Yngve her, fødd i 69, bur i Mandal, kjem opprinneleg frå Volda. Eg er lærar i ungdomsskulen, er gift og har fire born. Guten på 5 år fekk akkurat den nye Leeds-drakta, og han vart i fyr og flamme over det. Han fekk sin første Leeds-kamp i Sandnes i juli.
Eg har vore Leeds-supporter sidan 1975, då to av mine eldre brødre fekk påverka meg i riktig retning. Eg fekk bortedrakta til Leeds i julegåve som 7-åring, og den tok eg vel knapt nok av meg den jula. Nokre år etterpå prøvde eg å få autografar frå spelarar ved å sende brev til Leeds, dog utan suksess. Det var også tida for å slå over på BBC på radioen for å få med seg dekning frå kampane.
Eg har følgt laget i tjukt og tynt gjennom 30 år, og det var difor rart og godt å lese her om andre "godt vaksne" som har hatt det på same måten.
Eg har sett Leeds live tre gonger, to oppgjer i London då eg var student der i 1996 (seriekamp på Loftus Road, 2-1 til Leeds, og seriekamp mot Chelsea med stygge sifre mot), og kampen mot Sandnes Ulf i sommar.
Av sterke minner elles må nevnast tippekamp mot WBA i 1979 (2-1, to mål av Arthur Graham etter 0-1 etter første omgang), tap i to gysarar av nokre fotballkampar i 1987 mot Coventry ( semifinale i cupen) og Charlton (opprykksfinale), så klart ligagullet i 1992, i tillegg til Ch.Lea. i 2000-2001.
Favorittspelarar er Lorimer, E. Gray, Arthur Graham, Mel Sterland og Eirik Bakke.
Eg har gullpakken til Viasat frå før, så no skal eg kose meg med Leeds nesten kvar helg.
Så håper eg saman med alle Leeds-vener på opprykk til våren, slik at klubben i våre hjerter kan kome tilbake der den høyrer heime.
MOT