På vegne av familien så vil eg takka for omtanken og varme ord.
Onkel Sigbjørn har lært meg å elska Leeds, gjennom godt og vondt. Han fortalte meg alltid om gode minner frå turar til Leeds, og underviste meg om klubbens historie. Under oppveksten var høgdepunktet alltid då han kom heim med gode forteljingar og Leeds "effekter". Det er vondt at han nå ikkje får reisa på fleire turar, og at han ikkje lenger vil fortelja om klubben.
Onkel ville ta meg og mine brør med på tur, men det blei aldri anna enn to Leeds kampar mot FKH og Brann her i Norge. I haust var planen at han skulle ta med sine to gutar (8 og 10). Derfor har eg og mine brør bestemt å ta dei med på tur til Leeds i august/septemper. Er det nokon som har tips til reisa, så er det fint om de tar kontakt med meg.
MOT
Til slutt vil eg vise eit bilde frå ein repotasje i Haugesunds Avis. Bildet var tatt før kampen mellom FKH og Leeds. Sigbjørn står heilt til venstre, mine brør i midten og eg lengst til høyre med katten som heiter Leeds.