Ein paradoksal kamp, der Wolves dominerte store delar av kampen, mens Leeds skåra måla, tvert motsett av kampforløpet til dei fleste andre kampane denne sesongen. Wolves var fysisk overlegne, og fekk litt hjelp av dommaren syns eg, som lot ganske mange taklingar, som såg ut til å vere over grensa, gå.
Men så vil eg også berømme dommar for å vere konsekvent i to VAR situasjonar som for ein gang skuld gjekk vår veg. Både straffesituasjonen med Firpo og haldninga før siste målet kunne fort gått i mot oss, og var etter mi meining begge 50/50 der det er argument i begge retningar (og i så fall skal jo ikkje VAR overstyre). Kommentatorane her var på Wolves sin side i begge situasjonar og gnålte så mykje om straffesituasjonen at eg mistenker iallefall ein av dei for å vere Wolves-supporter.
Alt i alt kan nok Wolves føle seg snytt for minst eit poeng og Leeds var nok litt heldige. Samstundes er jo det å skåre mål poenget med fotball, som vi har sagt mange gonger om Leeds, og Wolves klarte ikkje å skape veldig mange sjansar, samtidig som Leeds var gode då dei fekk sjansen.
Det er litt vanskeleg å kreditere Gracia for ein slik seier. Likevel føler eg at han har skapt ein viss ro og vaksande sjølvtillit i laget som forhåpentlegvis hjelper oss trygt i havn for resten av sesongen.
Sent from my SM-S906U using Tapatalk