Main Menu
Menu

Show posts

This section allows you to view all posts made by this member. Note that you can only see posts made in areas you currently have access to.

Show posts Menu

Messages - oveh

#1
16 års eksil-tilværelse utanfor Premier Leage er til endes. Leeds har rykt opp! Det er ikkje til tru. Må derfor gjenta det igjen: Leeds har rykt opp! Høyrte eg riktig? Ja, sannelig. Gratulerer! Her var seks "match-ballar" og hadde slett ikkje forventa at det skulle gå på denne første... No er det berre å nyte resten av sesongen.
#2
Ordet er fritt / Sv: Med Premier League i sikte
March 07, 2020, 23:53:27
Den poengmessige luka ned til Fulham er no betydelig. Det skulle sjølvsagt helst ha vore ei 30-40 poengs luke ned før ein i Leeds-samanheng ville ha sett på det som betryggande. Så nokon sann glede skal eg saktens spare til den dagen då det (eventuelt) er eit faktum at Leeds har sikra opprykket!

Uansett, det har vore fantastisk å sjå dei fem siste kampane, som alle har vore prega av (til Leeds å vere) forholdsvis tidlige mål, og den tryggheten dette har gitt laget. Sjølv då Leeds stampa seg gjennom krisen for nokre veker sidan, så var jo ikkje hovedsaka at dei spelte dårlig fotball, men snarare ein marerittaktig kombinasjon av elendig utteljing, enkeltperson-feil (Kiko), dommarfeil, samt mangelen på særs gode enkeltprestasjonar (som jo gjerne kan vere det som avgjer eit kamp i ein eller annan favør, jf. Ayling sin tidlege fulltreffar idag).

Fulham-kampen blir fort ein nøkkelkamp denne sesongen, så spenningen er stor knytta til denne. Som kjent gjekk nøkkelkampane galt i fjor. Måtte årets sesongen gjere dette godt igjen.
#3
Ordet er fritt / Sv: MoM Leeds - Reading 22/2-20
February 22, 2020, 19:00:42
3p: Pablo
2p: Harrison
1p: Klich
#4
Kampen mot Bristol C har potensiale for å vere eit særs viktig vendepunkt for Leeds. Laget spelar som eit Premier League-lag - slik dei gjorde jevnt tidlegare i sesongen, men som delvis svikta etter siste halvdel av Cardiff-kampen og i lang tid.

Det nye idag var at: 1) Dei fekk den viktige førsteskåringa - hadde dette skjedd i eit par av fadesekampane i det siste hadde me hatt mange fleire poeng, kampforløpene hadde truleg sett veldig annleis ut, og den psykologiske krisen hadde vore mindre dramatisk. 2) Dei unngjekk å sleppe inn mål på tabbar. 3) Dei unngjekk å få avgjerande dommarfeil imot. 4) Dei holdt nullen / og hadde jamnt over ikkje mykje å stri med av sjansar imot. 5) Resultatene i andre kampar gjekk riktig veg (nb: det er jo berre å leve seg inn i nederlagsskjensla hjå Fulham som går på 0-3 mot sisteplass-plasserte Barnsley!).

Kort sagt: Bristol C-kampen gav eit snev av ei psykologisk gjenreisning som ikkje kan samanliknast med korkje Birmingham-sigeren eller Millwall-sigeren, som begge var kampar prega av ikkje å ha kontroll. Det som manglar er sjølvsagt utteljinga - kor antall mål kunne stått i eit betre samsvar med antall store sjansar - men det har mykje med marginar å gjere (to tverrliggar-treff ut, kunne lett ha vore to mål inn - noko som nesten utelukkande er eit spørsmål om flaks/uflaks).

No er det å vone at Leeds-laget omsider evnar å puste med magen, å gjenta nokre gode kampforløp / sigrar dei neste rundane, å unngå at eksistensielle kriser oppstår som følge av tabbar og dommarfeil, å vone at stang-ut-fenomenet ikkje gjentar seg til det absurde, så er det håp!

Det verste som kan skje dei neste par kampane: punkt 1-5 med motsatt forteikn, med oppblomsting av psykologisk krise som resultat.
Det beste som kan skje dei neste par kampane: nye, fortjente sigrar - og kjensla av at "ikkje alt som kan gå galt, må gå galt."
Eg vågar endå ikkje tru at oppturen er i gang - då, eg som oss andre er rimeleg traumatisert av dei siste vekers skrekk og gru - men eg konstaterer at det er håp!