ein kamp. Var det McDermott som tok initiativ til samtalen, der han fortel at Blackburn er interessert, eller er det Varney som tar kontakt og hintar om at han ikkje vil spele?