Runar sitt poeng er vel at ein skal vere forsiktig med å trekke bastante konklusjonar på eit tynt faktagrunnlag. Dette er eit råd som mange her på forumet gjerne kunne følge oftare (og det gjeld sikkert meg sjøl også), sjøl om underhaldningsverdien nok ville blitt litt lågare.
På samme måte som utanforståande lett kunne komme til å konkludere med at Costa er eit bomkjøp, sidan han har fått lite speletid og endå ikkje er fast på førstelaget etter 5 kampar i sesongen, konkluderer h.b. og RoarG med at Saiz ikkje har suksess i Girona etter to kampar. Vi som kjenner Leeds, veit at Bielsa gjerne vil la nye spelarar få tid til å lære hans fotballfilosofi, og samstundes er "never change a winning team" noko han i stor grad held seg til. Om det samme gjeld for Saiz i Girona veit eg ingenting om, men det gjer sikkert heller ikkje dei som konkluderer med at han slit med å komme på laget der.
Når deg gjeld fotballspelaren Saiz, så er eg blant dei som meiner at som meiner at Saiz var Championship's desidert beste spelar og nær verdsklasse då han spelte på sin beste. Dessverre for oss andre så virkar det som Saiz har høgare prioritetar i livet enn å bli så god fotballspelar som han har potensiale til. Dette er eit val som vi må akspetere, og om det er eit riktig val eller ikkje, er det ingen som kan vurdere betre enn han sjøl. Lykke til i Girona, Saiz.