Ken Bates vart fødd i London i England den 4. desember 1931. To månader etter fødselen døydde mora hans. Sidan faren ikkje kunne ta seg av han, voks han opp hjå steforeldre i ei leilegheit i Vest-London. I dei seine tenåra arbeidde han saman med den biologiske faren i eit steinbrot i Manchester i Nordvest-England. Då han var 22 år gamal, gifta han seg med Theresa, dottera til ein særs rik godseigar frå Irland. Kort tid etter kjøpte Ken Bates sin fyrste Bentley.
Steinbrotet i Manchester gjekk særs godt, og etter kvart begynte dei å selje ferdigmiksa, flytande betongmasse til ein raskt veksande byggingsindustri i England. Ken Bates blei styrar for det nye selskapet.
Den 28. januar 1965 lanserte Ken Bates sitt selskap Howarth på børsen i Manchester. Howarth var eit konstruksjons- og byggingsutviklingsselskap som heldt til i Burnley i Lancashire. Samstundes vart Ken Bates i 1965 styreformann for fotballklubben Oldham Athletic, som held til rett utanfor Manchester.
I 1966 sa eitt medlem av styret i Oldham Athletic opp vervet sitt, og kunngjorde: â€Ken Bates trur på ein komité beståande av to personar, der den eine er fråverande.â€
I 1966 begynte Ken Bates eit byggingsprosjekt på Dei britiske jomfruøyane. Prosjektet innebar tørrlegging av kilometervis med myrjord og ei lita øy som heiter Anegada. Det britiske utanriksdepartementet støtta prosjektet.
I 1967 kom selskapet Howarth i store problem. På møtet for aksjehaldarane i selskapet sa Ken Bates mellom anna fylgjande: â€Vi har lagt dei verste problema bak oss. Eg vil ikkje trekkje meg ut!â€
Nokre av bankfolka som hadde hjelpt Ken Bates med å finansiere prosjektet på Dei britiske jomfruøyane, nektar i juli 1968 å arbeide saman med han. Dei grunngjev hans â€skakande oppførsel†som årsak. På denne tida innrømmer Ken Bates overfor avisa The Financial Times at han tente pengane sine â€ved å bryte reglaneâ€. Ken Bates, kona og dei fem borna deira flyttar no til Dei britiske jomfruøyane permanent. Ken Bates sa opp jobben som direktør for Howarth og som styreformann for Oldham Athletic F.C. Viseformannen for Oldham seier at â€Bates var altfor ambisiøs, for raskt. Snøggleiken hans var for fort.â€
Den 24. juli 1969 avslører Howarth gjeld på £1.8 millionar og dei må innkalle skatteinnkrevjaren.
Etter eitt år med prosjektet på Dei britiske jomfruøyane i 1969 var det fleire innfødde som klaga på den â€vulgære oppførselen†til Ken Bates, særleg dei lokale kvinnelege politikarane. Etter at ein by på Jomfruøyane vart lagt under vatn, etter det som er sagt som ei følgje av all landjorda som Bates hadde fått tørrlagt, var det fleire innfødde som truga Bates med vald på grunn av â€den overlegne haldninga hansâ€.
Den britiske regjeringa vart i 1970 alvorleg bekymra for det tilbakevendande nærværet til Ken Bates på Dei britiske jomfruøyane, og nivået på uroa til den lokale befolkninga der. Derfor tok Den britiske regjeringa affære. Ken Bates sa då at han ønskte ti millionar amerikanske dollar for å forlate øya, elles ville han â€verte vondâ€.
Den 21. april 1974 aksepterte Ken Bates eit bod på $5.8 millionar frå Den britiske regjeringa for å trekkje seg ut av all forretningsverksemd på Jomfruøyane. â€Det er særs urettferdig,†sa Ken Bates og betalte alle kreditorane, men mislykkast i å tene sin forventa formue der.
Ken Bates flytta no til Dublin i Irland og opna sin eigen bank, Irish Trust Bank (heretter berre forkorta ITB). Denne banken fokuserte på småspararane og fekk heile 1400 kundar etter eitt år i verksemd (inkludert fotballspelaren George Best og den gamle legenda Bobby Charlton).
I 1971 overdreg The Irish Trust Bank ein stor sum med pengar til International Trust Group, som igjen eig 20 prosent av banken, merkeleg nok.
17. april 1972 gjekk Ken Bates av som direktør for ITB, etter at Den irske sentralbanken hadde komen med ganske alvorlege merknader til verksemda i banken. Bates vart erstatta av Freddie Pye, ein tidlegare brytar, skraphandlar og formann for Stockport County. Pye Metals fekk umiddelbart eit lån frå ITB på £200.000.
I 1974 vart Ken Bates kjent med John Papi, ein insolvensekspert frå Kuwait, som var tilsett hjå Stoy Ayward. Bates tok imot råd frå Papi og gjekk difor inn i Kemp Directories for berre eitt pund (noko som sidan gav Bates over ein million pund i forteneste). Bates tok også over forlaget Owen Press for berre eitt pund etter råd frå Papi.
I 1975 kom Irish Trust Bank i vanskar. Den irske sentralbanken viser til at det var gitt altfor mange lån til anonyme selskap utanskjers (offshore). Desse låna vart ikkje betalte tilbake. Sjølv om Bates offisielt ikkje var aksjehaldar eller direktør for banken lenger, gjekk han til retten og kjempa for at banken skulle få lisensen sin attende.
23. mars 1976 gjekk Ken Bates og to andre menn (som blei omtala som â€torpedoarâ€) inn i kontora til banken og la beslag på mange dokument. Ein arrestordre frå politiet vart difor utstedt for Ken Bates. Dommarane gav Bates ordre om å returnere papira og gav også støtte til kravet om å leggje banken ned.
I 1976 gjekk Ken Bates igjen inn i fotballverksemda. Han engasjerte seg no i amatørklubben Wigan Athletic i Lancashire (ikkje langt frå Manchester). Wigan vann i 1978 amatørserien Northern League og blei valt inn i den lågaste profesjonelle serien (som den gongen heitte Fourth Division). Wigan erstatta Southport, som sesongen før hadde blitt nest sist i Fourth Division. I sin første sesong som profesjonelle vart Wigan Athletic nummer seks i serien. To år seinare klarte Wigan å rykke opp til Third Division, der dei spelte dei ti neste sesongane. I 1982 selde imidlertid Bates seg ut av Wigan og kjøpte i staden opp Chelsea FC i Vest-London.
I 1977 var det mange småspararar over heile Irland som vart konfronterte med tap av det dei hadde spara gjennom livet (pga. konkursen til Irish Trust Bank). Den irske regjeringa gjekk inn i verksemda til banken i det som då var valår, og dei lova å betale attende dei tapte sparekontoane i sin heilskap. Etterforskinga kunne aldri bevise at nokon av låna frå banken hadde blitt gjort anten direkte til Ken Bates, eller til eit av selskapa som Ken Bates var direkte involvert i. Men det var i nokre tilfelle nokre merkelege samsvar.
Ken Bates gjekk ut av 1970-talet med om lag £5 millionar i formue. Det meste av fortenesta hadde han fått etter råd frå insolvensekspert John Papi. Ken Bates starta på byrjinga av 1980-talet med å la håret sitt gro langt og flytta så til Australia (eller har vi lov å seie flykta til Australia).
I november 1981 dukka plutseleg Ken Bates opp att i London, der han møtte John Papi, som deretter informerte Bates om at han kunne overta fotballklubben Chelsea for berre eitt pund. Ken Bates handla igjen på råd frå Papi og kjøpte deretter opp Chelsea FC. Det som er interessant her, er at Bates ved overtakinga av Chelsea og minst eitt anna selskap, gav opp feil fødselsdato.
Utan nok likvide midlar gjer så Ken Bates eit særs stort mistak og kjøpte ikkje opp eit anna selskap som åtte Chelseas fotballstadion og omkringliggjande eigedom. I staden blei sjølveiget på all materiell eigedom knytt til Chelsea FC selt til eit eigedomsutviklingsselskap som heitte Marler. Fotballklubben fekk melding om å forlate Stamford Bridge (stadion) i 1989.
1980-åra vart ikkje eit godt tiår for korkje Ken Bates eller Chelsea FC. Det meste av kreftane til klubben gjekk med til å kjempe for kontroll over stadionrettane og å kjempe mot eit hooliganelement mellom supporterane gjennom heile 1980-talet. Som eit svar på hooliganproblemet søkte Ken Bates om lov til å reise eit elektrisk gjerde inne på stadion, men søknaden vart avslått av dei lokale styresmaktene i Vest-London.
I 1991 vart Ken Bates og Chelsea FC redda, sidan Marler blei slått konkurs. Sjølveiget av eigedomen blei no overtatt av The Royal Bank of Scotland, som garanterte Bates ein leigeavtale av stadion i 20 år, med utsikt til å kjøpe eigedomen.
I 1992 kunngjorde Chelsea FC større tap enn før, saman med eit enno større underskot i klubben. Klubben var ute av stand til å betale mange av kreditorane, i tillegg til eit usikra lån på £1,75 millionar frå The Royal Bank of Scotland. Teknisk sett spelte no Chelsea fotball samstundes som dei var konkurs, noko som var eit brot på reglane til Det engelske fotballforbundet (FA).
Igjen handla Ken Bates på råd frå John Papi, som oppdaga ein feil i spelarkontraktane som var skrivne av FA. Dei var skrivne i namnet til â€Chelsea Football Clubâ€, i staden for til â€Chelsea Football and Athletic Clubâ€. John Papi etablerte difor to nye selskap – Chelsea Village Ltd og CFAC Ltd, og 14. august 1992 blei eigedelane til Chelsea Football and Athletic Club overførte til det nye selskapet – CFAC Ltd.
Chelsea Football and Athletic Club blei deretter kalla berre for CFAC Ltd, for å kunne verne om namnet â€Chelsea Football Clubâ€. Dinest vart alle eigedelane til CFAC overførte til Chelsea Village Ltd. Alt blei altså ordna slik at CFAC heretter var den rette eigaren og ansvarlege for klubben (og den enorme gjelda).
På denne tida overførte John Papi også alle spelarane i Chelsea, med ein verdi på rundt sju millionar pund, frå CFAC til Chelsea Village Ltd (der alle aksjehaldarane var anonyme fond utaskjers). Denne transaksjonen blei kritisert av Touche Ross som â€ulovlegâ€. For å gjere ferdig heile omstillinga, blei ikkje salet av sesongkort utbetalt til det gamle selskapet CFAC.
I juni 1992 overførte John Papi 620 000 pund til Chelsea Village, noko som etterlet ei gjeld på 418 000 pund i CFAC. Maybanks (trykkeriet for Chelsea) bad om ei offentleg konkursordre for CFAC, sidan dei ikkje visste om desse transaksjonane som var gjort av Papi.
I mai 1993 blei John Papi utnemnd til skatteinnkrevjar for Chelsea Village Ltd, sidan Chelsea Village var den største kreditoren for CFAC. Han kunngjorde at CFAC hadde â€inga anna løysing enn å avslutte verksemdaâ€. Andre kreditorar vart no illsinte over at den offentlege avviklaren hadde favorisert Ken Bates, og seint på året i 1993 bad kreditorane om at Ken Bates måtte bli etterforska av Det engelske fotballforbundet FA.
Ken Bates fekk deretter ei høgsterettskjenning for å avslutte etterforskinga frå FA. Men Ken Bates måtte garantere at alle dei gamle kreditorane skulle få pengane sine attende.
Ken Bates var særs lite nøgd med den jobben managerane John Hollins, Bobby Campbell, Ian Porterfield og David Webb hadde gjort for Chelsea, og i 1993 utnemnde han Glenn Hoddle som manager, og den middelmåtige Premier League-klubben byrja no å klatre oppover tabellen.
I 1994 blei forretningslisensen til John Papi dradd inn av styresmaktene i England, og fire år seinare blei han sett i fengsel for å ha lurt The Inland Revenue (likningsmyndigheitene).
Glenn Hoddles Chelsea spelte cupfinalen i 1994, og ytterlegare suksess følgde under Ruud Gullit og Gianluca Vialli, alt finansiert av Matthew Hardings injeksjonar av kontantar i klubben.
På denne tida stranda Ken Bates’ ekteskap med irske Theresa, etter at han blei avslørt etter eit utanomekteskapeleg forhold til Pam, ein fotomodell.
Chelsea vann FA-cupen i 1997 og 2000, og dei tok også heim trofeet etter å ha vunne europacupvinnarcupen i 1998 og ha nådd semifinalane det følgjande året.
Dei plutselege sparkingane av Gullit i 1998 og Vialli i 2000, etter at Vialli hadde vorte den mest suksessfulle manageren til Chelsea, synte at Ken Bates ikkje hadde blitt mindre omsynslaus med åra, trass i at han no hadde vorten ein mogen mann.
Men formannen for Chelsea (Ken Bates) kunne ikkje lenger handtere dei gallopperande utgiftene og gjelda i klubben, som no var på om lag på 80 millionar pund (det svarar til ein milliard norske kroner). Frå ingen stader kom ein av dei rikaste personane i verda – Roman Abramovitsj. Han kjøpte opp klubben og sikra framtida til Chelsea. Utan at Abramovitsj hadde skote inn nokre av pengane sine i Chelsea, er det mange som meiner at Chelsea ville ha komen i det same uføret som Leeds United og Sheffield Wednesday har vore i.
Ken Bates fekk etter kvart 17 millionar pund (etter salet av aksjeposten sin i Chelsea). Det var mykje pengar, sidan han opphavleg berre hadde betalt eitt pund (£1) for klubben.
21. januar 2005 kjøpte Ken Bates 50% av aksjane i Leeds United. Han lanserte straks ein treårsplan der Leeds United innan 2008 skulle vere tilbake i Premier League. Leeds United enda i mai 2005 på 14.plass i Coca-Cola Championship. Kevin Blackwell var då manager for Leeds United. Tysdag 24. oktober 2006 vart Dennis Wise tilsett som ny manager for Leeds United. I mai 2007 enda Leeds United sist i CCC og rykka ned til eit historisk lågnivå for klubben, League One, eller det tredje høgste nivået i engelsk fotball. Sommaren 2007 følgde det største administrative kaoset som nokon gong har vore i klubben. Som ei følgje av manglande aksjonærmøte og ulovleg drift av nytt selskap, vart klubben frådømt femten poeng, men fekk til slutt den gylne aksjen i fotballigaen. Hadde det ikkje vore for rotet til Ken Bates, ville Leeds United i maidagane 2008 ha gått rett opp i CCC.