No byrjar laget og stallen å ta form, men eg meiner vi framleis saknar to-fire spelarar for å kunne kjempe om opprykk. Lichaj (h.back), Bodor (v.back), Mendy (kant), Clingan (s.midtbane) og Johnson (s.midtbane) er spelarar som i større eller mindre grad har blitt linka. Dessutan håpar eg Nuñez kan bli årets joker.
Det ser ut til at Becchio tidlegast kjem attende til første eller andre serierunde. Han vil dermed mangle mykje grunnlag og treng tid på å finne nettmaskene att. Difor bør Grayson sjå seg om etter ein erstatter for argentinaren - gjerne Billy Sharpe, sekundært ein på utlånsmarknaden frå Premier League.
Lonergan
Connolly O'Brien Kisnorbo Bodor
Brown Johnson
Snodgrass Howson Gradel
Sharpe