Eg såg denne kampen på Bloomfield Road, og første omgang var det kun eit lag på banen. Det virka som Leedsspelarane rekna med at dette var wo, og det var så vidt dei orka å bevege på seg. Heldigvis var Blackpool så dårlegare som tabellposisjonen viser, og dei klarte kun å få inn eit mål.
Andre omgang var mykje betre frå Leeds sin side, noko som Antenucci ikkje minst hjalp til med. Spesielt Murphy og Bellucci var også betre i andre omgang. Bellucci hadde fortent å bli matchvinner etter å tatt løpet opp på ein kontring og skåra på ein super heading (såg ikkje kvifor det blei annulert), men kampen sett under eit kan Leeds vere nøgd med eit poeng.
PS! Håpar Leeds-"supporterane" som laga bråk i andre omgang aldri kjem inn på ein fotballbane igjen. Det er pga av desse og likesinna at vi ikkje får kjøpt billett på bortekampar.