Ikkje namnet eg håpa på, men han virkar jo å ha sine styrker.
Det eg reagerar på, er at han i forrige veke fekk tilbod om ein ny 2-års kontrakt, til tross for å berre ha vunne ein av siste 16 kampar. Det fortel meg noko kring omstendighetane han har hatt å jobba med i Barnsley - i den grad at óg ledelsen i klubben anser det sånn.
Dette med at han "hatar" Leeds er som det vert skrive over her, berre oppspinn, spør du meg. Snarare tvert imot les eg det som ein hyllest til stemninga rundt Barnsley / Leeds-derbyet, og han omtalar Leeds som ein "stor klubb med ei stolt historie" og "ein klubb alle elskar å hate". På ingen måte noko å snakke om i negativt fortegn.
Men nok ein gong ser det altså ut til at me får ein trenar utan noko rutine. Det var nok ikkje det eg håpa på, som sagt.
Er det nokon som har peiling på kva erfaring han har med å håndtere spelarar ifrå forskjellige land og kulturar? Er f.eks Barnsley-stallen hovudsakleg engelsk? Leeds har jo pdd temmeleg høg andel av ikkje-engelske spelarar, skulle eg tru. Høyres ut for meg som at dette kan verte, av mange årsakar, ein kraftig utfordring. Ein eg sjølvsagt håpar han tek på strak arm.
Eg har gått ifrå å vere umiddelbart veldig skeptisk til å verte veldig forsiktig håpefull.
Han skal i alle fall få sjansen frå meg, og eg meinar dømminga fyst startar etter 4 seriekampar. Dei neste 4 anser eg som ei enorm oppgåve uansett kven som måtte kome inn og lede dette laget mot dei motstandarane.