Frå ein som såg kampen på ER, så er det første eg vil sei at eg faktisk er i litt positivt humør. Dette fordi eg såg den tragiske kampen mot Stoke, og at dette var
mykje betre. Det skorta på mange ting, men i høve til på laurdag, så var det fleire spelarar som tråkka til og sto på litt i dag.
quote:
Originally posted by Mats-
Siste rapporter er at tilskuerne begynner å gå litt mot laget. De krever resultat med en gang.
--------------------------
Verste jeg vet er medgangssupportere *host* Scum
Mvh Mats
Eg synst eigentleg publikum i dag var ganske positive. Sjølvsagt, det finst mange utålmodige sjeler, og folk er misfornøgde, men alt i alt så synst eg publikum sto bak laget og prøvde å heie dei fram.
quote:
Originally posted by Jon R
Jeg vedder 100 kroner på at vi får minst et rødt kort idag.
Ja, du fekk uheldigvis rett. Trur det var greit nok og, sjølv om i forbifarten er litt usikker på om Killa sitt første gule var riktig. Elles var dommaren til tider hårreisande, og 'you're not fit to referee' passa veldig godt...
quote:
Originally posted by Sleivind
Folk klager på Butler, men Killa har ikke akkurat vært bra i det siste han heller, og det hjelper ikke på inntrykket at han får rødt kort......
Killa har ingen lett jobb der bak med stasjonære Butler ved si side. Killa må ta alle løp i bakrom, då Butler ofte støtar opp og ikkje kjem sigrande ut av duellen. Dette var gjennomgangstonen i mange av tilfella. Butler, med sin størrelse og mangel på fart, har ei oppgåve - vinne duellar. Når han ikkje ein gang klarer det, så bør vegen vere veldig kort ut av laget. Synst Butler virkar utruleg svak, og dette virkar svekkande på Killa og heile forsvaret. Med fjonballen Crainey på venstrekanten, så blir ikkje det akkurat betre.
quote:
Originally posted by jokern
Leicester redder på streken....... faen!!
Eventuelt tok dommaren ein Carroll, og unngjekk å gi Leeds mål i ein situasjon alle kunne sjå Leicester spelaren sto langt inni målet når han heada ut. På det tidspunkt var jo det 1-0 og. Vi som sto bak mål såg det veldig klart at var mål, og jubla som galne. Utruleg frustrerande. Ikkje lenge etter blei jo det 2-0 og. Eg sto faktisk og tenkte litt før innlegget i forkant av 'målet' at no burde eg ta fram kamera og filme, fordi eg trur det blir mål. Følelsen viste seg jo å vere riktig, men eg rakk ikkje ta fram kamera.
quote:
Originally posted by jokern
89 min nå..4 min tillegg
Det sjuke er at i andre omgang blei det tillagt fire minutt, medan i første omgang blei det berre tillagt to minutt. Dette til trass for at ein Leicester spelar låg nede i sikkert tre minutt, i tillegg til eit spelarbytte og enkelte småsituasjonar som dreg tid!!! Ein kan til tider setje store spørsmålteikn ved kvaliteten ved dommarstanden...
quote:
Originally posted by bite yer legs
forferdelig dårlig ja. men merker at leeds blir betraktlig bedre når blake kommer inn. skandale at han ikkje spiller mer. johnson virker bra.
Dette er ikkje alltid tilfelle. I dag fungerte det når Blake kom innpå. Han har eit heilt anna driv og teknikk enn mange av spelarane, og er bra på gode dagar. I dag kom han inn når Leeds pressa litt oppover, og kom til sin rett. Mot Stoke på laurdag var han minst like dårleg som Healy som gjekk av.
Elles er eg heilt einig i det med Johnson. Synst absolutt han gjorde ein grei kamp, og bør definitivt satast på framfor Lewis. Det var første kampen hans, på ein heilt ny stadion og med heilt nye lagkameratar som han har trent ein gang eller to med. Likevel viste han fleire fine takter, og virka å vere veldig sugen på å vise seg fram. Blei litt overivrig til tider, spesielt i første omgang, og rota vekk ballen på litt tåpeleg vis. Men i andre omgang synst eg han kom fint frå det. Håpar vi får låne han lenger enn ein månad.
quote:
Originally posted by Ferre
Vi skaper ingenting, spissene våre er helt inkompente! Blake MÃ… starte neste kamp, han er den eneste med teknikk nok til å motta ballen feilvendt og faktisk holde ballen i laget. Ingenting stemmer i vårt offensive spill: løpene er dårlig og vi treffer på 1 av 10 pasninger.
Bakover er det usikkert som vanlig, Leicester får masse rom og skaper flust med sjanser.
Midtbanen kriger bra, men som sagt er det alt for upresist. Kreativitet? Hva er det? Positivt var Johnson. Virker som en spennende spillertype, men syns han valgt å gå for mye inn i banen enn å komme rundt på kanten å legge inn.
En ting skal gutta ha skryt for: innsatsen. Ellers er det lite positivt.
-WE'LL BE BACK-
Eg synst du tek feil på eit par punkt. For å byrje bakfrå synst eg Leeds virka veldig usikre. Som sagt litt tidlegare meinar eg Butler sitt svake spel fører til at Killa hamnar i problem pga han. Derfor meiner eg det er viktig å få fekk Butler. Han lukkast ikkje med det han gjer best, duellspelet. Når han ikkje vinn haueduellane, og ikkje klarer å støyte mann mot mann, så blir det enorme rom for spelarar som kjem rundt han. Desse må Killa plukke opp, som gjer at han hamnar til stadigheit i farlege duellar. Ein kan jo nemne duellen som førte til førstemålet til Stoke på laurdag, og duellen der han blei utvist i dag. Elles så er jo Crainey ein bevist fjonball, og bør ut. Alt er eigentleg betre. Han vel ofte dårlege løysingar, og virkar usikker med ballen. Slår dårlege og lite målretta pasningar oppover, og plasseringsspelet hans er eit stykke for seg sjølv. På høgrebacken synst eg Kelly ruvar. Han spelte til tide veldig bra, og er verkeleg Mr. Leeds. Har fått enormt stor respekt for den fyren, og publikum set og veldig stor pris på han. 'There's only one Gary Kelly' blei det sunge fleire gangar i dag. Har mellom anna ein flott video der han spring tilbake etter ein corner, og ryddar opp i stor stil.
På midten er det så som så. Douglas har begrensa kvalitetar, men det han har er uthald og vilje. Det kjem ein ganske langt med på dette nivået. Han hadde mange fine inngripenar, og skal ha ros for innsats. Derry skuffar veldig. Han er ikkje seg sjølv, og bør ut av laget. Skulle gjerne sett Nicholls sentralt med han, men viss Westy finn formen er han eit betre alternativ enn Derry. Som Douglas, er han og ein spelar med begrensa kvalitetar. Hans styrke er heilt klart duellspel og stå-på-vilje. Når det ikkje fungerar, slik det har vore denne sesongen, så er Derry elendig. Og heller ikkje dag fekk han vist noko. No har eg sett han mot Stoke og Leicester, og på bakgrunn av det så bør han ut. På venstrekanten var Adam Johnson eit friskt pust. Sats på han, og forleng kontrakten! Er veldig spent på å sjå meir av han når han har blitt litt betre kjent med laget. Ian Morris på høgrekanten har og innsats, men får ikkje stort til. Veldig symptomatisk med resten av laget eigentleg.
Spissane våre lider på bakgrunn av manglande støtte lenger bak. Vi skal i utgangspunktet ha bra spissar, men det kjem ikkje godt fram. Men eg er ueinig med deg Ferre at det er på topp problemet vårt ligg. Ja, det ligg der og, men eg trur det kjem av manglande midtbane. Vi manglar kreativitet; vi manglar den gode pasningsfoten. I dag fekk vi inn det som kan vere ein lovande venstrekant. No manglar vi høgrekanten. Trur ikkje Moore vil vere løysinga der. Heller ikkje Stone.
Konklusjonen er eigentleg klokkeklar: Vi treng å styrke forsvaret, og vi treng å styrke midtbana. To bak, og to på midten. Om vi får tak i ein god spiss seier ikkje eg nei takk til det, men min teori er at problema kjem lenger bak på bana. Ein ting hadde vore om det var som forrige sesong, då vi var ganske gode bakover, men ikkje putta så mange mål. I år er begge område eit problem. Vi slepp inn mange mål, og vi scorar endå mindre.
Som sagt litt lenger bak, så synst eg publikum var gode i dag. Det var ein del sang, og ikkje så mange negative ytringar. Trur det kjem av at spelarane i langt større grad prøvde i dag. Langt større vilje, og dei ville verkeleg heve seg frå laurdagen. Det er sjølvsagt ein stor del frustrasjon blant publikum, men samstundes så er det og stor vilje til å støtte opp om laget. Mange er misfornøgde med managersituasjonen, og elles ser dei det same som oss: vi lek mål, og vi manglar eit offensivt spel.
Edit: Unnskyld litt dårleg språk, men det var raska saman fort og gale...
- Rune
1. omgang: Southampton 3 Leeds 0
2. omgang: Southampton 3 Leeds 4
[
]
Job Done Preston, *******